Delfinale Lillehammer
Det var Guro Sibeko som til slutt stakk av med sigeren under den jevne delfinalen på Lillehammer.
Sibeko hadde særs gode konkurrentar, noko den svimlande høge poengsummen 106,1 tyder på. Delfinalen var spennande til siste ord, slammarane sjarmerte publikum og publikumsjuryane kunne ikkje anna enn å kvittere med høge poengsummar. Berre Tarald Stein hadde vore med på slam før, likevel var nivået svært høgt og erfarne publikumsslammarar meinte at delfinalen slo finalen i fjor ned i sokkane!
Jon Øystein Flink framførte blant anna diktet «Roger», som kjem til å gå inn i soga til poesislam her til lands, og systrene Botheim tøygde konseptet med ein på scenen, ein blant publikum. Røsbak steva OG dansa i takt. Men Guro Sibeko vann til slutt og er dermed klar for NM-finalen i poesislam på Litteraturhuset i Oslo fredag 26. november.
Bok i P2 laga ein fin oppvarmingsreportasje til slammen med Flink og systrene Botheim som du kan høyre her (Bok i P2 28.5.10)
Oppvarmingsslammar Hannah Kvam (frå Queendom) sørgja for at både publikum og nye slammarar fikk ein forsmak på kva det vil seie å eige scena og få med publikum.
Konferansier: Liv Gulbrandsen.
Resultat:
1. plass Guro Sibeko 106,1 poeng
2. plass Systrene Botheim 101,5 poeng
3. plass Jon Øystein Flink 98 poeng
4. plass Ove Røsbak 88,4 poeng
5. plass Tarald Stein 76,6 poeng
Meir om dei eminente deltakarane:
Jon Øystein Flink (f. 1976) er ein driven romanforfattar, hylla av kritikarane og no sist av ungdommen som vinnar av Ungdommens Kritikarpris for Sex, død og ekteskap. Flink debuterer som poet til hausten og nyttar høvet til å teste ut småversa på Lillehammer-publikummet.
Guro Sibeko (f. 1975) debuterte med romanen Vingespenn i fjor og er allereie ute med sin andre roman: Ctrl+Alt+Delete. Begge har fått masse merksemd og mykje godord.
Ove Røsbak (f. 1959) har gitt ut uhorveleg mange bøker innanfor dei fleste sjangrar, og særleg diktsamlingar. Det blir vanskeleg for han å velje ut tekstar til slammen!
Tarald Stein (f. 1977) gav ut diktsamlinga Framandkar for to år sidan og er no ute med nye dikt i samlinga Frikar. Samlingane tematiserer kjønn og identitet og har trigga interessa til lesarane og kritikarane.
Systrene Botheim debuterte med Pensjonatet Ramstein i fjor, ein sjangerbastard som blåste hatten av Litteratur-Noreg. Guro Sørumgård Botheim (f. 1978) og Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) gjorde det kjekt å gå på boklanseringar igjen, og systrene blir dei første som står på scena i lag i ein delfinale i poesi-slam nokon sinne.