Intervju med forfatteren av «Utfor»

Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund og bur no i Bergen, der ho studerer Digital kultur. Ho er veldig glad i å lese bøker og gå på turar, klatre og ri, og matte, kjemi og fysikk synst ho er spanande fag.

Skrevet november 12, 2012 i Nyheter, tXt-aksjonen, ungdom, Ungdommens forfatterleksikon Legg inn kommentar

Før eg lærte å skrive dikta eg opp historier, forteljer Sunniva. Når eg lærte meg å skrive, byrja eg å skrive dei ned. Eg synst skriving er ein veldig spanande måte å utforske verda på.

Kan du si litt meir om korleis Utfor blei til?
Utfor
blei til medan eg studerte Industriell design i Trondheim. Jonas og Lea gjorde meg nysgjerrige, og eg ville finne ut av kva det var som hadde skjedd på Ytsteøya tidlegare.

Det er to ting med Utfor som eg likar veldig godt. Det eine er språket. Det andre er  at du held på spenninga og hemmelighetane heilt til slutt. Jobba du mye med dette?
Første gongen eg skreiv eit utkast til Utfor skreiv eg det som fall seg naturleg, og det eg var interessert i å finne ut meir av. Etter kvart blei det viktig å jobbe gjennom det eg hadde skrive fleire gongar, for å passe på at språket satt og at spenninga blei halde oppe gjennom heile historia. Eg synest det er viktig å byrje å skrive fritt for å kunne leve meg inn i historia, og så må eg seinare vere kritisk til kva eg har skrive.

Kvifor blei Utfor ei ungdomsbok?
Tanken var at det skulle vere ei bok for vaksne, for eg skreiv først og fremst ei historie eg sjølv ønska å lese. Men då Lea, hovudpersonen, var 14 år gjorde det at det blei naturleg at dette skulle bli ei ungdomsbok.

Har du brukt deg sjølv og din oppvekst i fortellingen?
Eg trur det er umuleg å ikkje bruke noko av meg sjølv i forteljinga, men både karakterar og miljø er heilt fiktivt.

Kor har du lært å skrive?
Eg har hatt god hjelp av mange gode lesarar, mellom anna skrivenettstaden dikt.no og trafo.no, i tillegg til gode norsklærarar og foreldre som har orka å lese gjennom igjen og igjen. Ei anna viktig erfaring har vore å lese og skrive mykje.

Korleis du jobber når du skriv?
Fordi eg studerer fulltid ved sidan av skrivinga blir det ikkje like mykje tid til skriving som eg skulle ønske. Det går i periodar kor mykje eg har tid til å arbeide med skrivinga. Av og til er ti minutt nok, andre gongar kan eg sitje i fleire timar. Eg brukte lang tid på å skrive Utfor, for sjølv om historia var klar nokså tidleg, trengde eg tid til å jobbe med språk og scener for å få fram det eg ønska.

Skriv du på noko nytt no?
Eg skriv på noko som eg håpar kan bli ei spanande og interessant historie, for litt eldre ungdom. Hovudpersonen er 17 år. Boka kjem i 2013.

Du har skreve ei bok og den har fått strålande meldingar og blei nominert til Brageprisen. Korleis har det vore?
Det har vore utroleg stas. Eg har kjend meg heldig, for eg var redd for å drukne i havet av bøker som kjem ut. Det var spanande å sitje i salen under Brageprisen. Ein skodespelar las eit utdrag frå boka, og eg fekk helse på andre forfattarar og bokmennesker. Det er eit minne for livet.

Korleis har reaksjonane frå lesarane vore?
Eg har fått veldig fine tilbakemeldingar frå lesarar. Det er verkeleg kjekt å opne innboksen og finne ei melding frå nokon som seier at ”Utfor” har gjort inntrykk på dei.