Bokprat 2024/2025: Opplegg til Eg er V-vida
På denne sida finn du oppgåver til Eg er V-vida av Tone E. Solheim.
Mobbing kan vere eit ekstra vanskeleg tema for enkelte elevar. Ver difor merksam på reaksjonar frå elevane i samband med arbeidet og spørsmåla. Ei av oppgåvene til før-arbeidet legg opp til at elevane kan notere tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og gjere ei anonymisert oppsummering. Slik får alle same moglegheit til å dele tankane sine.
FØR LESING:
Mål: Førebu elevane på temaa i boka og skape interesse.
Individuelt:
Før de startar lesinga, kan du be elevane skrive ned individuelle og anonyme svar på eit par spørsmål om mobbing, til dømes:
– Kva tenkjer du på når du høyrer ordet mobbing?
– Kva slags ulike typar mobbing kjem du på? (Fysisk/psykisk, direkte/indirekte, på nett og mobil, gjennom utfrysing, ghosting, slåsting osb.)
Skriv svara på eit ark og gi til læraren, eller lever anonymt gjennom eit digitalt verktøy som t.d. Mentimeter eller liknande.
Etterpå kan de lage eit felles tankekart og/eller ei oppsummering på tavla basert på de anonyme assosiasjonane og tankane til elevane.
Felles:
Snakk saman i heil klasse om dei tankane som elevane har delt anonymt og legg gjerne til fleire ord og setningar i tankekartet undervegs i samtala.
I tillegg til spørsmåla og svara som allereie står på tavla, kan de òg snakke om andre omgrep som grensar opp mot mobbing som til dømes trakassering eller erting.
Det går òg an å snakke om dei som mobbar: Korleis har dei det eigentleg, dei som mobbar mest? Kan det vere grunnar til at nokon plagar, ertar, stenger ute og mobbar andre? Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er greie mot andre? Kva synest de at andre elevar, lærarar, rektor og føresette kan gjere?
Sjå deretter på bokomslag og snakk om tittelen.
– Kva legg de merke til når de ser på omslaget?
– Får de hint om kva forteljinga kan handle om?
– Synest de at framsida uttrykkjer ei bestemt stemning eller kjensle?
Prøv å beskrive kva de tenker når de ser på biletet.
– Korleis forstår de tittelen?
Les baksideteksten.
– Kva er førsteinntrykket dykkar av bokas handling og tematikk?
– Veit de kva stamming er?
– Kva trur de kan vere vanskeleg når ein stammar?
– Kva trur de Vida tenker om å byrje i niande klasse?
– Kva kan ein gjere for å få nye vener? Har de nokon tips til Vida?
– Kva forventingar har de til boka?
Uansett om du ønskjer å lese romanen høgt for elevane eller ikkje, kan det vere ein god idé å hjelpe elevane inn i boka ved å lese ein del av byrjinga. Det kan vere anslaget, dei første kapitla eller liknande.
Om du vel å løyse det slik, kan det vere lurt å lese desse sidene sjølv – i forkant, slik at du er førebudd på det som står i innleiinga og på samtalane som kjem.
UNDERVEGS:
Mål: Engasjere elevane i teksten og oppmode til refleksjon.
Det kan vere ei god ide å lese boka høgt *
Når du les høgt, samlar du klassen, og det blir enklare for deg som lærar å gjennomføre lesestopp undervegs.
Viss det skjer i fellesskap, gir det deg som lærar ei moglegheit til å modellere og snakke med elevane om korleis dei opplever teksten og kva dei tenkjer om det som skjer.
Lesestopp i fellesskap er òg ei moglegheit til å la elevane diskutere hendingar, tankar og opplevingar som oppstår under lesinga og til å engasjere elevane undervegs.
