Bokprat 2024/2025: Opplegg til Kvil i fred
På denne sida finn du oppgåver til Kvil i fred av Peter F. Strassegger.
Mobbing kan vere eit ekstra vanskeleg tema for enkelte elevar. Ver difor merksam på reaksjonar frå elevane i samband med arbeidet og spørsmåla. Ei av oppgåvene til før-arbeidet legg opp til at elevane kan notere tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og gjere ei anonymisert oppsummering. Slik får alle same moglegheit til å dele tankane sine.
FØR LESING:
Mål: Førebu elevane på temaa i boka og skape interesse.
Individuelt:
Før de startar lesinga, kan du be elevane skrive ned individuelle og anonyme svar på eit par spørsmål om mobbing, til dømes:
– Kva tenkjer du på når du høyrer ordet mobbing?
– Kva slags ulike typar mobbing kjem du på? (Fysisk/psykisk, direkte/indirekte, på nett og mobil, gjennom utfrysing, ghosting, slåsting osb.)
Skriv svara på eit ark og gi til læraren, eller lever anonymt gjennom eit digitalt verktøy som Mentimeter eller liknande.
Etterpå kan de lage eit felles tankekart og/eller ei oppsummering på tavla basert på de anonyme assosiasjonane og tankane til elevane.
Felles:
Snakk saman i heil klasse om dei tankane som elevane har delt anonymt og legg gjerne til fleire ord og setningar i tankekartet undervegs i samtala.
I tillegg til spørsmåla og svara som allereie står på tavla, kan de òg snakke om andre omgrep som grensar opp mot mobbing som til dømes trakassering eller erting.
Det går òg an å snakke om dei som mobbar: Korleis har dei det eigentleg, dei som mobbar mest? Kan det vere grunnar til at nokon plagar, ertar, stenger ute og mobbar andre? Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er greie mot andre? Kva synest de at andre elevar, lærarar, rektor og føresette kan gjere?
Sjå på bokomslag og snakk om tittelen.
– Kva legg de merke til når de ser på omslaget?
– Korleis vil de beskrive biletet på framsida?
– Får de hint om kva forteljinga kan handle om?
– Synest de at framsida uttrykkjer ei bestemt stemning eller kjensle?
Prøv å beskrive kva de tenkjer når de ser på biletet.
– Korleis forstår de tittelen?
Les baksideteksten.
– Kva er førsteinntrykket dykkar av bokas handling og tematikk?
– Kva tenkjer de om sitatet som står øvst på baksida?
På baksida står det òg at boka utforskar «dei mørke antisosiale sidene ved det å vera ungdom.»
– Kva slags mørke og antisosiale sider trur de det kan være snakk om?
– Kommer de på andre enn dei som er nemnt i baksideteksten?
Lag deretter ei liste med «dei lyse og sosiale sidene ved det å vera ungdom».
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom framside og bakside?
– Kva forventingar har de til boka?
Uansett om du ønskjer å lese romanen høgt for elevane eller ikkje, kan det vere ein god idé å hjelpe elevane inn i boka ved å lese ein del av byrjinga. Det kan vere anslaget, dei første kapitla eller liknande.
Om du vel å løyse det slik, kan det vere lurt å lese desse sidene sjølv – i forkant, slik at du er førebudd på det som står i innleiinga og på samtalane som kjem.
UNDERVEGS:
Mål: Engasjere elevane i teksten og oppmode til refleksjon.
Det kan vere ei god ide å lese boka høgt *
Når du les høgt, samlar du klassen, og det blir enklare for deg som lærar å gjennomføre lesestopp undervegs.
Viss det skjer i fellesskap, gir det deg som lærar ei moglegheit til å modellere og snakke med elevane om korleis dei opplever teksten og kva dei tenkjer om det som skjer.
Lesestopp i fellesskap er òg ei moglegheit til å la elevane diskutere hendingar, tankar og opplevingar som oppstår under lesinga og til å engasjere elevane undervegs.
