Taro nordisk meister

For første gong er ein nordmann kåra til nordisk meister i poesislam er kåra.

Skrevet mai 18, 2011 i Poesislam Legg inn kommentar

15. mai gjekk finalen i Nordisk Meisterskap av stabelen i Göteborg. Her kjempa vinnarane i dei forskjellige nordiske landa mot kvarandre, og Taro V. Cooper som er regjerande norsk meister i poesislam, var sjølvsagt Noregs representant. Og sanneleg vann han ikkje eit meisterskap til. Sjå vinnarslammen:

http://www.youtube.com/watch?v=-IM0C7t_zKc

I fjor blei svenske Oskar Hanska nordisk meister og deltok i VM i Paris. Her enda han opp på ein strålande 4. plass som beste europear. Det blir spennande å sjå korleis det går med Taro vidare!

Det er vanleg at heimlandet til vinnaren skal arrangere den neste nordiske meisterskapen. Følg med! Følg med!