Nesten Saman
[finnboka query="Nesten Saman" btnClass="primary-button"]
Kanskje du akkurat no er åleine.
Kanskje du trur at ingen bryr seg.
Kanskje du trur at ingen ser deg.
Kanskje du trur at du ikkje er bra nok.
Kanskje du trur at ingen veit kven du er.
Kanskje du ikkje kan førestelle deg
at det finst nokon som tenkjer på deg
og berre på deg
kvar dag, kvar time,
kvart minutt og sekund.
Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen?
Går det an å vere nesten saman?
Denne diktsamlinga skildrar på humoristisk, sårt, energisk og treffande vis, korleis det er å vere ung, sur og nesten saman.
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2013