Opplegg til Tusenfryd

Her finn de oppgåver og aktivitetar knytte til kvar av novellene i «Tusenfryd». Til nokre av novellene er det fleire aktivitetar. De må sjølve vurdere om de vil bruke alle desse, eller om de vil plukke ut ein aktivitet til kvar novelle.

Skrevet august 25, 2022 i Barneskole, Bibliotek/lærer

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret.

Temaet mobbing kan vere ekstra vanskeleg for enkelte elevar. Ver merksam på det i samband med arbeidet og spørsmåla. Ein av oppgåvene til før-arbeidet er lagde opp slik at elevane kan notere ned tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og ta ei anonymisert oppsummering. Slik kan alle skal få same moglegheit til å dele tankane sine.

Les meir om boka her
Last ned pdf av lærarrettleiinga til Tusenfryd her

FØR LESING:

Kva er mobbing?
– Skriv ned dine assosiasjonar til ordet.
– Del tankar du har om mobbing.
– Lag eit felles tankekart og/eller oppsummering på tavla basert på elevane sine anonyme assosiasjonar og tankar.

Felles i klassa:

– Sjå på framsida av boka. Kva tankar får de når de ser på biletet? (sol, blome, dartskive)
– Boka heiter «Tusenfryd. Noveller»:

a) Kva er Tusenfryd? (ein blome, ein fornøyelsespark)
b) Noveller: Kva er det? (skjønnlitteratur, korte historier, få personar, ei hovudhandling),

Denne boka er ei novellesamling der det finst ein samanheng mellom alle novellene. 

– Les omtalen av boka som står på baksida.

– Kva for tankar får de når de les omtalen? Kva for kjensler får de inntrykk av at bokkarakterane kjenner på?

Hovudtemaet i boka er mobbing. Snakk saman og jobb vidare med spørsmåla nedanfor.

1. Kva er mobbing?
2. Kva tenker de når de høyrer ordet «plaging»?:

a) Skriv ned dine assosiasjonar til ordet.
b) Lag eit felles tankekart på tavla.
c) Mobbing og erting er ikkje det same. Kva er skilnaden? Diskuter saman to og to, og lag ei oversikt. (De kan lage ei digital framstilling eller teikne og skrive på eit ark. Lag ei felles oversikt i klassen til slutt).
d) Eit av kapitla heiter «Pranken». Kva betyr det «å pranke»?
e) Kva er rasisme? (Diskriminering ut frå hudfarge, religion, etnisitet, kultur). Og kva er ein fordom? (danne seg ei negativ meining på førehand, tru noko utan å vite)
f) Det finst ulike måtar å mobbe på:

Individuelt: Skriv ned ulike måtar mobbing kan gå føre seg. (På nettet og via mobilen, utfrysing, ghosting, med blikk, fysisk, psykisk, verbalt … fleire?)

– Lever inn arket.

– Felles: Lærar les opp og lagar ei felles oversikt i klassen etterpå. (Oppgåva blir teken  igjen under etterarbeidet).

3. Dei som mobbar mest, korleis har dei det eigentleg? Kan det vere grunnar til at nokon plagar, erter, stenger ute og mobbar andre? Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er grei mot andre? Kva synest du at andre elevar, men og lærarar, rektor og foreldre bør gjere?

Oppgåver:

1. Vis til informasjon i teksten som fortel oss at Kaleb og familien ikkje er etnisk norske.

(Namna deira, Kaleb som aldri kom til å bli van med dei gigantiske fjella (s. 7), politimannen som mumlar «utlendingar» om dei (s. 17)). 

2. Når Moha og Kaleb sit i baksetet på politibilen, på veg til Tusenfryd, skjønar vi at Kaleb er uroleg og usikker på om han kan stole på politimannen. «Var det noko Kaleb hadde lært her i livet, så var det at han aldri måtte stole på nokon», står det.

– Kva trur de Kaleb meiner med det?
– Kva trur de har skjedd tidlegare?

3. Kvifor fortel ikkje Kaleb noko til foreldra om kvar dei skal?

4. Kvifor vil ikkje foreldra til Kaleb og Moha at dei skal fare til Tusenfryd?

5. Korleis kan vi vite/forstå at Kaleb er glad i veslesøstera si?

6. Meiner du at Kaleb og Moha opplever noko som kan oppfattast som rasistisk når dei møter politiet? Grunngje svaret ditt.

