Tid for ti aukar igjen

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er no fullteikna. Førre skuleår var opplaget på antologien som følgjer med aksjonen, på 20 000 eksemplar. Dette skuleåret vil antologien bli send til skular i eit opplag på 26 000.

Skrevet oktober 25, 2018 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Nynorsk litteratur: Dette er bøkene det er henta utdrag ifrå i Tid for ti 2019.

– Tid for ti når stadig nye høgder. Opplaget har auka jamt og trutt sidan starten i 2015. Vi starta med 15 000, var i fjor innom 20 000, og no er vi oppe i 26 000. Det er påmelde skular frå heile Noreg, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

– Fleire skular står på venteliste, og vi skulle gjerne også gitt tilbodet til bibliotek. Tekstutdrag, lydfiler, konkurransar og lærarrettleiing vil også vere tilgjengeleg på nettsida, påpeikar Burås Storø.

Ein av forfattarane som er med antologien, er Inger Johanne Sæterbakk. Ho har skrive ungdomsboka 1000 dagar, som handlar om Johanna og Georg. Dei er bestevener og startar i same klasse på ungdomsskulen, men Johanna bestemmer seg for at venskapen treng ein pause så lenge dei går der. Det vil seie i 1000 dagar. Sæterbakk er glad for at boka hennar når ut til unge lesarar.

– Den store draumen min er alltid å få fleire lesarar, og då er det veldig stas at 25 000 skuleelevar får bli kjende med ein del av boka mi, seier ho.

1000 dagar er den boka eg sjølv gjerne skulle ha lese då eg var tolv og eit halvt år, fordi eg trudde eg var den einaste som kjende meg rar og usikker på den tida. Eg håpar at dei elevane som sit rundt på skolane i dag og kjenner på den same usikkerheita som Johanna i boka, kjenner seg litt mindre aleine og mykje meir vanlege etter å ha lese boka. Og at boka kanskje kan inspirere nokon til å ta ein god prat med ein ven, utan å ta pause frå venskapen, legg forfattaren til.

Desse bøkene er med i Tid for ti 2019:
Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget 2018
Snillionen av Arnfinn Kolerud, Cappelen Damm 2017
Klure av Atle Hansen, Samlaget 2018
Jojo av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2018
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2017
Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme 2018
Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016
Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018
Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017
Galderstjerna av Asbjørn Rydland, Samlaget 2016

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les
Tlf.: 480 03 448
E-post: ole@foreningenles.no

Om Foreningen !les
Foreningen !les er en ideell medlemsorganisasjon som ble stiftet i 1997 og som i dag har 40 medlemsorganisasjoner fra hele bredden i bok-Norge. Foreningen finansieres av medlemsorganisasjonene og mottar støtte fra blant annet Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Foreningens formål er å arbeide for å fremme lesing i alle aldersgrupper og i alle samfunnslag. Gjennom sine tiltak når Foreningen !les årlig rundt 300 000 barn og unge og cirka 6 000 lærere og bibliotekarer. Foreningen !les har tiltak i skolen og på alternative arenaer. Foreningen !les står blant annet bak tiltak som litteraturprisene Ungdommens kritikerpris, Uprisen og Bokslukerprisen, antologiene tXt, Rein tekst og Tid for ti, sakprosamagasinet Faktafyk, NM i poesislam og pilotprosjektet Bokstart. Alle våre tiltak er gratis og nasjonale. I 2017 mottok Foreningen !les bokbransjens hederspris Gullegget. I 2018 ble Foreningen !les nominert til verdens største barnelitteraturpris, Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA), for fjerde år på rad.

Les meir på: www.foreningenles.no

Om Tid for ti
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn som blei etablert i 2015. Hjartet i aksjonen er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

Les meir på: www.tidforti.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa, som utviklar og formidlar arbeidsmåtar som skapar språkkompetanse og motivasjon.

Les meir på www.nynorsksenteret.no