Bokprat 2023: Opplegg til Sceneskifte

På denne sida finn du oppgåver til Sceneskifte av Kari Mathilde Hestad.

Skrevet september 12, 2023 i Barneskole, Bibliotek/lærer, ungdom

Mobbing kan vere eit ekstra vanskeleg tema for enkelte elevar. Ver difor merksam på reaksjonar frå elevane i samband med arbeidet og spørsmåla. Ei av oppgåvene til før-arbeidet legg opp til at elevane kan notere tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og gjere ei anonymisert oppsummering. Slik får alle same moglegheit til å dele tankane sine.

FØR LESING:

Individuelt:
Før de startar lesinga, kan du be elevane skrive ned individuelle og anonyme svar på eit par spørsmål om mobbing, til dømes:
– Kva tenkjer du på når du høyrer ordet mobbing?
– Kva slags ulike typar mobbing kjem du på? (Fysisk/psykisk, direkte/indirekte, på nett og mobil, gjennom utfrysing, ghosting, blikking osb.)
Skriv svara på eit ark og gi til læraren, eller lever anonymt gjennom eit digitalt verktøy som Mentimeter eller liknande.
Etterpå kan de lage eit felles tankekart og/eller ei oppsummering på tavla basert på de anonyme assosiasjonane og tankane til elevane.

Felles:
Snakk saman i heil klasse om dei tankane som elevane har delt anonymt og legg gjerne til fleire ord og setningar i tankekartet undervegs i samtala.

Etterpå kan de snakke om i kva grad elevane ser samanhengar mellom kjærleikssorg og mobbing:
Kva kjensler kan oppstå når eit forhold vert slutt: Hos personen som avsluttar forholdet? Og hos personen som blir «dumpa»?
I kva grad kan desse kjenslene føre til mobbing?

Sjå på bokomslag og snakk om tittelen.

– Kva legg de merke til når de ser på omslaget?
– Uttrykkjer forsida ei bestemt stemning eller kjensle? Prøv å beskrive kva de tenkjer når de ser på biletet.
– Korleis forstår de tittelen?

– Les baksideteksten. Kva er førsteinntrykket dykkar av bokas handling og tematikk?
– Korleis forstår de setninga: «Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter?»
– Kva forventingar har de til boka?

Uansett om du ønskjer å lese romanen høgt for elevane eller ikkje, kan det vere ein god idé å hjelpe elevane inn i boka ved å lese ein del av byrjinga. Det kan vere anslaget, dei første kapitla eller liknande.
Om du vel å løyse det slik, kan det vere lurt å lese desse sidene sjølv, i forkant. Då er du òg førebudd på nokre av dei tabuorda som finst i Sceneskifte – først og fremst i situasjonar der dei andre personane i boka stenger ute eller mobbar hovudkarakteren i boka.

UNDERVEGS:

Det kan vere ei god ide å lese boka høgt *
Når du les høgt samlar du klassen, og det blir enklare for deg som lærar å gjennomføre lesestopp undervegs. Du kan til dømes stoppe opp ved vanskelege ord eller krevjande delar av boka der du kan støtte elevane, og du kan – ikkje minst – legge inn både individuelle tenkjepausar og litterære samtaler undervegs i lesinga.
Ein enkel måte å skape samtale på, er å be elevane notere nokre personlege tankar og assosiasjonar knytt til teksten/avsnittet som de har lese høgt. Det kan t.d. vere med utgangspunkt i setningar som desse:
– Noko dei la merke til
– Noko dei kjente att, noko som minna dei om noko eller noko dei kjente seg att i.
– Noko dei lurte på, noko som var rart, noko som overraska dei
– Noko dei likte eller ikkje likte
Deretter kan elevane gå i par eller smågrupper for å dele tankane sine.
Til sist – etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere si eiga leseoppleving, og kanskje har fått prøvd ut og reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.
Når den påfølgjande samtala tek utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane, og du lar samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane, erfarer dei at leseopplevingane deira vert høyrt og teke på alvor.
For å få tid til høgtlesing, kan det vere ein god idé å sette av tid i lesetimar, i spisetida og/eller i andre fag som for eksempel KRLE eller samfunnsfag til å lese boka høgt for klassen.

