Leserinnlegg: IKKJE RØR KAMERATEN MIN!
Spesialbibliotekar ved Buskerud fylkesbibliotek, Stig Elvis Furset, har i dagens Aftenposten et innlegg om mulige kutt i statsstøtten til Foreningen !les. Med tillatelse fra Furset publiserer vi her innlegget.
Eg mista ikkje nattesøvnen av regjeringa sitt kulturbudsjett. Bortsett frå på eitt område: kuttet i Norsk kulturråd sine midlar til driftsstøtte innebærer at Foreningen !les står i fare for å måtte leggje ned. For organisasjonen er den viktigaste samarbeidspartnaren for bibliotek si litteraturformidling for unge.
Kvifor treng biblioteka Foreningen !les?
Fordi: Foreningen !les sine mange og massive tiltak, som til dømes Uprisen, Ungdommens kritikerpris, leseaksjonane tXt og Rein tekst, Les for meg pappa! og Idrett og lesing er av nasjonal karakter. Biblioteksektoren skriker etter tjenester med ei nasjonal overbygning og lengre varighet enn tre års prosjektsyklusar. Der er Foreningen !les bestekameraten vår. Han er den som forstår oss. Og ikkje minst utfordrar oss. Ingen organisasjonar utanfor feltet sjølv gjer meir for å utvikle bibliotekaren som aktiv litteraturformidlar. Særskilt ut mot den gruppa som treng det mest: ungdom og unge gutar.
Og dette kan bli avvikla? Gud hjelpe oss!
Stig Elvis Furset
Spesialbibliotekar
Buskerud fylkesbibliotek