Du kan til dømes stoppe opp ved vanskelege ord eller krevjande delar av boka der du kan støtte elevane; det kan vere stader der du tenkjer eller merkar at elevane er usikre på innhaldet, kan ha glede av ei oppsummering eller høve til felles refleksjonar; det kan òg vere sentrale stader som eignar seg spesielt godt til å snakke om korleis teksten dannar bilete eller førestillingar eller der teksten seier ting mellom linjene; eller det kan vere stader der de kan vere saman om å oppleve ei overraskande vending i fortellinga eller ei felles kjensle – av spenning, urettferd, svik, venskap eller glede over boka.
Du kan – ikkje minst – legge inn både individuelle tenkjepausar og litterære samtaler undervegs i lesinga.
Ein enkel måte å skape samtale på, er å be elevane notere nokre personlege tankar og assosiasjonar knytt til teksten/avsnittet som de har lese høgt. Det kan t.d. vere med utgangspunkt i setningar som desse:
– Noko dei la merke til
– Noko dei kjente att, noko som minna dei om noko eller noko dei kjente seg att i.
– Noko dei lurte på, noko som var rart, noko som overraska dei
– Noko dei likte eller ikkje likte
Deretter kan elevane gå i par eller smågrupper for å dele tankane sine.
Til sist – etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere si eiga leseoppleving, og kanskje har fått prøvd ut og reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.
Når den påfølgjande samtala tek utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane, og du lar samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane, erfarer dei at leseopplevingane deira vert høyrt og teke på alvor.
For å få tid til høgtlesing, kan det vere ein god idé å sette av tid i lesetimar, i spisetida og/eller i andre fag som for eksempel KRLE eller samfunnsfag til å lese boka høgt for klassen.
Dersom du føretrekk at elevane les romanen på eiga hand, kan det vere lurt å organisere elevane i mindre grupper, og at dei har ein felles plan for progresjon. Slik kan dei snakke saman om det dei har lese. Elevane som har rett på lydbok kan nytte seg av det, og Eg er V-vida er tilgjengeleg på tibi.no.
Sjå her: https://tibi.no/boker/bok?utgave=686151&verk=9788234012075
I tillegg til desse gruppesamtalene kan de gjennomføre litterære samtaler i heil klasse som får fram ulike forståingar, synspunkt og meiningar om teksten i ei trygg setting, og der du som lærar også kan modellere lesinga for elevane.
I det følgjande føreslår vi nokre stader som kan passe for lesestopp, men du kan sjølvsagt velje å dele inn boka på andre måtar, stoppe andre stader og stille andre spørsmål viss du føretrekker det.
Lesestopp 1, s.25
– Kva slags inntrykk får de av Vida?
I dagboka skriv Vida at ho er «middels det aller meste».
– Kva tenker de om å vere «middels»? Ser de flest fordelar eller ulemper?
Vida skriv at ho er glad i manga og anime.
– Veit de kva manga og anime er?
Les ev. meir om manga i Lille norske leksikon her: https://lille.snl.no/manga
Store norske leksikon har òg ei samleside om manga og anime her: https://snl.no/.tema/Manga
– Kva slags døme på manga og anime kjenner de?
– Er det nokon som kjenner til Fruits Basket? Til Yuki Sohma?
– Kvifor trur de at deler av teksten i dagbokinnlegget har blitt streka over?
Etter å ha snakket om det første dagbokinnlegget i boka, kan elevane ev. få skrive eit innlegg i ei dagbok der de presenterer seg sjølv, kva de likar, kva de ikkje likar osv.
– Er det elevar i gruppa som skriv dagbok? Kvifor/kvifor ikkje?
Deretter kan samtalen fortsette t.d. med følgjande spørsmål:
– Kva slags inntrykk får de av Grøndalen?
– Kva slags inntrykk får de av gutten som Vida møter – Viktor?
– Veit de kva CP er?
– Kvifor trur de Vida ser på høgrearmen til Viktor?
– Kva synest de om at Vida samanliknar med Tyrannosaurus rex?
– Kva synest de om måten guten reagerer på?