Aktivitetar:

– Sjå for deg Kaleb og Moha. Kva inntrykk får du av dei? Vel deg ut ein av dei, og skriv ned personkarakteristikkar som passar. (Utsjånad, veremåte, relasjon).

– Korleis trur du foreldra til Kaleb og Moha reagerer når dei finn lappen på bordet og oppdagar at barna er borte? Lag ein teikneserie på fire–seks ruter der du får fram kva som blir sagt (snakkebobler), og kva som hender.

Ekstra oppgåve:
Les artikkelen frå Framtida «Ny rapport om rasisme – vi må erkjenne at rasisme framleis er eit samfunnsproblem». Diskuter innhaldet. Kva meiner de at politikarane bør gjere for å motverke rasisme? Kan de sjølv gjere noko?

Hytta

Oppgåver:

  1. Kvifor vil ikkje Fred at Adrian skal få vite om hytteplanane?
  2. Kva inntrykk får de av korleis Fred har det heime? Vis til døme i teksten.
  3. Korleis er (makt)forholdet mellom Adrian, Fred og Kaleb? Finn døme i teksten som kan støtte opp om synspunkta dine.

Aktivitetar:

  • Tenk deg at du er Fred og skal skrive dagbok. Ei dagbok er det ingen andre som skal lese, så i den kan Fred skrive akkurat korleis han har det, kva tankar han har, kvifor han vil bygge hytta utan Adrian, korleis ting er heime m.m.
  • Kva ville du ha gjort om du var Fred og Kaleb etter at Adrian oppdaga hytteplanen? Ville du latt vere å bygge hytta? Ville du bygd hytta saman med Adrian? Ville du sagt ifrå til ein vaksen om at Adrian slo for å få vere med å bygge hytte? Grunngje svaret ditt.

Paradiset

Oppgåver:

  1. Les side 38 og side 44–45 på nytt. Kva trur de Tobias har opplevd på den gamle skolen?
  2. Kva trur de mora til Kaja meiner når ho seier «det er kanskje ikkje så greitt for Adrian heller»? (s. 45).
  3. Kva tenker du når du høyrer ordet «paradis»? Skriv nokre ord der paradis er ein del av ordet, eller finn andre samanhengar der vi nyttar ordet. (Sommarparadis, hytteparadis, skatteparadis, å hoppe paradis).
  4. Kjenner de til andre forteljingar der det er snakk om paradis?
  5. I novella høyrer vi om ein hoggorm som snik seg fram i graset. Kan slangen i paradiset vere ein parallell til denne historia, og korleis?

Aktivitetar:

  • Lag ei teikning av småbruket som Tobias og familien flyttar til. Få med detaljane ved å kike ekstra på side 39–41.
  • Tobias og familien har flytta frå ei leilegheit i byen til eit småbruk på landet. Lag ei liste eller ein tabell over ting ein kan gjere på eit småbruk / ein stad med mykje plass i forhold til i ei leilegheit / ein stad med lite plass.

Pranken

Oppgåver:

  1. Kva er ein «prank»?
  2. Kva for ord er det Adrian seier til Fred som gjer at Fred plutseleg seier at han kan kaste pila?
  3. Korleis har Adrian det heime?
  4. Kven er Gunnar, og kva for rolle har han i livet til Adrian?

Aktivitetar:

  • Adrian, Fred og Kaleb er ueinige i om planen Adrian har lagt, kan kallast for ein prank. Kva meiner du? Grunngje svaret ditt.
  • Ta utgangspunkt i den delen av novella der Adrian, Fred og Kaleb møtest i skogen og Adrian har teke med seg dartskiva. (Siste avsnitt s. 62–64). Lag eit rollespel av samtalen og det som hender.
  • Fred og Kaleb ringer til Gunnar for å fortelje om planen som Adrian har lagt. Skriv ned telefonsamtalen mellom dei. Hugs replikkstrek og tydeleg informasjon om kven som seier kva. Etterpå kan de dramatisere telefonsamtalen.
  • Les teksten frå Språkrådet og finn norske ord for «ein prank». Diskuter om desse orda tyder det same?

