Informasjon om lærerveiledningene til tXt 2025
I tillegg til norskfaget finn du fleire oppgåver som kan knytast til kompetansemål i mellom anna samfunnsfag og kunst og handverk. Mange av oppgåvene passar òg godt inn i lengre eller kortare prosjekt innan dei tverrfaglege temaene folkehelse og livsmeistring, og demokrati og medborgarskap.
Den didaktiske ramma for opplegga er prosessorientert lesing – ein god og fleksibel metode for å vekkje lyst og engasjement for litteratur. Vi har delt opp alle oppgåvene i fasane før-, under- og etter-lesing. Målet er å opne tekstane for elevane, og at dei får bidra aktivt med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar.
I tillegg til individuell lesing, kan lesinga òg skje gjennom høgtlesing – anten ved at elevane les for kvarandre, eller at læraren les for heile klassen. Forskarar ved Lesesenteret i Stavanger tilrår å bruke tid på høgtlesing på ungdomstrinnet. Ei felles leseoppleving gjennom høgtlesing kan engasjere og gi grobotn for refleksjon og diskusjon, og dermed bidra til at elevane finn lyst og motivasjon til å lese sjølve.
I nokre av oppgåvene har vi valt å foreslå korleis arbeidet kan organiserast, medan vi i andre tilfelle har valt å la det stå meir ope.
Vi er alltid på utkikk etter tekstar, bilete og videosnuttar laga av ungdom som vi kan publisere på denboka.no. Dersom dine elevar lagar interessante og spennande prosjekt basert på tekstane i tXt Avtrykk, vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein e-post på eira@foreningenles.no
Har du elevar som slit med å lese mykje tekst? På denboka.no kan elevane finne lydfiler, utdraga digitalt og mykje meir.
Lukke til – og ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom de lurer på noko!
Vennleg helsing
Eira Kluge