– Kva trur de Vida synest om Viktor?
– Og han om ho?
– Kva tenker de om forholdet mellom Vida og Siri?
– Korleis vil de beskrive venskapet?
– Synest de at Vida og Siri er mest like eller mest ulike? Grunngi svaret.
– Kva tenker Vida om at Siri har flytta?
– Kva kan vere vanskeleg når ein skal begynne på skulen etter sommarferien?
– Har de tips til kva ein kan gjere for å få nye vener i samband med skulestarten?
– Kva tenker de ein kan gjere for å inkludere alle etter ein lang ferie?
– Korleis trur de Vida opplever skulestarten, utan Siri?
– Kvifor trur de Vida går på do og sender melding til Siri?
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Vida og mammaa hennar?
-– I kva grad synest de at ho støtter Vida i oppstarten på skulen?
– Tenker de at mammaa til Vida kunne gjort meir? Kva då?
– Kva slags inntrykk får de av læraren i klassa, Eirik?
– Kva tenker de om setninga: «Så lenge Eirik er her, kan ikkje dei andre hakke på meg» (s.17)?
– Korleis trur de Viktor opplever starten på ny skule?
– Kvifor trur de at Viktor seier at han er «Halvt menneske, halvt dinosaur»?
På s. 19 tenker Vida: «Vi kjem ikkje eingong til å overleve veka.»
– Kvifor trur de ho tenker dette?
– Kva seier det om klassemiljøet? Seier det noko om Vida?
– Korleis trur de at det kjem til å gå?
Lesestopp 2, s. 38
– Kva slag inntrykk får de av klassen til Vida?
– Synest de det er nokon som peiker seg ut – på godt eller vondt? Fortel korleis de tenker.
– Kva synes de om måten Viktor svarer på når Ole Kristian spør kva som feiler han?
– Kva synest de om måten Vida reagerer på?
– Synest de ho burde sagt noko til Ole Kristian? Kvifor/ kvifor ikkje?
På bussen heim frå skulen, tenker Vida over korleis Viktor klarte seg og konstaterer: «No ler dei av vitsane han fortel, av alt det morosame han seier. Og det kjennest så himla urettferdig»
– Forstår de at Vida tenker slik? Kvifor /kvifor ikkje?
– Kva synest de om måten Aurora oppfører seg på i gymgarderoben?
– Og kva med oppførselen til Aleksandra, Jana og Miriam?
– Synest de det er snakk om mobbing? Kvifor /kvifor ikkje?
– Kva synest de om reaksjonen til Vida?
På s.33 tenker Vida: «Eg burde ikkje vere overraska. Har fått same kallenamnet slengt etter meg tusen gonger før. Men denne gongen klang det så mykje sterkare, klistra det seg fast i meg som eit vått dusjforheng.»
– Kvifor trur de at det treffer hardare denne gongen?
– Korleis vil de beskrive situasjonen der klassen har vikar og Vida skal lese høgt?
– Forstår de kvifor Vida reagerer slik ho gjer? Kvifor /kvifor ikkje?
– Korleis reagerer vikaren?
– Kva synest de om måten Viktor reagerer på?
Lesestopp 3, s. 59
– Korleis opplever de scena der Vida møter dei andre på kjøpesenteret?
– Kva synest de om måten Miriam reagerer på når hun ser Vida?
– Kvifor trur de Viktor kommer bort til Vida?
– Kva synest de om Vidas reaksjon?
– Kvifor trur de ho er så hard mot seg sjølv?
– Kvifor trur de Vida sit under trappa i friminutta?
– Kva trur de Viktor synest om Vida? Grunngi svaret.
Når klassen skal byrje på haustens litteraturhistorieprosjekt, blir elevane delt inn i grupper, etter kor de står på klasselista.
– Kva slags fordeler og ulemper er det ved denne måten å dele inn i grupper på?
– Kva synest de om måten Aurora oppfører seg på? Kvifor trur de ho gjer slik?
