Dei usynlege bøkene
Nokre av dei mest spennande bøkene som blir skrive her til lands, er ungdomsbøker. Men kvifor skal nokon lese bøkene når ingen skriv om dei?
I Noreg har vi opplevd ei ny bølgje med ungdomsbøker dei siste åra. Forfattarar konverterer til ungdomsboka. Bøkene blir fleire og meir ulike. Dei viser eit større spenn, og tek inn over seg nye tider og meir komplekse samfunn. Ungdomsbøker har kort sagt fått det mangfaldet som vaksenbøker lev godt med.
Uprisen-årets ungdomsbok, i regi av Foreningen !les, viser at ungdom les ungdomsbøker. Over 400 lesande ungdommar har vore med på vegen fram til vinnaren av Uprisen kårast torsdag 30. mai på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.
Vinnaren av Uprisen kan verkeleg kalle seg for ungdommens favoritt. Men ungdomsbøker er langt i frå dei vaksnes favoritt. Berre eit fåtal av aviser og tidsskrift i Noreg omtalar ungdomsbøker. Storparten av dei litterære tidsskrifta og dei store bokbilaga i avisene er blotta for stoff om ungdomsbøker. I dei viktige litterære romma i Noreg i dag er det ingen som ønskjer å lese og skrive om ungdomsbøker. Dei få heiderlige unntaka som finst, verker å ta lett på det.
Eg trur det vil endre seg. Ungdomslitteraturen ventar ikkje. Nokre av fjorårets mest spennande bøker var ungdomsbøker. Eg skulle likt å sjå kritikarar som makta å lese ungdomsbøkene som kjem ut, som skreiv om dei med ein kvass penn, og som også torde å samanlikne ungdomsbøker og vaksenbøker. Kva om ein kritikar hadde samanlikna sjukdommen i John Greens ”Faen ta skjebnen” og Kjersti Annesdatter Skomsvolds ”Monstermenneske”? Eller om ein kritikar hadde skrive om raseriet i Mikael Niems ”Bomb dem” opp i mot raseriet i Lars Ove Seljestads ”Isberg”? Eller kanskje om å leve i eit samfunn prega av frykt, slik både Marianne Kaurins ”Nærmere høst” og Adam Johnsons ”Barnehjembestyrerens sønn” handlar om? Det hadde vore veldig interessant, og mest av alt: Det hadde vore nybrotsarbeid. Kven veit, kanskje det ville ført til at ungdom som les ungdomsbøker såg at deira litteratur og deira smak vart verdsett av den litterære offentlegheita?
Ungdomsbokas status har auka i forlaga – dei satsar meir på det no. Forfattarar ønskjer å skrive for denne målgruppa, og dei skriv bra. Målgruppa les bøkene. Uprisen er eit markant eksempel på dette. Kvifor finst det da ikkje ein skikkeleg resepsjon av ungdomslitteraturen? Kritikarar og journalistar som er opptatt av å vere i forkant og peike på trendar og samanhengar, ligg etter i forhold til ungdomsboka.
Er du kanskje ueinig? Vel, før du som arg kritikar og lesar hissar deg opp, svar berre på dette spørsmålet: Kor mange av dei siste års ungdomsbøker har du lest? ”Huckleberry Finn” begynner å bli ei svært gammal bok, sjølv om Harold Bloom liker ho.
Her er ei utfordring til redaktørar og litteraturkritikarar: Les ei ungdomsbok frå dei siste åra, og gi boka spalteplass.
Kva galt kan skje?
Kanskje ungdom les det som blir skrive.
Av Lars Petter Sveen
Prosjektleiar i Foreningen !les
NB! Dette innlegget stod på trykk i Aftenposten tirsdag 28. mai 2013.
Les Ole I.B. Storøs kommentar og gutter og lesing her.