Veke 53
[finnboka query="Veke 53" btnClass="primary-button"]
Denne debutromanen er ein original, humoristisk og sår variasjon over eit kjent tema.
Georg Ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det.
Han innser at han treng ein ny sjanse. Det nærmar seg juleferie, og han fryktar at han blir åleine på julaftan. Før den tid er han pålagd å gå i eit middagsselskap. Dei siste vekene i året byr på mange endringar for Georg, den beste vennen hans blir alvorleg sjuk, og han møter att ein stor kjærleik frå ungdommen. Alt dette medan han freistar så godt han kan å halde på den sjølvironiske fasaden.
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2007