– Korleis vil de beskrive rolla til Jana? Kvifor trur de ho gjer slik ho gjer?
– Kva synest de om måten Vida reagerer på?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Vida og Viktor?
– Kvifor trur de Vida rister på hovudet når Viktor foreslår å hente vikaren?
– Synest de det er ein betre idé å byte gruppe enn å seie ifrå til læraren? Grunngi svaret.
– Kjem de på andre idear til korleis situasjonen kan løysast?
På s. 57 seier mammaa til Vida: «Eg trudde vi var ferdige med dette tullet».
– Kva trur de ho meiner med det?
– Kvifor trur de Vida reagerer slik ho gjer?
– Er de einige i at det ikkje vil hjelpe på mobbinga om Vida skjerper seg?
– Kva slags løysingar ser Vida føre seg?
– Har de forslag til kva hun kan gjere for å få slutt på mobbinga?
– Kva hadde de gjort om de hadde vore i same situasjon som Vida?
Lesestopp 4, s. 86
Etter å ha lese fram til side 94, kan det vere ei god ide å la elevane gi uttrykk for leseopplevinga si ved hjelp av dei faste uttrykka under.
– Då eg las, la eg merke til …
– Eg synest at …
– Eg likte godt då …
– Eg blei irritert over …
– Det gjorde inntrykk på meg at …
– Viss eg var …
– Eg blei skuffa over …
– Eg blei overraska over …
Du kan modellere bruken av uttrykka i forkant, til dømes ved at du sjølv brukar uttrykka til å beskrive delar av leseopplevinga di.
Be deretter elevane velje ut nokre av uttrykka og fortsetje setningane, gjerne skriftleg. Be dei òg prøve å gi ei forklaring ved å bruke ordet fordi.
Det kan òg vere lurt å kombinere bruken av uttrykka med den såkalla IGP-modellen: Individuell – gruppe – plenum.
Elevane kan altså først formulere den individuelle leseopplevinga si på eiga hand, ved hjelp av uttrykka; deretter kan dei dele tankane sine i grupper på 3-4 elevar, og endeleg kan de snakke om leseopplevingane i plenum.
Då er truleg elevane godt førebudde, og klassesamtalane kan bli betre og rikare, med fleire innspel frå elevane.
I tillegg kan de snakke om følgjande:
– Kvifor trur de at Vida ikkje vil snakke med læraren, Eirik?
– Kvifor vil ikkje Vida at Eirik skal be dei andre inkludere henne?
– Synest de at Aurora og Jana mobbar Vida når dei går saman til sofaen utan å snakke med ho? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva synest de om Vida går til den gruppa til Viktor?
– Tenker de at ho skulle stått opp mot Aurora og Jana, eller synest de det er bra at ho tar et val?
– Korleis synest de at gruppa til Viktor tar imot Vida?
– Tenker de at Viktor tar ein sjanse ved å vere snill mot Vida?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Vida og Viktor?
– Ser de endringar i relasjonen mellom dei to? Grunngi svaret.
– Kva trur de kjem til å skje vidare?
Lesestopp 5, s. 110
«Stille lesesirkel» **
1. Gruppearbeid.
Elevane går i grupper på 3–4 elevar som har lese til side 110 og som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke – berre skrive til kvarandre.
Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.
Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.
Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.
Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.
2. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.
Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.
Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.
Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Kvifor blir Vida så lei seg når ho ikkje finn skoa sine i garderoben?
– Forstår de kvifor ho mistenker Aurora og Jana for å stå bak? Grunngi svaret.
– Kva synest de om måten Aurora svarer på når Vida spør om dei har sett skoa?
– Kva synest de om svaret til Miriam?
– Kva tenker Vida når ho finn skoa på lærarrommet?
– Kva seier det om Vida at ho trur
Da Siri får høyre kva som har skjedd, seier ho: «Det er jo litt typisk deg, eigentleg, det der. Du har ein tendens til å ta ting litt for personleg».