*Ekstra:
Her er ein tekst som kan passe å lese etter å ha lese novella «Pranken».

Snakk gjerne om dei fem kulepunkta som står nedst i teksten. (Om ulike stadar ein kan få hjelp dersom ein opplever vald heime).

Fisken

Oppgåver:

  1. Kvifor snakkar Tonje lite på skolen?
  2. Tonje får eit anna inntrykk av Adrian enn ho har hatt før. Korleis synest ho han er no?
  3. Kva er det som gjer at Tonje først ikkje vil seie kva fisk det var dei hadde på kroken, og at ho ombestemmer seg?

Aktivitetar:

  • Lag ein liten teikneserie på fire–fem bilete der du får fram kva som hender i denne novella. Skriv passande snakkebobler. Jobb gjerne saman to og to, og planlegg kva dei ulike rammene skal ha som motiv, og kva som skal stå i snakkeboblene. Teikn deretter teikneseriestripa og skriv på tekst.
  • Tonje forklarer Adrian korleis han skal gjere når han skal fiske. Tenk på ein ting du er god til, og forklar til ein annan i klassen korleis ein gjer denne aktiviteten. Det gjer ingenting om fleire elevar vel same aktivitet.

Kysset

Oppgåver:

  1. Kaja fortel Tobias om at det er slåstkampar i bygda i helgene, og seier «ingen spør om grunnen til at dei slåst» (s. 88). Kva trur de kan vere grunnar til at slikt skjer?
  2. Tobias liker at Kaja vågar å seie det ho tenker på, men han sjølv tør ikkje gjere det. Kvifor trur du det er slik? (s. 89)
  3. Kva er grunnane til at Tobias trivst betre her han bur no, enn då han budde i byen? Kva seier han om det til Kaja?
  4. Kvifor tenker Tobias: «Lat dette vere ein draum. Eit forferdeleg mareritt som eg vil vakne frå i neste augeblikk» (s. 95).
  5. Tobias forstår at «I morgon måtte han gå til skolen aleine» (s. 95). Kvifor må han det?

Aktivitetar:

Spranget

Oppgåver

  1. Korleis fekk Torspranget namnet sitt?
  2. Kvifor har mora til Fred kalla han pysete og femi (s. 97)? Litt seinare bruker Fred det same uttrykket om Kaleb, og seier at han er ein femi pyse (s. 106). Kvifor trur du Fred seier dette til Kaleb når han ikkje liker at mora seier det til han? Kva synest de om slike uttrykk?
  3. Kvifor er det så slitsamt for Kaleb med så sterkt eit lys?
  4. Kvifor trur du Kaleb nølar med å bli med Fred til elva for å fiske?
  5. Kvifor er Fred modigare ved Torspranget denne gongen enn han var då han var der med mora si?

Aktivitetar:

  • Skriv ein tekst om kva du helst ville gjere med klassen din på ein haust-aktivitetsdag. Hugs at du skal grunngje valet ditt.
  • Historia om Torspanget er ei segn. Finn ut kva segner er. Kjenner de til segner om korleis noko i naturen har fått namnet sitt, i området de bur? Fortel segna til ein medelev, og skriv ho ned.

Juleevangeliet

Oppgåver:

  1. Kvifor blir Kaja så sint og nektar å vere forteljaren?
  2. Kvifor har ho begynt å omtale Tobias som Nerde-Brille-Jesus?
  3. Kvifor ventar Tobias på Kaja i staden for å bli med faren sin og mora til Kaja heim til dei?
  4. Kva trur de Kaja meiner når ho tenker: «Alt det vi ikkje veit om kvarandre …»
  5. Kva tyding får stjernehimmelen på slutten av novella? (s. 125–127)
  6. Heilt til slutt bruker Kaja namnet til Tobias, og ikkje Brille-Jesus. Kvifor skjer denne endringa?

