Tid for ti i lærarutdanninga
Leseaksjonen Tid for ti skal gi studentane på lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda meir kjennskap til nynorsk litteratur og gjere dei betre førebudde på undervisningsrolla.
Tid for ti er eit nasjonalt lesetiltak på 7. trinn av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret, Samlaget og andre nynorskaktørar. Hjartet i aksjonen er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa, pluss ei eiga nettside, tidforti.no, med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og ei lærarrettleiing.
Foreningen !les, Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda har etablert eit samarbeid som tek sikte på å heve framtidige lærarar si kunnskap om nynorske tekstar.
– Elevane treng å sjå og lese nynorsk for å styrke språkkjensla si. Mange skuler i distriktet vårt saknar lesebøker på nynorsk. Då er det ekstra viktig at lærarstudentane våre blir kjende med ny nynorsk litteratur for barn og unge. Det håper vi å bidra med i dette opplegget, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.