– Er de einige? Grunngi svaret.
– Korleis vil de beskrive venskapen mellom Vida og Siri?
– Synest de at venskapen har utvikla seg sidan starten av boka?
– Kva tenker de om at Vida tilsynelatande sluttar å stamme når ho syng?
– Kva trur de kjem til å skje vidare?
Lesestopp 6, s. 158
– Kva synest de om reaksjonen i norskgruppa når Vida føreslår at dei skal synge presentasjonen?
– Kva trur de hadde skjedd om ikkje Ole Kristian hadde vært glad rime og spele gitar?
– Korleis hadde de sjølv reagert om de hadde vore med i gruppa?
– Kva synes de om at Vida ikkje er invitert i bursdagen til Aurora?
– Synest de at ein bør invitere heile klassen i bursdag, eller er det greitt å berre invitere venene sine? Grunngi svaret.
– Trur de Miriam veit at Vida ikkje er invitert i bursdagen?
– Korleis vil de beskrive reaksjonen til Vida?
– Korleis hadde de reagert viss de hadde fått vore i same situasjon som Vida?
– Trur de ho hadde blitt med i bursdagen dersom hun hadde blitt invitert? Kvifor / kvifor ikkje?
– Korleis vil de oppsummere besøket i Bergen?
– Kva trur de Vida meiner når ho tenker: «Her i Bergen kan eg vere nett kven eg vil»?
– Er de einige? Kvifor /kvifor ikkje?
– Synest de Vida er annleis under besøket i Bergen enn når ho er i Grøndalen? Grunngi svaret.
Vida er inne på tanken om å flytte til Bergen og gå tiande trinn med Siri.
– Synest de at det er ein god ide? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva synest Siri om denne ideen?
– Korleis vil de beskrive gruppearbeidet i norsk?
– Kvifor trur de Vida blir så glad når framføringa er over?
– Kva trur de Aurora og Jana tenker?
– Kva synest de om at Jana nappar teikninga til Vida ut av hendene hennar?
– Kvifor trur de at Jana gjer dette?
Vida er opptatt av at Viktor ikkje er i klasserommet når dette skjer.
– Forstår de kvifor ho er opptatt av dette? Vil ikkje Viktor få vite om dette uansett?
– Kva synest de om diktet frå Aurora?
– Synest de Vida burde sagt ifrå og vist fram diktet til Eirik? Kvifor /kvifor ikkje?
– Trur de Aurora har rett i at Viktor heng med Vida fordi han må – for å vere snill og inkluderande?
– Kva trur de Vida tenker om dette? Grunngi svaret.
Lesestopp 7, s. 187
Etter å ha lese fram til side 187, kan det vere ei god ide å la elevane gi uttrykk for leseopplevinga si ved hjelp av dei faste uttrykka som ble nemnt under «lesestopp 4» (sjå over).
Du kan modellere bruken av uttrykka i forkant, til dømes ved at du sjølv brukar uttrykka til å beskrive delar av leseopplevinga di.
Deretter kan du be elevane om å velje ut nokre av uttrykka og fortsette setningane, gjerne skriftleg. Be dei òg prøve å gje ei forklaring ved å bruke ordet fordi.
Det kan òg vere lurt å kombinere bruken av uttrykka med den såkalla IGP-modellen: Individuell – gruppe – plenum.
Elevane kan altså først formulere den individuelle leseopplevinga si på eiga hand, ved hjelp av uttrykka; deretter kan dei dele tankane sine i grupper på 3-4 elevar, og endeleg kan de snakke om leseopplevingane i plenum.
I tillegg kan de snakke om følgjande:
– Kva synest de om at Siri har invitert Viktor i bursdagen til Vida?
– Korleis vil de oppsummera bursdagen?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Siri og Viktor?
– Korleis reagerer Viktor når Siri spør om CP-en hans?
