Skrivekurs på biblioteket
Bømlo folkebibliotek arrangerte skrivekurs, kor målsetnaden var å få fleire unge til å leika seg med ord og setningar. Kursleiar var diktar Erlend O. Nødtvedt.
Kurset var i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og skal få fleire unge til å bli inspirerte til å delta i Ungdommens kulturmønstring (UKM) med sjølvskrivne tekstar. Nødtvedt var godt nøgd med at alle seks kursdeltakarane kom raskt i gong med skrivinga.
– Å nytta til dømes musikk for å henta fram det undermedvitne og koma i gong med skrivinga er ein vanleg teknikk. Det triggar assosiasjonar. Så kan me etterpå finna fram det som er verdt å ta vare på, gjerne noko overraskande. Dette blir forhåpentleg surrealistiske dikt til slutt, sa Nødtvedt til Bømlo-nytt.
Og kurset slo an blant kursdeltakarane.
– Det var interessant. Me fekk høve til å gå inn i oss sjølve på ein måte, seier Marie Rusten Moldøen etter skrivekurset på biblioteket måndag.
Nødtvedt og Noregsmeister poesislam, Taro Vestøl Cooper, underviser også i gratis poesislamkurs for ungdom i alderen 13 til 19 år på Fjell folkeboksamling (Sartor Storsenter) tysdag 6. november kl. 16.00-19.00.
Gjennom prosjektet «Poesislam i Ungdommens kulturmønstring» er målet at unge skal verta inspirert til kreativitet gjennom litteraturformidling, lesing og møte med forfattarar på skrivekurs.
Foreningen !les er offisiell arrangør av poesislam, som kan defineras som ein konkurranse i krysningspunktet mellom poesiopplesing, hip-hop-battle, teatersport og konsert. Deltakarane vert vurderte, både på bakgrunn av eigenskriven tekst og måten dei framfører han på. Deltakarane kan melda seg på ein av dei lokale mønstringane i januar/februar 2013.