Blogg: Å snakke med lesarane

I arbeidet med å byggje ein sterk lesekultur må vi bli flinkare til å lære av engasjerte lesarar.

Skrevet mars 6, 2023 i Meninger

Lesere: Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les (t.v.) i samtale med Essey Simon Fesshaye, Ramin Al-Amirtaha, Magnus Soma Bjørnbekk og Aimar Ajax Chirico fra Sandnes vidaregåande skule.

Den 6.-8. februar 2023 blei Nordisk barnebokkonferanse (NBBK) arrangert på Sølvberget i Stavanger. Tema for konferansen var «Krise». Målet var å sjå nærare på korleis barnelitteraturen skildrar krise, men òg det at sjølve lesinga er i krise. For at ikkje krisa skulle stå heilt aleine, gav arrangørane òg merksemd til «Håp» i enkelte programpostar.

Foreningen !les arrangerte ein samtale der fire gutar fortalde om deira erfaringar som lesarar. Kvifor les dei? Korleis blei dei lesarar? Kva likar dei å lese, og kva meiner dei vi kan gjere for å inspirere fleire gutar til å lese? I panelet satt Aimar Ajax Chirico, Magnus Soma Bjørnbekk, Ramin Al-Amirtaha og Essey Simon Fesshaye frå Sandnes vidaregåande skule.

Kinosal 6 på Sølvberget var fullstappa av ulike aktørar frå litteraturfeltet, og samtalen har i etterkant fått mykje positiv respons i ulike kanalar. Det var tydeleg eit behov for noko meir oppløftande, eit håp, etter fleire innslag med krise på plakaten. Men eg trur òg samtalen blei så godt motteken fordi mange som jobbar som formidlarar og er tett på målgruppa, som til dømes leseorganisasjonar, lærarar og bibliotekarar, og mange forfattarar og illustratørar som besøker barn og unge i klasserom og bibliotek rundt omkring i Noreg, har nådd eit mettingspunkt med negativ omtale av både litteraturen, lesing og lesaren. Vi høyrer med jamne mellomrom påstandar om at barn og ungdom ikkje les bøker og ikkje er interesserte i litteratur. Særleg gjeld dette gutane. I stor grad er desse påstandane baserte på statistikk av eit avgrensa utval av respondentar og anekdotar, og dei dannar ofte utgangspunktet for diskusjonane og samtalane om litteraturlesing blant barn og ungdom. Det engasjementet som oppstår når dei unge lesarane oppdagar litteraturen, dei litterære møta og vellukka prosjekta høyrer vi mindre om.

Vi som ikkje berre held oss til lesing og lesaren i prosent, men jobbar med målgruppa i praksis, vi ser lesesituasjonar og leseengasjement som ikkje er synleg i tal og tabellar. At gutar sjølv kom og fortalde om deira inngang til, og effektar av, lesing og litteratur, verka nok frigjerande på mange av tilhøyrarane under NBBK. Kanskje var det slik at samtalen med Aimar, Magnus, Ramin og Essey bekrefta det fleire opplever på sin skule, sitt bibliotek og i sin heim: At det finst gutar som likar å lese, som er engasjerte lesarar, og som har eit behov for å bli sette og anerkjende som lesarar, sjølv om dei i statistikken ikkje er like mange eller like gode som jentene. Som Essey sa: «Mange gutar les nok meir enn det vi høyrer om.»

Den danske forskaren Kristiane Hauer, som i sin doktorgrad skriv om jenter som er engasjerte lesarar, meiner det er viktig at vi gjev merksemd til dei som allereie les, slik at dei held fram som lesarar gjennom ungdomstida og inn i vaksenlivet. Fram til forskarar undersøker noko liknande blant gutar, kan vi alle bli flinkare til å løfte fram lesande gutar. Kva inspirerer dei til å lese, og korleis kan dei som lesarar auke forståinga vår for dei som ikkje les på fritida, og kva rolle skulen kan spele, slik Hauer gjer med jentelesarane? Gutane frå Sandnes vidaregåande skule kom frå to forskjellige klassar. Vi kunne snakka med andre gutar frå dei same klassane eller frå andre klassar på skulen, og vi kunne snakka med gutar frå andre skular i Sandnes, Stavanger og resten av landet. Gutar som les, kan vere gode førebilete for andre gutar. Kva om vi alle i dei lokale miljøa våre lagar arrangement i skule- eller folkebibliotek der gutar fortel om deira lesekarriere og deira identitet som lesarar? Kva om vi legg til rette for litterære samtalar mellom gutar eller mellom gutar og forfattarar? La dei gutane som vil, få ein arena der dei kan snakke om seg sjølv som lesarar, med forfattarar dei likar, om bøkene og om tema dei er opptekne av. Bygg ein kultur for lesing der gutane sjølve er med på å utvikle han.

«Eg ønskjer meir snakk om framtidas lesarar, meir løysing, meir kreativitet og fleire avisoverskrifter med fokus på kven som les, kva dei les og kva dei ønskjer seg», skreiv til dømes forfattar Nina Borge i eit innlegg på sin Instagramprofil etter NBBK. Borge trekte fram samtalen med gutane og oppfordra oss alle til «å kjempe for boka og lesarane våre.» Borges kommentar samsvarar med kva den svenske læraren, forfattaren og tidlegare leseambassadøren Anne-Marie Körling seier til lararen.se:

«Vaksne må slutte å bekrefte bilete av ungdommar som heilt uinteresserte i lesing. Vi har ei førestilling om at barn ikkje synest det er morosamt å lese, og dei svarar på vår førestilling. Vi kan ikkje vere med på den kulturen, vi må gjere motstand.» (Mi omsetting)

Det er på tide at vi som jobbar på feltet, i større grad set premissane for samtalane om litteraturlesing blant barn og unge ved å skape ei positiv innstilling til litteraturen, lesing og lesarane. I altfor lang tid har vi gått på tomgang med ein retorikk om jenter som lesarar og gutar som ikkje-lesarar. Det tener verken diskusjonane eller får fram løysningar. Vi må lære av dei engasjerte lesarane, og då må vi òg synleggjere og snakke meir med dei. Men vi treng og ein politikk som legg til rette for at litteraturen skal vere tilgjengeleg i ulike format på ulike stadar, eit formidlingsarbeid som gjev lesarane lyst til å lese akkurat den boka, og som inkluderer lesarane på ulike måtar, og vi treng lesande førebilete som fortel om sine leseopplevingar og inspirerer unge til å lese. La oss gjere motstand og satse på at ein ny leselyststrategi blir eit opprør mot dei negative førestillingane!

Av Ole. I.B. Storø
Foreningen !les
ole@foreningenles.no

NB! Dette innlegget blei først publisert på Nynorsksenteret sin blogg den 16. februar 2023.