Siri meiner at Viktor likar Vida.
– Er de einige? Kvifor / kvifor ikkje?
På s. 180 seier Siri «Så lov meg at du held fram med å henge med han, ok? Ikkje la Miriam få noko forsprang».
– Kva trur de Siri vil at Vida skal gjere?
– Kva synest de om planen til Vida?
– Kva trur de hadde skjedd om Vida hadde gjort dette før?
– Korleis vil de beskrive reaksjonen til Vida når ho ser at Viktor og Miriam går arm i arm?
– Trur de Vida kjem til å bli med på halloweenfesten til Viktor? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva hadde de gjort om de hadde vore Vida?
Lesestopp 8, s. 214
– Kva synest de om at Vida spør Viktor om å sjå film sjølv om han er med Miriam!
– Kva synest de om svaret til Viktor?
– Kva synest de om reaksjonen til Siri?
Aurora spør Vida om ho kjem på halloween-festen til Viktor.
– Kva synest de om kommentaren hennar?
– Kvifor trur de Miriam reagerer slik ho gjer?
– Kvifor trur de Vida klipper seg?
På s. 198 kjem Siri med ei beskjed som svir:
«Dessutan er det ikkje det minste rart at folk trakkar på deg, Vida. Du ligg jo allereie langflat!» »
– Er de einige med Siri i det ho seier? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva seier det om Vida at ho faktisk dreg på festen til Viktor?
– Kva synest de om rådene «usynlege Siri» kjem med undervegs?
– Forstår de kvifor Miriam snakker strengt til Vida?
– Er de einige? Kva hadde du gjort om du hadde vore i ei liknande situasjon?
– Kva synest de om måten Vida reagerer på?
– Korleis vil de beskrive praten mellom Viktor og Vida?
Når Viktor foreslår at dei kan vere vener, svarer Vida: «Det funkar ikkje sånn»
– Kva trur de ho meiner med det?
– Kva tenker de om dette? Trur de at Vida og Viktor kan vere vener?
Undervegs i samtalen fortel Viktor òg om korleis han har fått stygge kommentarer og seier at han prøver å ikkje tenke på det. Han legg til: «Det er først når du sjølv trur at du er ein tapar, at du faktisk blir det».
– Kva trur Viktor meiner med det?
– Er de einige? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kvifor trur de Vida går tidlig heim frå festen?
– Kvifor trur de Vida har kasta sider frå dagboka hennar i søppelet?
– Korleis vil de beskrive tonen i det nye dagbok-innlegget (s.212-214)?
De kan ev. samanlikne med eit eller fleire av dei andre innlegga som t.d. s.44 eller s. 94
– Kva trur de kjem til å skje på dei siste sidene av boka?
ETTER LESING:
1. Snakk kort om boka – klassesamtale
Gi elevane moglegheit til å ta opp ting dei lurte på mens dei las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i boka.
2. Personleg mening – individuelt arbeid
Be elevane ta stilling til boka – be dei gjerne om å notere svar på følgjande:
– Likte du boka?
– Kva er dei tre viktigaste grunnane til at du likte/ikkje likte boka?
3. Del leseopplevinga – gruppesamtale
Elevane arbeider i grupper på 4-5 elevar. Be dei dele tankane frå punkt 2 over og deretter snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
4. Klassesamtale
Etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere sin eigen leseoppleving, og deretter har fått prøvd ut og kanskje reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.
For å få til litterære samtaler som utviklar leseglede og engasjement for litteratur hos elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Start derfor gjerne med spørsmål som: «Kva handla kapittelet om?» eller «kva skjedde her?» og la samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane – då opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål vere med når de diskuterer boka:
– Korleis vil de beskrive Vida sitt forhold til stamminga slik det kjem til uttrykk på slutten av boka?
– Synest de at Vida har endra seg i løpet av boka?
– Kva med Viktor? Og Miriam?
– Kva slags inntrykk får de av relasjonen mellom Vida og Miriam?