Dersom du føretrekk at elevane les romanen på eiga hand, kan det vere lurt å organisere elevane i mindre grupper, og at dei har ein felles plan for progresjon. Slik kan dei snakke saman om det dei har lese. Elevane som har rett på lydbok kan nytte seg av det, og Sceneskifte er tilgjengeleg på nlb.no.
I tillegg til desse gruppesamtalene kan de gjennomføre litterære samtaler i heil klasse som får fram ulike forståingar, synspunkt og meiningar om teksten i ei trygg setting, og der du som lærar også kan modellere lesinga for elevane.

 

ETTER LESING:

1. Snakk kort om boka – klassesamtale

Gi elevane moglegheit til å ta opp ting dei lurte på mens dei las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i boka.

2. Personleg mening – individuelt arbeid

Be elevane ta stilling til utdraget:
– Likte du boka?
– Kva er dei tre viktigaste grunnane til at du likte/ikkje likte boka?

3. Del leseopplevinga – gruppesamtale

Elevane arbeider i grupper på 4-5 elevar. Be dei dele tankane frå punkt 2 over og deretter snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

4. Klassesamtale

Etter at elevane først har jobba individuelt med å formulere sin eigen leseoppleving, og deretter har fått prøvd ut og kanskje reformulert desse tankane i ei lita og trygg setting – kan elevane til slutt snakke i heil klasse om kva dei har lese.

For å få til litterære samtaler som utviklar leseglede og engasjement for litteratur hos elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Start derfor gjerne med spørsmål som: «Kva handla kapittelet om?» eller «kva skjedde her?» og la samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygg vidare på svara til elevane – då opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål vere med når de diskuterer boka:

– Kva inntrykk får de av Alex?
Finn døme i boka der Alex blir offer for mobbing og diskriminering.
– Kva type mobbing er det snakk om?
– Korleis trur de det er å vere Alex?
– Korleis ville de reagert viss de hadde vore i ein liknande situasjon?

– Korleis vil de beskrive Ronja? Korleis er hennar reise gjennom boka?
– Kva synest de om Ronja?
– Forstår de kvifor ho oppfører seg slik ho gjer?
– Kan den store løgna Ronja fortel Alex, dei andre jentene og seg sjølv rettferdiggjerast? – Forstår de kvifor ho fekk panikk då Anniken så snappen frå Alex?

– Forstår de kvifor Alex er lojal mot Ronja?
– Ville de handla på same måte viss de hadde vore Alex?
– Korleis vert kjærleikssorg omtala i boka? Finn gjerne fleire døme og fleire skildringar.

– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Alex og Mika?
– Og korleis vil de beskrive forholdet mellom Ronja og Mika?

– Korleis forstår de uttrykket «skeiv kjærleik»?
– Korleis vil de beskrive kjønnsidentiteten til Alex, Mika og Ronja?
– Finn døme på stader i boka der ord om seksuell legning vert brukt som skjellsord og med mål om å vere nedlatande og krenkjande.

Anniken har rolla som dronning i klassen.
– Kva gjer at ho har denne rolla?
– Kvifor er denne karakteren «slem»?

I gym-garderoben bruker Anniken ord om seksuell legning på ein negativ måte.
– Kva synest de om måten Alex reagerer på i situasjonen?
– Kva hadde de gjort viss de hadde vore ei av de andre jentene i gym-garderoben?

– Finn døme i teksten der Alex er frustrert.
– Kvifor blir ho det?

– Kva synest de om måten Alex reagerer på når ho blir mobba eller trakassert?
Grunngi svaret.

Mika oppmodar Alex til å gå til politiet med hat-meldingane ho har fått.
– Er de einige i at dette er straffbare meldingar? Kvifor/kvifor ikkje? Bruk ulike kjelder og finn informasjon om lovverket.

– Enkelte av sex-scenene i boka er konkrete og detaljerte. Kvifor har forfattaren valt å skrive dei slik, tenkjer de?

Å vere sårbar eller nærtakande er ofte ein del av det å vere i puberteten og å vekse opp.
– Klarer de å finne døme på dette i boka?

Eitt eksempel er når to av jentene snakkar om Alex på toalettet, og ho høyrer det.
– Kvifor er denne situasjonen sår for ho?

