Guds barn

Av: Lars Petter Sveen i Formidling Skriv anmeldelse

[finnboka query="Guds barn" btnClass="primary-button"]

Boka fortjener alle gode omtaler den har mottatt.

Lest av: Vibeke

Fra forlaget: «Guds barn» begynner i Betlehem da Jesus ble født og følgjer tida fram til etter hans død. Romanen fortel om kjærleik og vennskap, om tru og håp. Vi møter soldatar og røvarbandar, profetar og disiplar, små barn og spedalske, som alle blir dratt mellom gode og vonde krefter.

Dei mange historiene blir til ein vev, der det fantastiske og skremmande, det vesle og det store, går hand i hand. Offiseren Cato tviler på om han gjer rett når han følgjer kong Herodes’ ordre. Far til Jakob fryktar at sonen er merkt av det vonde fordi han stammar. Anna leitar etter Andreas, men finn Jesu følgje. Røvaren Nadab prøver å verne om det vesle lyset han ber på. Og Peter får ikkje sove i frykt for kva som ventar dei alle.
Mektige krefter kjempar om makta i «Guds barn».

Lars Petter Sveen har skrive ein roman utanom det vanlege. Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2014