Aktivitetar:

  • På side 117–118 og litt på side 119 er det ein samtale mellom lærar Unni og Kaja. Lag elevpar som kan dramatisere denne replikkvekslinga. Først vekslar ein på å lese replikkane høgt for kvarandre, der éin er Kaja og éin er Unni. Deretter les ein replikkane ein gong til, der ein prøver å lese replikkane med innleving, slik som resten av teksten gjev nokre signal om. Dersom det høver for klassen, kan elevane framføre replikkvekslinga for kvarandre.
  • Kaja får mange oppringingar og meldingar som ho ikkje vil svare på, før ho skriv at ho kjem om ein time. Tenk deg at Kaja likevel skriv ein sms til mora der ho forklarer kvifor ho ikkje er forteljaren, men har gøymt seg på biblioteket. Skriv denne sms-en.

Etterarbeid:

Når de har jobba med dei einskilde novellene kvar for seg, kan det vere fint å arbeide på eit litt overordna nivå med tematikkane som kjem fram. Det kan høve godt å legge vekt på noko som kan vere aktuelt for eiga elevgruppe. Ein kan arbeide med ulike innfallsvinklar og med ulike metodar, og ein kan arbeide, munnleg eller skriftleg, med einearbeid, i par eller i gruppe. Læraren vel arbeidsmåtar som høver for den klassen ho/han har.

  1. Kvifor har alle novellene fått ein tittel som består av berre eitt ord, trur de?
  2. Sjå på lista de laga før de begynte å lese novellesamlinga. Kva for nokre av desse punkta fann de att i boka?
  3. Les råda som står på sida til Framtida junior om kva ein kan gjere om ein venn blir mobba, og diskuter råda. Er det gode råd? Kor lett er det å gjennomføre desse råda? Har de andre gode tips?
  4. Diskuter kva de i klassen kan gjere for å vere gode venner. Kvar elev skriv ned tre framlegg til gode, konkrete tiltak først, så legg alle fram etter tur i samla klasse. Klarer klassen å bli samd om tre tiltak som de vil gjennomføre?
  5. Det er anbefalt aldersgrense på 13 år på mange sosiale medium. Kva tenker de om denne grensa?
  6. Les dei reglane som barneombodet har lagt ut om nettbruk og deling av bilete. Les reglane og diskuter om desse reglane blir følgde. Kva kan du gjere om du opplever noko ubehageleg på nett?
  7. Vel ein av personane i novellesamlinga, og lag ei videodagbok. Bokkarakteren skal fortelje om seg sjølv og tankane ho eller han har om klassemiljøet og det dei opplever på heimebane. Lag korte videoklipp for ein til tre dagar. (Læraren vel om elevane skal arbeide aleine, i par eller i gruppe, og om videodagbøkene skal visast i klasserommet)
  8. Nokre vaksne, som lærar Unni og foreldra, har ikkje så stor rolle i denne novellesamlinga. Men trenar Gunnar er viktig, særleg for Adrian. Kva rolle meiner de at vaksne har i å motarbeide mobbing, på skolen, på trening eller heime?
  9. På kva måtar meiner de mangfald er ein styrke for samfunnet vårt? Korleis kan ein stille opp for kvarandre og seie frå om ein opplever urett?
  10. Førebu spørsmål til forfattarbesøket. Kva vil de spørje Lars Mæhle om?

Andre lesetips om liknande emne:

Åshild Moldskred: Berre hopp
Kari Stai: Passe happy
Inger Johanne Sæterbakk: Rundt jorda og tilbake
Harald Nortun: Spådama i 7B
Sunniva Relling Berg: Polarnatt
Atle Hansen: Klure
Atle Hansen: Apetryne
Inger Johanne Sæterbakk: 1000 dagar

Læreplanmål

Her finn de nokre av dei læreplanmåla arbeidet med Tusenfryd kan knytast til. Dette er kompetansemål etter 7. trinn i faga norsk, KRLE, samfunnsfag, kunst og handverk, musikk, naturfag og kroppsøving. Ikkje alle læreplanmåla er dekte av oppgåvene og aktivitetane som er laga til, men de kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål også.

Norsk:

  • lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar

KRLE:

  • bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
  • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar

Samfunnsfag:

  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser

Kunst og handverk:

  • utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid

Kroppsøving:

  • forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine

Naturfag:

  • gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet

Musikk:

  • øve inn og framføre song og musikk, i samspel eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikkar
  • utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar
  • reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper