Det blomstrar av nynorsk litteratur

Det er klart for ein ny Tid for ti-aksjon på 7. trinn i norsk skule. No med eit fleirtal av bøker utgjevne i 2019.

Skrevet oktober 22, 2019 i Bibliotek/lærer, Formidling, Nyheter, Presse

Dette er bokutvalet i Tid for ti 2020.

– Det har vore fleire nyare titlar å velje mellom i år enn tidlegare. Særleg når vi i Tid for ti også inkluderer ungdomsbøker, både skjønnlitteratur og sakprosa. Men det er tydeleg noko på gang i nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Han blomstrar for tida, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

På lista over bøker som er med i den nye antologien, som i januar 2020 blir send i eit opplag på 25 000 til skular og bibliotek rundt i landet, finn vi fleire titlar frå 2019. Burås Storø viser til stor breidde i utvalet.

– I den nye antologien er det utdrag frå romanar, teikneserie, sakprosa, dikt, illustrerte bøker og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier han.

Prosjektleiaren fortel at teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy berre finst i digitalt format, og at fleire episodar er tilgjengelege på ei nettside for elevane som ønskjer å lese meir.

– Slik inspirerer papirboka elevane til å lese digitalt. Boka kan òg ha ein slik funksjon. Dette synleggjer òg samspelet mellom det analoge og digitale. Tid for ti har dessutan lydfiler til alle utdraga, så alle format er inkluderte i aksjonen.

Til aksjonen følgjer det med ei eiga nettside, tidforti.no. Her ligg alt materiell tilgjengeleg i aksjonsperioden.

– Eitt av måla med aksjonen er å gjere det lettare for lærarane å ta i bruk ny litteratur i skulen. Nynorsksenteret samarbeider derfor med Foreningen !les om å lage fyldige lærarressursar til aksjonen, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Til no er 20 000 påmelde aksjonen. Det er framleis mogleg å melde seg på, ifølgje Burås Storø.

– Men av erfaring veit eg materiellet forsvinn fort. Så skular og bibliotek som vil melde seg på, bør ikkje nøle for lenge. Påmeldingsskjema finst på foreningenles.no, og antologiane kjem til skular og bibliotek i starten av januar 2020.

Ein av forfattarane som er med i den kommande Tid for ti-aksjonen, er Sunniva Relling Berg. Ho har skrive boka Polarnatt (illustrert av Bjørn Rune Lie), og trur Tid for ti er viktig for formidlinga av litteratur og for å auke leselysta blant unge lesarar.

– For å ha lyst til å lese vidare, treng ein å finne riktig bok. Då er det flott å ha utdrag frå gode og varierte tekstar, slik at elevane kan finne det som fenger nettopp dei, seier Relling Berg og legg til:

– Det er så mange gode venner i bøker! Det er verdifullt å sjå korleis andre ser på verda, oppdage at det kan vere ulikt slik eg ser på ting – eller det motsette, at eg ikkje er åleine om å ha desse tankane og kjenslene.

Dette er boklista til Tid for ti 2020:
Mareritt av Linn T. Sunne. Samlaget 2019.
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Aschehoug 2018.
Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl. Samlaget 2019.
Blå flaggermus av Harald Nortun. Samlaget 2019.
Kamikaze av Geir Tangen. Novelle i Exit. Gyldendal 2019.
Skogen den grøne av Ruth Lillegraven. Samlaget 2018.
Pepar & GulrotPysjamasfesten av David Revoy. Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Revoy 2019.
Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie. Samlaget 2019.
Nattmannen av Anders Totland. Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen. Gyldendal 2019.
Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle. Samlaget 2019.

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les
E-post: ole@foreningenles.no
Tlf.: 941 29 000

Om Foreningen !les
Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som blei stifta i 1997 og som i dag har 40 medlemsorganisasjonar frå heile breidda i Bok-Noreg. Foreningen er finansiert av medlemsorganisasjonane og mottek støtte frå blant anna Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Føremålet er å arbeide for å fremje lesing i alle aldersgrupper og i alle samfunnslag. Gjennom ulike tiltak når Foreningen !les årleg rundt 300 000 barn og unge og nærare 10 000 lærarar og bibliotekarar. Foreningen !les har tiltak i skulen og på alternative arenaer, og står blant anna bak litteraturprisane Ungdommens kritikarpris, Uprisen og Bokslukarprisen, antologiane tXt, Rein tekst og Tid for ti, sakprosamagasinet Faktafyk, NM i poesislam og Bokstart. Alle tiltaka er gratis og nasjonale. I 2017 fekk Foreningen !les bokbransjens heiderspris, Gullegget. I 2018 blei Foreningen !les nominert til verdas største barnelitteraturpris, Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA), for fjerde år på rad.

Les meir på www.foreningenles.no

Om Tid for ti
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn som blei etablert i 2015. Hjartet i aksjonen er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

Les meir på: www.tidforti.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa, som utviklar og formidlar arbeidsmåtar som skapar språkkompetanse og motivasjon.

Les meir på www.nynorsksenteret.no