– Kvifor trur de at Vida seier til Miriam at «Yuki er … min» s. 218
– Korleis vil de beskrive miljøet på slutten av boka?
– Kva synest de om slutten?
– Trur de Vida kjem til å dra til Bergen?
– Kva trur de kjem til å skje med Markus og Vida?
– Korleis trur de det kjem til å gå med Vida og dei andre i Grøndalen etter at boka er slutt?
5. Vurderande klassesamtale – spør elevane
– Korleis var det å lese boka? Var ho lett å lese eller vanskeleg å lese?
– Korleis svarte boka til dei forventingane dei hadde før dei begynte lesinga?
– Kva likte dei med Eg er V-vida?
– Og kva likte dei ikkje?
6. Eit viktig tema i boka er mobbing. Snakk saman og jobb videre med spørsmåla under:
Mobbing og erting er ikkje det same.
– Kva er skilnaden? Diskuter saman to og to, og lag ei oversikt.
Oversikta kan vere digital, eller elevane kan teikne og skrive på eit ark.
Lag ei felles oversikt i klassen til slutt.
– Korleis vil de beskrive mobbinga i boka?
– Tenkjer de at det er andre enn Vida som blir mobba?
– Kvifor trur de at Aurora mobbar Vida?
– Kva synest de om rollene til Jana og Miriam?
– Kvifor trur de at ingen vaksne grip inn?
– Har boka ei forklaring på kvifor Vida blir mobba?
Og eit svar på korleis ein kan bli kvitt mobbinga?
– Tenkjer de at det er ei løysing som kan passe i andre situasjonar? Kvifor /kvifor ikkje?
– Hadde det vore mogleg å løyse situasjonen på ein annan måte? Korleis?
– Kva synest de om slutten?
– Kva slags grunnar kan det vere til at nokon plagar, erter og mobbar andre?
– Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er greie med andre? Kva synest du medelevar/lærarar/rektorar/foreldre bør gjere?»
– Kva rettar har dei elevane som ikkje har det bra på skulen?
Søk på internett og/eller snakk med læraren/rektor/den sosialpedagogiske rådgjevaren på skulen.
Opplæringslova skriv at alle elevar har rett til å ha det bra på skulen:
«§ 9 A-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.
– Kva tyder nulltoleranse?
– Kva meiner de skal til for at skolemiljøet skal vere trygt og godt?
– Kva er viktige faktorar for at de skal trivast?
– Kva rolle spelar læraren?
– Kva kan politikarane gjere?
Det er også slik at det er korleis elevane opplever sin eigen skulekvardag, som er avgjerande. Kvifor er det slik, trur du? Kilde her
Ekstra ressursar om mobbing:
https://www.klikk.no/foreldre/ungdom/skeive-ungdommer-og-mobbing-2526859
https://www.ung.no/Homofil/1757_Homofobi_og_diskriminering_av_skeive.html
https://skeivungdom.no/prosjekter/restart/dine-rettigheter-som-elev/
https://fagbladet.no/meninger/vi-er-jo-alle-litt-skeive-i-skoyta-6.115.800762.34922e7aea
https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2535-8162-2021-01-04
https://www.foreningenfri.no/tag/mobbing/
7. Fleire oppgåver og forslag til aktivitetar:
a) Lag spørsmål til boka – gruppeoppgåve
La elevane sitte i grupper på 3-4, og be dei lage ei felles liste med spørsmål til boka.
For at det skal vere ei så fri og open oppgåve som mogleg, forsøk å ikkje avgrense med kor mange spørsmål. Oppmod heller elevane til å komme med så mange spørsmål som mogleg innanfor ei viss tidsramme (15, 20, 30 minuttar etc.). Be dei om å stille spørsmål om ting dei faktisk lurer på. Alternativt kan dei lage faktaspørsmål frå innhaldet i boka som dei trur dei andre i klassen kan klare å svare på.
