Hunger for verkelegheit

Det er stor interesse for å jobbe med sakprosa i skulen, og ungdom er nyfikne på sjangeren. Men kor går vegen vidare når interessa først er vekt?


Av Kristine Isaksen
Redaktør Faktafyk i Foreningen !les
kristine@foreningenles.no

Debatt. Det er ei utmaning at det finst så få gode sakprosabøker for ungdom. Foreningen !les lanserer i desse dagar sakprosamagasinet Faktafyk i ungdomsskulen. Lærarane har tinga eksemplar til 135 000 elevar så magasinet kjem til å nå ut breitt. Etter å ha vurdert alle aktuelle utgjevingar, enda me opp med å nytte mest nyskrive materiale i magasinet for å få eit høgt nok nivå på innhaldet. Dette gjer at sambandet til skulebiblioteket og bokhandelen ikkje er så tett som det kunne ha vore. Synd, når etterspurnaden etter bøker faktisk er der.

Ikkje fakta, men sak
Eg har nytta mange ungdommar som konsulentar på bøker undervegs i arbeidet med Faktafyk. Faktabøkene har nesten gjennomgåande fått dårlege skotsmål: tonen i dei er så formanande og ”vaksen”, språket keisamt, illustrasjonane ofte gamaldagse og temaa sjeldan appetittvekkjande.

Tonen har vore ein annan når dei har fått bøker om aktuelle problemstillingar utforma med skjønnlitterære verkemiddel og gjerne med ein tydeleg eg-forteljar: sakprosa. I byrjinga tok det faktisk litt tid før dei forstod skilnaden mellom skjønnlitterære bøker og sakprosabøker: ”Oi! Er dette sant? Då er boka 100 gonger betre!” Sjølvsagt er ikkje alle bøker innanfor sakprosasjangeren gode, men det er påtakeleg at ungdommane vil lese bøker om nett det same som dei vaksne: Korleis det er å ha ein bror som er narkoman, om kvardagen til norske spesialstyrkar, om Kjetil Rekdal og om 22.7.

Forlaga
Korfor lagar ikkje driftige sakprosaforlag som til dømes Spartacus og Manifest ungdomsbokvariantar av særleg vellukka utgjevingar? Og korfor gjer ikkje Samlaget det, som gir ut så få sakprosabøker for ungdom at nynorsk er i ferd med å forsvinne frå heile sjangeren? Trond Andreassen i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) kritiserte tidlegare i år forlaga for manglande satsing. Bakgrunnen var at bransjestatistikken frå Den norske Forleggerforening viste at salet av norsk sakprosa for barn (både fakta- og dokumentarbøker) hadde stupt med 30 % det siste året.

Sverre Henmo, forlagssjef for barn og unge i Aschehoug, kvitterte med at desse bøkene ikkje er lønnsame. Grunna høge utgifter får dei høg utsalspris og er derfor vanskelege å selje. (Kjelde: nrk.no, 7.6.12) Henmo tenkte kanskje på faktabøker då han sa dette. Ein sjanger med høge illustrasjons- og produksjonskostnadar som heller ikkje er særleg etterspurd av målgruppa.

Frå i haust av finst det ei eiga forfattarutdanning for dei som vil skrive sakprosa for barn og unge. Foreningen !les vonar det kjem mange gode og aktuelle sakprosabøker frå dette prisverdige initiativet – og ikkje så mange faktabøker!

NB! Dette innlegget stod på trykk i Klassekampen mandag 5. november 2012.

Foto: Julia Naglestad/B13.no