Dans stille før stormen
[finnboka query="Dans stille før stormen" btnClass="primary-button"]
Julie har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London, men denne ettermiddagen rett før ho skal reise tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen broten av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spel for å redde den unge fiskaren ho elskar.
Ein medrivande og intens roman om hav, dans og to unge elskande som ikkje deler framtidstankar, men likevel drøymer om eit liv med kvarandre.
Forlag: Samlaget