Du kan til dømes stoppe opp ved vanskelege ord eller krevjande delar av boka der du kan støtte elevane; det kan vere stader der du tenkjer eller merkar at elevane er usikre på innhaldet, kan ha glede av ei oppsummering eller høve til felles refleksjonar; det kan òg vere sentrale stader som eignar seg spesielt godt til å snakke om korleis teksten dannar bilete eller førestillingar eller der teksten seier ting mellom linjene; eller det kan vere stader der de kan vere saman om å oppleve ei overraskande vending i fortellinga eller ei felles kjensle – av spenning, urettferd, svik, venskap eller glede over boka.
Du kan – ikkje minst – legge inn både individuelle tenkjepausar og litterære samtaler undervegs i lesinga.
Ein enkel måte å skape samtale på, er å be elevane notere nokre personlege tankar og assosiasjonar knytt til teksten/avsnittet som de har lese høgt. Det kan t.d. vere med utgangspunkt i setningar som desse:
– Noko dei la merke til
– Noko dei kjente att, noko som minna dei om noko eller noko dei kjente seg att i.
– Noko dei lurte på, noko som var rart, noko som overraska dei
– Noko dei likte eller ikkje likte
Deretter kan elevane gå i par eller smågrupper for å dele tankane sine.
Til sist – etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere si eiga leseoppleving, og kanskje har fått prøvd ut og reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.
Når den påfølgjande samtala tek utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane, og du lar samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane, erfarer dei at leseopplevingane deira vert høyrt og teke på alvor.
For å få tid til høgtlesing, kan det vere ein god idé å sette av tid i lesetimar, i spisetida og/eller i andre fag som for eksempel KRLE eller samfunnsfag til å lese boka høgt for klassen.
Dersom du føretrekk at elevane les romanen på eiga hand, kan det vere lurt å organisere elevane i mindre grupper, og at dei har ein felles plan for progresjon. Slik kan dei snakke saman om det dei har lese. Elevane som har rett på lydbok kan nytte seg av det, og Kvil i fred er tilgjengeleg på tibi.no.
Sjå her: https://tibi.no/boker/bok?utgave=684934&verk=9788234008405
I tillegg til desse gruppesamtalene kan de gjennomføre litterære samtaler i heil klasse som får fram ulike forståingar, synspunkt og meiningar om teksten i ei trygg setting, og der du som lærar også kan modellere lesinga for elevane.
I det følgjande føreslår vi nokre stader som kan passe for lesestopp, men du kan sjølvsagt velje å dele inn boka på andre måtar, stoppe andre stader og stille andre spørsmål viss du føretrekker det.
Lesestopp 1, s.12
– Kva slags inntrykk får de av Per?
– Kva slags inntrykk får de av kontaktlæraren hans?
– Kvifor trur de læraren spør om Per skal ta det roleg i helga?
– Kva slags inntrykk trur de læraren har av Per?
– Kva synest de om at Per taggar på veggen på skulen?
– Kvifor trur de at han gjer det?
– Kva slags inntrykk får de av Ronny?
– Og korleis vil de beskrive Oskar?
– Kva synest de om at Oskar og Per stel på butikken?
– Kvifor trur de at dei gjer det?
– Kva slags inntrykk får de av Åsmund?
Det står om Åsmund at «det han gjorde etter det, vil eg verken gløyma eller tilgje.»
– Kva trur de det kan være?
– Kva synest de om det Åsmund seier øvst på s.12: «Sjå der går dei to taparane igjen…»
– Kva synest de om måten Per reagerer på?
– Korleis ville de reagert om de hadde vore i same situasjon?
– Kvifor trur de Per har lyst til å slå?
– Kvifor trur de han reagerer så sterkt?
– Korleis trur de det kjem til å gå på butikken? Grunngi svaret.
Lesestopp 2, s. 32
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Per og Oskar?
– Kva synest de om at Oskar tek sykkelen og dreg ifrå Per?
– Kva slags inntrykk får de av Kåre?
– Kvifor trur de Per er rasande på Kåre?
– Kva tenkjer de om utsegna: «Det var då eg trong hjelp. Ikkje no!»?
– Er de einige? Kvifor / kvifor ikkje?
– Korleis vil de beskrive mobbinga til Åsmund?
– Kvifor trur de Åsmund mobba Per?
– Trur de det var fordi Per aldri tok igjen, slik Per føreslår, eller kjem de på andre grunnar?
– Kvifor trur de Per græt?
Per tenkjer ein stad (på side 22) at han skulle ønskt at far hans hadde slått tårene tilbake inn i auga.
– Kva tenkjer de om det?
– Kvifor trur de Per hatar Kåre «for snillheita hans»?
– Kva tenkjer de når de høyrer at Per har mista mor si?
– I kva grad trur de det påverkar åtferda hans?
– Kva synest de om reaksjonen då Per fortel far si at han har stole?
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Kåre og faren til Per? Finn stader i teksten som grunngir dette synet.
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Per og pappaen hans?
Les deretter desse to sitata:
s.31: «Det er ingenting du kan gjera som vil få meg til å slutta å elska deg som min son.»
s.32: «Når far skal straffa meg, slår han meg aldri. Han gjer ingenting, og det er verre enn blod.»
– Kva seier dei to sitata om forholdet mellom far og son?
– Ser de samanhengar mellom familiesituasjonen til Per og mobbinga han blir utsett for?
Lesestopp 3, s. 50
Etter å ha lese fram til side 36, kan det vere ei god ide å la elevane gi uttrykk for leseopplevinga si ved hjelp av dei faste uttrykka under.
a. Då eg las, la eg merke til …
b. Eg synest at …
c. Eg likte godt då …
d. Eg blei irritert over …
e. Det gjorde inntrykk på meg at …
f. Viss eg var …
g. Eg blei skuffa over …
h. Eg blei overraska over …
Du kan modellere bruken av uttrykka i forkant, til dømes ved at du sjølv brukar uttrykka til å beskrive delar av leseopplevinga di.
Be deretter elevane velje ut nokre av uttrykka og fortsetje setningane, gjerne skriftleg. Be dei òg prøve å gi ei forklaring ved å bruke ordet fordi.
Det kan òg vere lurt å kombinere bruken av uttrykka med den såkalla IGP-modellen: Individuell – gruppe – plenum.
Elevane kan altså først formulere den individuelle leseopplevinga si på eiga hand, ved hjelp av uttrykka; deretter kan dei dele tankane sine i grupper på 3-4 elevar, og endeleg kan de snakke om leseopplevingane i plenum.
Då er truleg elevane godt førebudde, og klassesamtalane kan bli betre og rikare, med fleire innspel frå elevane.
I tillegg kan de snakke om følgjande:
– Kvifor trur de Oskar har ringt 53 gonger?
– Trur de Per er misunneleg på familiesituasjonen til Oskar? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kvifor trur de Per og faren hans har slutta å snakke om mora?
– Kva slags inntrykk får de av mora til Per?
– Og kva slags inntrykk får de av relasjonen mellom Per og mora hans?
– Kvifor trur de han tek på seg kleda hennar?
– Kva synest de om at Oskar kjem innom midt på natta?
– Synest de unnskyldninga hans verkar truverdig? Kvifor / Kvifor ikkje?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Oskar og faren til Per?
– Kvifor trur de Per vil at faren hans skal slå Oskar?
Lesestopp 4, s. 70
«Stille lesesirkel» **
a. Gruppearbeid.
Elevane går i grupper på 3–4 elevar som har lese til side 70 og som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke – berre skrive til kvarandre.
Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.
Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.
Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.
Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.
b. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.
Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.
Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.
Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Kva synest de om at Oskar vil køyre bil midt på natta?
– Kva tenkjer de om måten Per reagerer på?
– Kva ville de gjort viss de hadde vore Per?
– Korleis vil de beskrive episoden på Essoen?
– Kvifor trur de Oskar og Per gjer slik dei gjer?
På s. 63 står det: «Kunne me ha krasja? Det tenkjer eg aldri på.»
– Kva tenkjer de om dette sitatet? Trur de dei kunne ha krasja?
– Kvifor trur de at Per ikkje tenkjer på dette?
– Kvifor trur de Oskar samanliknar Per og Ronny?
– Kva seier det om Oskar?
– Trur de Per står i fare for å klikke?
– Kva trur de hadde skjedd om dei hadde blitt stoppa på vegen heim?
– Trur de dei kjem til å bli melde til politiet?
– Kva trur de kjem til å skje vidare i neste del av boka?
Lesestopp 5, s. 80
– Tenkjer de at Oskar har god påverknad på Per? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kvifor trur de faren til Per lo då han høyrde kontaktlæraren seie det?
– Kva synest de om at Kåre og Stein plutseleg dukkar opp?
– Kvifor trur de dei kjem?
– Kvifor trur de Per vil slå Kåre?
– Kva slags inntrykk får de av Stein?
– Kva tenkjer Oskar og Per om Stein?
– Kvifor trur de Oskar græt?
– Kvifor trur de Oskar unngår blikket til Per?
– Korleis trur de Oskar og Per hadde reagert viss politiet hadde kome med handjern og blålys?
Lesestopp 6, s. 96
– Kvifor trur de Kåre og Stein begynner med å snakke med Oskar?
– Kvifor trur de dei ventar med å snakke med Per?
Faren til Per fortel ting til Stein som dei har avtalt å ikkje dele med andre.
– Kvifor trur de faren gjer det?
– Kva trur de Per synest om det?
– Kvifor trur de Per grin?
– Korleis merker de at Oskar endrar seg etter samtalen med Stein?
Oskar seier han er klar for å endre kurs, men Per er skeptisk.
– Kvifor trur de det er slik?
Oskar seier at dei vaksne heller burde snakke om Per enn om moren hans.
– Er de einige i det? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva trur de Per meiner med at «det er som om orda mine snakkar om noko anna enn det eg vil at dei skal seia»?
Faren til Per endrar seg etter samtalen med Kåre og Stein.
– Korleis vil de beskrive endringa?
– Kva trur de Per synest om endringane?
– Kva liker han, og kva liker han ikkje? Korleis kjem det til uttrykk?
– Kvifor trur de Per er sint på faren sin?
– Kva ønsker Per av faren sin?
– Synest de faren har svikta Per?
– Burde han forstått at Per blei mobba?
– Forstår de kvifor det har vore vanskeleg for faren til Per?
– Er de einige med Per i at han burde skjerpa seg?
– Kva hadde de gjort om de hadde vore i same situasjon som Per?
Lesestopp 7, s. 114
Etter å ha lese fram til side 114, kan det vere ei god ide å la elevane gi uttrykk for leseopplevinga si ved hjelp av dei faste uttrykka som ble nemnt under «lesestopp 3» (sjå over).
Du kan modellere bruken av uttrykka i forkant, til dømes ved at du sjølv brukar uttrykka til å beskrive delar av leseopplevinga di.
Deretter kan du be elevane om å velje ut nokre av uttrykka og fortsette setningane, gjerne skriftleg. Be dei òg prøve å gje ei forklaring ved å bruke ordet fordi.
Det kan òg vere lurt å kombinere bruken av uttrykka med den såkalla IGP-modellen: Individuell – gruppe – plenum.
Elevane kan altså først formulere den individuelle leseopplevinga si på eiga hand, ved hjelp av uttrykka; deretter kan dei dele tankane sine i grupper på 3-4 elevar, og endeleg kan de snakke om leseopplevingane i plenum.
I tillegg kan de snakke om følgjande:
– Korleis forstår de Per sin draum?
– Kvifor trur de Per er redd?
Per beskriv faren sin som «ein brukt kasselapp».
– Kvifor trur de han brukar dette uttrykket?
– Kvifor trur de han slår faren sin?
– Kor trur de denne aggresjonen kjem frå?
– Kva synest de om måten Ronny oppfører seg på?
– Kva synest de om rådet han gir til Per?
– Kva slags inntrykk får de av Åsmund?
– Korleis klarar han å provosere Per?
– Korleis veit Åsmund at moren til Per tok livet av seg?
ETTER LESING:
1. Snakk kort om boka – klassesamtale
Gi elevane moglegheit til å ta opp ting dei lurte på mens dei las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i boka.
2. Personleg mening – individuelt arbeid
Be elevane ta stilling til boka – be dei gjerne om å notere svar på følgjande:
– Likte du boka?
– Kva er dei tre viktigaste grunnane til at du likte/ikkje likte boka?
3. Del leseopplevinga – gruppesamtale
Elevane arbeider i grupper på 4-5 elevar. Be dei dele tankane frå punkt 2 over og deretter snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
4. Klassesamtale
Etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere sin eigen leseoppleving, og deretter har fått prøvd ut og kanskje reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.
For å få til litterære samtaler som utviklar leseglede og engasjement for litteratur hos elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Start derfor gjerne med spørsmål som: «Kva handla kapittelet om?» eller «kva skjedde her?» og la samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane – då opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål vere med når de diskuterer boka:
– Kva trur de Per meiner når han seier: «Snart er det heile over»?
– Korleis vil de beskrive reaksjonen til faren hans?
– Kvifor trur de Per ber faren sin om å hente Stein?
«Eg skulle ha bede om orsaking no. Men eg angrar ikkje og har ingen eg kan tilstå til.»
– Korleis forstår de desse tankane?
– Kva trur de Per meiner med at han ikkje har nokon å tilstå til?
«Eg stod opp for meg,» tenkjer Per.
– Er de einige? Kvifor /kvifor ikkje?
– Ser de andre måtar Per kunne stått opp for seg på?
– Kva synest de om måten Stein reagerer på?
– Kva synest de om slutten?
5. Vurderande klassesamtale – spør elevane
– Korleis var det å lese boka? Var ho lett å lese eller vanskeleg å lese?
– Korleis svarte boka til dei forventingane dei hadde før dei begynte lesinga?
– Kva likte dei med Kvil i fred?
– Og kva likte dei ikkje?
6. Eit viktig tema i boka er mobbing. Snakk saman og jobb videre med spørsmåla under:
Mobbing og erting er ikkje det same.
– Kva er skilnaden? Diskuter saman to og to, og lag ei oversikt.
Oversikta kan vere digital, eller elevane kan teikne og skrive på eit ark.
Lag ei felles oversikt i klassen til slutt.
– Korleis vil de beskrive mobbinga i boka?
– Tenkjer de at det er andre enn Per som blir mobba?
– Kvifor trur de at ingen vaksne grip inn før det er for seint?
– Kvifor trur de at Per slår Åsmund?
– Har boka eit svar på korleis ein kan bli kvitt mobbinga?
– Tenkjer de at det er ei god løysing? Kvifor /kvifor ikkje?
– Hadde det vore mogleg å løyse situasjonen på ein annan måte? Korleis?
I ei melding av boka på nrk.no skriv Anne Cathrine Straume:
«[J]eg tror boken hadde vært enda bedre om den ikke fullt så tydelig fremstilte Per som et offer og mobberen som en tvers igjennom ufyselig fyr.»
– Kva tenkjer de om dette? Er de einige eller ueinige?
– Kva synest de om slutten?
– Trur de det vil hjelpe på Per aggressive åtferd å fortelje til Stein mens faren hans held han?
– Kva slags grunnar kan det vere til at nokon plagar, erter og mobbar andre?
– Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er greie med andre? Kva synest du medelevar/lærarar/rektorar/foreldre bør gjere?»
– Kva rettar har dei elevane som ikkje har det bra på skulen?
Søk på internett og/eller snakk med læraren/rektor/den sosialpedagogiske rådgjevaren på skulen.
Opplæringslova skriv at alle elevar har rett til å ha det bra på skulen:
«§ 9 A-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.
– Kva tyder nulltoleranse?
– Kva meiner de skal til for at skolemiljøet skal vere trygt og godt?
– Kva er viktige faktorar for at de skal trivast?
– Kva rolle spelar læraren?
– Kva kan politikarane gjere?
Det er også slik at det er korleis elevane opplever sin eigen skulekvardag, som er avgjerande. Kvifor er det slik, trur du? Kilde her
Ekstra ressursar om mobbing:
https://www.klikk.no/foreldre/ungdom/skeive-ungdommer-og-mobbing-2526859
https://www.ung.no/Homofil/1757_Homofobi_og_diskriminering_av_skeive.html
https://skeivungdom.no/prosjekter/restart/dine-rettigheter-som-elev/
https://fagbladet.no/meninger/vi-er-jo-alle-litt-skeive-i-skoyta-6.115.800762.34922e7aea
https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2535-8162-2021-01-04
https://www.foreningenfri.no/tag/mobbing/
7. Fleire oppgaver og forslag til aktivitetar:
a. Lag spørsmål til boka – gruppeoppgåve
La elevane sitte i grupper på 3-4, og be dei lage ei felles liste med spørsmål til boka.