– Kva synest de om overskriftene til kvart kapittel? Kvifor har forfattaren valt desse overskriftene, trur de?

– Kva artistar og songar er nemnt i boka, som bandet spelar? Kvifor nettopp desse, trur de?

– Kvifor har dette bandet og musikken deira ei så sentral plass i boka, trur de?

– Korleis opplever de slutten på boka? Grunngi svaret.

– I det siste avsnittet syklar Alex av gårde og kjenner seg heilt fri. Fri frå kva?
– Kva vil det seie å kjenne seg fri? Å vere fri?

– Kva overraska deg då du las boka? Kvifor?
– Kva gjorde deg trist, og kva gjorde deg glad då du las boka? Kvifor?
– Kva gjorde deg sint, og kva gjorde deg flau då du las boka? Kvifor?
– Kva kjenneteiknar ei viktig bok/historie? Er dette ei viktig bok? Ja? Nei? For kven, eventuelt?

5. Lag spørsmål til boka – gruppeoppgåve

La elevane sitte i grupper på 3-4, og be dei lage ei felles liste med spørsmål til boka.
For at det skal vere ei så fri og open oppgåve som mogleg, forsøk å ikkje avgrense med kor mange spørsmål. Oppmod heller elevane til å komme med så mange spørsmål som mogleg innanfor ei viss tidsramme (15, 20, 30 minuttar etc.). Be dei om å stille spørsmål om ting dei faktisk lurer på. Alternativt kan dei lage faktaspørsmål frå innhaldet i boka som dei trur dei andre i klassen kan klare å svare på.

Når dei har jobba ut tida, kan gruppa dele spørsmåla sine med resten av klassen. Eventuelt kan du samle inn alle spørsmåla og lage ei liste, redigere ho og dele ho ut til elevane. Ei ekstra oppgåve du då kan gi dei som ein del av etterarbeidet, er å svare på spørsmåla med heile setningar.

Bruk spørsmåla og erfaringane med å både lage spørsmål, svare på desse og å reflektere over kva spørsmål som eignar seg, som førebuing til møtet med forfattaren av Sceneskifte: Kari Mathilde Hestad.

6. Vurderande klassesamtale – spør elevane

– Korleis var det å lese boka? Var ho lett å lese eller vanskeleg å lese?
– Korleis svarte boka til dei forventingane dei hadde før dei begynte lesinga?
– Kva likte dei med Sceneskifte!?
– Og kva likte dei ikkje?


7. Hovudtemaet i boka er mobbing. Snakk saman og jobb videre med spørsmåla under:

Mobbing og erting er ikkje det same.
– Kva er skilnaden? Diskuter saman to og to, og lag ei oversikt.
Oversikta kan vere digital, eller elevane kan teikne og skrive på eit ark.
Lag ei felles oversikt i klassen til slutt.

«Skeive har historisk sett blitt systematisk mobba av staten».
Forsøk deg som historikar og finn grunnar for påstanden. Ver kritisk til kjeldene du finn.

Anniken er ei av dei verste mobbarane. Men korleis har ho det eigentleg?
– Kva slags grunnar kan det vere til at nokon plagar, erter og mobbar andre?
– Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er greie med andre? Kva synest du medelevar/lærarar/rektorar/foreldre bør gjere?»

– Kva rettar har dei elevane som ikkje har det bra på skulen?
Søk på internett og/eller snakk med læraren/rektor/den sosialpedagogiske rådgjevaren på skulen.

Opplæringslova skriv at alle elevar har rett til å ha det bra på skulen:

«§ 9 A-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.

 

–  Kva tyder nulltoleranse?
– Kva meiner de skal til for at skolemiljøet skal vere trygt og godt?
– Kva er viktige faktorar for at de skal trivast?
– Kva rolle spelar læraren?
– Kva kan politikarane gjere?

