Lansering av Tid for ti

Fredag 10. februar lanserte Foreningen !les Tid for ti på Frogner skole saman med forfattar Anders Totland.

Skrevet februar 14, 2023 i Formidling, Nyheter

Sjørøvar: Anders Totland fortalte unge lesarar ved Frogner skole om sitt sakprosaprosjekt for ungdom med utgangspunkt i «Norske sjørøvarar» under lanseringa av Tid for ti fredag 10. februar 2023.

Tid for ti er ein nynorsk leseaksjon på sjuande trinn i norsk skule i regi av Foreningen !les og i samarbeid med Nynorsksenteret, Samlaget og andre nynorsk aktørar. Unge lesarar mottek ein antologi med utdrag frå ti nyare nynorske bøker innan ulika sjangrar. Opplaget er på 20 000.

Ein av forfattarane som er med i Tid for ti 2023, er Anders Totland. Har han skrive sakprosaboka Norske sjørøvarar, illustrert av Kristian Krohg-Sørensen, på Gyldendal forlag.

Fredag 10. februar var heile sjuande trinn på Frogner skole i Viken samla til lansering av Tid for ti og forfattarbesøk av Anders Totland.

Her fortel Totland om «Norske sjørøvarar». Boka er illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.