Når dei har jobba ut tida, kan gruppa dele spørsmåla sine med resten av klassen. Eventuelt kan du samle inn alle spørsmåla og lage ei liste, redigere ho og dele ho ut til elevane. Ei ekstra oppgåve du då kan gi dei som ein del av etterarbeidet, er å svare på spørsmåla med heile setningar.
Bruk spørsmåla og erfaringane med å både lage spørsmål, svare på desse og å reflektere over kva spørsmål som eignar seg, som førebuing til møtet med forfattaren av Eg er V-vida: Tone E. Solheim.
b) Lag ein informasjonsfilm
Lag ein informasjonsfilm om anti-mobbing og mot diskriminering som viser korleis ein kan vere ein god alliert i kampen mot mobbing og trakassering av skeive.
Jobb i grupper og bruk det de har lært frå denne boka. Del oppgåva mellom dykkar slik at nokre grupper lagar film for småtrinnet og andre for mellomtrinnet. Pass på at de tilpassar innhaldet for målgruppa.
c) Lag ein boktrailer
La elevane lage ein boktrailer der dei presenterer Eg er V-vida ved hjelp av bilete, lyd/musikk og tekst. Videoen kan vare opp til tre minuttar, men dei beste boktrailerane er ofte korte og poengterte og varar under eit minutt. Denne rettleiinga forklarar på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailerog tek samstundes opp viktige spørsmål om opphavsrett m.m. Rettleiinga er laga i samarbeid med Ubok og Leser søker bok.
Det kan òg vere ei god ide å sjå på ei av desse bok-trailerane som inspirasjon før de startar:
https://www.youtube.com/watch?v=WhOCrTXCFnA
https://www.youtube.com/watch?v=O-F8M6a5TOI
https://www.youtube.com/watch?v=KNjdowl90qc
https://www.youtube.com/watch?v=HwJRpHFMp34
https://www.youtube.com/watch?v=3WcB5KIWxEk
d) Lag ei speleliste til Vida
Gå saman i par eller grupper på 3-4. Lag ei speleliste med låtar som kan få Vida i betre humør.
e) Lag ei teikning.
Lag ei teikning til noko du har lese i romanen – noko som har gjort inntrykk på deg eller noko du tenkjer kan eigne seg til å bli teikna.
f) Skriv ei bokmelding til denboka.no
Skriv ei bokmelding av Eg er V-vida og publiser meldinga på denboka.no.
https://www.denboka.no/boker/eg-er-v-vida
LÆREPLANMÅL
Alle læreplanmåla er ikkje dekka av oppgåvene og aktivitetane som er laga til boka, men dere kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål tillegg.
Norsk:
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
- reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
- utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
KRLE:
- bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
- utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
Samfunnsfag:
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
- reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
Kunst og handverk:
- utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid
Matematikk:
- Kompetansemål: logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling
Kroppsøving:
- forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Musikk
- utforske og reflektere over hvordan musikk, sang og dans som estetiske uttrykk er påvirket av og uttrykk for historiske og samfunnsmessige forhold, og skape musikalske uttrykk som tar opp utfordringer i samtiden
- utforske og drøfte musikkens og dansens betydning i samfunnet og etiske problemstillinger knyttet til musikalske ytringer og musikkulturer
* Mange elevar – òg dei som går på ungdomsskulen – rapporterer at dei set pris på høgtlesing. I ei nyare masteroppgåve, t.d., ga alle elevar som deltok i fokusgruppeintervjua uttrykk for at dei ønska at ein brukar tid på høgtlesing i ungdomsskulen. https://www.utdanningsnytt.no/lesing-litteratur-norsk/oppfordrer-laerere-til-mer-hoytlesing-i-ungdomsskolen/338635
** Ideen til denne framgangsmåten er henta frå:
Daniels, Harvey A. og Elaine Daniels (2013). The Best-Kept Teaching Secret, Corwin