Det er også slik at det er korleis elevane opplever sin eigen skulekvardag, som er avgjerande. Kvifor er det slik, trur du? Kilde her

Ekstra ressursar om mobbing:

https://www.klikk.no/foreldre/ungdom/skeive-ungdommer-og-mobbing-2526859

https://www.ung.no/Homofil/1757_Homofobi_og_diskriminering_av_skeive.html

https://skeivungdom.no/prosjekter/restart/dine-rettigheter-som-elev/

https://fagbladet.no/meninger/vi-er-jo-alle-litt-skeive-i-skoyta-6.115.800762.34922e7aea

https://www.dagsavisen.no/moss/nyheter/2022/09/16/rapport-om-skeive-skaper-bekymring-viktig-a-ta-pa-alvor/

https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2535-8162-2021-01-04

https://www.foreningenfri.no/tag/mobbing/

https://frifagbevegelse.no/nffmagasinet/skeive-innsatte-lever-i-dobbelt-fangenskap-6.469.949443.5cf7deb63f

https://www.ung.no/oss/441537

8. Fleire oppgaver og forslag til aktivitetar:

a. Lag ein informasjonsfilm
Lag ein informasjonsfilm om anti-mobbing og mot diskriminering som viser korleis ein kan vere ein god alliert i kampen mot mobbing og trakassering av skeive.

Jobb i grupper og bruk det de har lært frå denne boka. Del oppgåva mellom dykkar slik at nokre grupper lagar film for småtrinnet og andre for mellomtrinnet. Pass på at de tilpassar innhaldet for målgruppa.

b. Lag ein boktrailer
La elevane lage ein boktrailer der dei presenterer Sceneskifte ved hjelp av bilete, lyd/musikk og tekst. Videoen kan vare opp til tre minuttar, men dei beste boktrailerane er ofte korte og poengterte og varar under eit minutt. Denne rettleiinga forklarar på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om opphavsrett m.m. Rettleiinga er laga i samarbeid med Ubok og Leser søker bok.
Det kan òg vere ei god ide å sjå på ei av desse bok-trailerane som inspirasjon før de startar:
https://www.youtube.com/watch?v=WhOCrTXCFnA
https://www.youtube.com/watch?v=O-F8M6a5TOI
https://www.youtube.com/watch?v=KNjdowl90qc
https://www.youtube.com/watch?v=HwJRpHFMp34
https://www.youtube.com/watch?v=3WcB5KIWxEk

c. Lag ei speleliste til Alex:
Gå saman i par eller grupper på 3-4. Lag ei speleliste med låtar som kan få Alex i betre humør.

d. Lag ei teikning.
Lag ei teikning til noko du har lese i romanen – noko som har gjort inntrykk på deg eller noko du tenkjer kan eigne seg til å bli teikna. Det kan vere frå Halloweenfesten, frå når bandet står på scena eller noko heilt anna. Tenk på kva du synest passer å ha i forgrunnen av biletet og kva som kan plasserast i bakgrunnen.

e. Skriv ei bokmelding til denboka.no
Skriv ei bokmelding av Sceneskifte og publiser meldinga på denboka.no. Då er du med på å avgjere om boka skal bli nominert til Uprisen – årets ungdomsbok.
https://www.denboka.no/boker/sceneskifte

LÆREPLANMÅL

Alle læreplanmåla er ikkje dekka av oppgåvene og aktivitetane som er laga til boka, men dere kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål  tillegg.

Norsk:

  • lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar

KRLE:

  • bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
  • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar

Samfunnsfag:

  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser

Kunst og handverk:

  • utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid

Matematikk:

  • Kompetansemål: logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling

Kroppsøving:

  • forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine

Musikk

  • utforske og reflektere over hvordan musikk, sang og dans som estetiske uttrykk er påvirket av og uttrykk for historiske og samfunnsmessige forhold, og skape musikalske uttrykk som tar opp utfordringer i samtiden
  • utforskeog drøftemusikkens og dansens betydning i samfunnet og etiske problemstillinger knyttet til musikalske ytringer og musikkulturer

 

 

* Mange elevar – òg dei som går på ungdomsskulen – rapporterer at dei set pris på høgtlesing. I ei nyere masteroppgåve, t.d., ga samtlege elevar som deltok i fokusgruppeintervjua uttrykk for at dei ønska at ein brukar tid på høgtlesing i ungdomsskulen. https://www.utdanningsnytt.no/lesing-litteratur-norsk/oppfordrer-laerere-til-mer-hoytlesing-i-ungdomsskolen/338635