Boktips på Nynorskdagen

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har valt 12. mai som vår nasjonale markeringsdag. Hovudbodskapen er «skriv nynorsk på nynorskdagen»! Vi har i høve dagen samla eit utval boktips frå nynorske bøker.

Skrevet mai 12, 2022 i Boktips, Nyheter


Les meir om nynorskdagen her


Polititjuven
Marianne Gretteberg Engedal
Illustrert av Marianne Gretteberg Engedal
Samlaget 2021

Marianne Gretteberg Engedal har kome med ein oppfølgjar til Pølsetjuven og historia om Kjell som er fødd tjuv, men som ikkje vil vere det. I same humoristiske stil, og med finurlege og innhaldsrike teikningar, handlar også Polititjuven om å motbevise fordommar. På skuletur blir Kjell av den nye jenta i klassa, politijenta Perit, skulda for å vere tjuv då ho oppdagar at pålegget i matpakka manglar. Samstundes utspeler det seg eit sjalusidrama mellom Kjell og Perit når begge helst vil vere på gruppe med Pølse-Per. Kven er tjuv og kven er ven? Her er det overraskande vendingar i både tekst og illustrasjonar. (Sigrun, Foreningen !les)


Kampen 
Geir Egil Eiksund
Samlaget 2021 

– Andreas på 11 år gler seg til å spele fotball med bestevenninna Sara og dei andre klassekameratane kvar dag i sommarferien. Han skal og få besøk av onkelen sin, øve på ein sang på piano og har et stort teikneprosjekt på gang. Denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda og når Andreas er i nærleiken av Viljar, merker han at hjartet slår litt raskare. Alt som skjer i løpet av sommaren blir ei troverdig, og kanskje gjenkjenneleg blanding av indre og ytre konfliktar for Andreas. Historia endar på ein modig, klok og optimistisk måte, og det er nok som skjer til at ulike lesarar kan ta med seg ulike erfaringar frå denne sommaren. (Siri, Foreningen !les)


Perfekt
Ingrunn Røyset
Vigmostad & Bjørke 2022

– Pia veit at ho ikkje er den mest populære på skulen. Men ingen veit korleis Pia eigentleg har det. Verken mamma, pappa eller bestevenninna Nathalie. Så når Nathalie har planar om å bli skulens dronning, må Pia ta eit val på om ho skal følgje venninna eller sin eigen veg. (Ole, Foreningen !les)


Sting
Therese Garshol Syversen
Samlaget 2022

– Korleis lever ein vidare etter å ha vore einaste overlevande etter ein familietragedie? Korleis kan ein halde ut det som ikkje er til å halde ut? Faren til Emma skyt både ho og mora hennar før han tek sitt eige liv. Emma overlever. I boka følgjer vi Emma den første tida etter hendinga. Utan å heilt vite alle detaljane, veit vi frå starten av kva som skjedde med Emma. Det gir fortellinga eit litt ubehageleg og mørkt preg. Samtidig er det lite vald i boka, det er ikkje nødvendigvis her hovudfokuset ligg. I større grad handlar Sting om å arbeide seg gjennom traume og om kor avgjerande det er å ha gode medmenneske rundt seg. Boka har mange gode skildringar og verkar svært truverdig. Sting er debutromanen til Therese Garshol Syversen. (Eira, Foreningen !les)


Eg får aldri sjå verda igjen
Ahmet Altan
Gunvald Aksnes Ims
Samlaget 2019

– Den tyrkiske forfattaren Ahmet Altan ytra seg kritisk om president Erdogan i offentlegheita. Det fekk alvorlege konsekvensar. Kort tid etterpå kom politiet og henta han og sette han i fengsel. Dei kritiske ytringane tok ifrå han all fridom. Altan fekk livstid i fengsel og skulle aldri få sjå verda igjen. I denne boka skriv han om menneskeverd, ytringsfridom, diktatur og litteratur. Dette er ei veldig sterk bok, skriven i eit poetisk språk. (Vibeke, Foreningen !les)


Dei tilsette
Olga Ravn
Omsett av Inger Bråtveit
Samlaget 2021 

– Kva er det som gjer oss til menneske? Kva skil eit menneske frå ein maskin når alle berre er eit nummer i rekka og berre har funksjon som ein arbeidar? Kan ein maskin ha minne og ønskje seg eit betre liv? Olga Ravn har skrive ein utruleg interessant sci-fi-roman som får tankane i gang. (Hilde, Foreningen !les) 

Sjå fleire boktips frå Foreningen !les her