For at det skal vere ei så fri og open oppgåve som mogleg, forsøk å ikkje avgrense med kor mange spørsmål. Oppmod heller elevane til å komme med så mange spørsmål som mogleg innanfor ei viss tidsramme (15, 20, 30 minuttar etc.). Be dei om å stille spørsmål om ting dei faktisk lurer på. Alternativt kan dei lage faktaspørsmål frå innhaldet i boka som dei trur dei andre i klassen kan klare å svare på.
Når dei har jobba ut tida, kan gruppa dele spørsmåla sine med resten av klassen. Eventuelt kan du samle inn alle spørsmåla og lage ei liste, redigere ho og dele ho ut til elevane. Ei ekstra oppgåve du då kan gi dei som ein del av etterarbeidet, er å svare på spørsmåla med heile setningar.
Bruk spørsmåla og erfaringane med å både lage spørsmål, svare på desse og å reflektere over kva spørsmål som eignar seg, som førebuing til møtet med forfattaren av Kvil i fred: Peter F. Strassegger.
b. Lag ein informasjonsfilm
Lag ein informasjonsfilm om anti-mobbing og mot diskriminering som viser korleis ein kan vere ein god alliert i kampen mot mobbing og trakassering av skeive.
Jobb i grupper og bruk det de har lært frå denne boka. Del oppgåva mellom dykkar slik at nokre grupper lagar film for småtrinnet og andre for mellomtrinnet. Pass på at de tilpassar innhaldet for målgruppa.
c. Lag ein boktrailer
La elevane lage ein boktrailer der dei presenterer Kvil i fred ved hjelp av bilete, lyd/musikk og tekst. Videoen kan vare opp til tre minuttar, men dei beste boktrailerane er ofte korte og poengterte og varar under eit minutt. Denne rettleiinga forklarar på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om opphavsrett m.m. Rettleiinga er laga i samarbeid med Ubok og Leser søker bok.
Det kan òg vere ei god ide å sjå på ei av desse bok-trailerane som inspirasjon før de startar:
https://www.youtube.com/watch?v=WhOCrTXCFnA
https://www.youtube.com/watch?v=O-F8M6a5TOI
https://www.youtube.com/watch?v=KNjdowl90qc
https://www.youtube.com/watch?v=HwJRpHFMp34
https://www.youtube.com/watch?v=3WcB5KIWxEk
d. Lag ei speleliste til Per
Gå saman i par eller grupper på 3-4. Lag ei speleliste med låtar som kan få Per i betre humør.
e. Lag ei teikning.
Lag ei teikning til noko du har lese i romanen – noko som har gjort inntrykk på deg eller noko du tenkjer kan eigne seg til å bli teikna.
f. Skriv ei bokmelding til denboka.no
Skriv ei bokmelding av Kvil i fred og publiser meldinga på denboka.no.
https://denboka.no/boker/kvil-i-fred
LÆREPLANMÅL
Alle læreplanmåla er ikkje dekka av oppgåvene og aktivitetane som er laga til boka, men dere kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål tillegg.
Norsk:
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
- reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
- utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
KRLE:
- bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
- utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
Samfunnsfag:
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
- reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
Kunst og handverk:
- utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid
Matematikk:
- Kompetansemål: logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling
Kroppsøving:
- forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Musikk
- utforske og reflektere over hvordan musikk, sang og dans som estetiske uttrykk er påvirket av og uttrykk for historiske og samfunnsmessige forhold, og skape musikalske uttrykk som tar opp utfordringer i samtiden
- utforske og drøfte musikkens og dansens betydning i samfunnet og etiske problemstillinger knyttet til musikalske ytringer og musikkulturer
* Mange elevar – òg dei som går på ungdomsskulen – rapporterer at dei set pris på høgtlesing. I ei nyare masteroppgåve, t.d., ga alle elevar som deltok i fokusgruppeintervjua uttrykk for at dei ønska at ein brukar tid på høgtlesing i ungdomsskulen. https://www.utdanningsnytt.no/lesing-litteratur-norsk/oppfordrer-laerere-til-mer-hoytlesing-i-ungdomsskolen/338635
** Ideen til denne framgangsmåten er henta frå:
Daniels, Harvey A. og Elaine Daniels (2013). The Best-Kept Teaching Secret, Corwin