Svarte Mathilda III
![](https://foreningenles.no/wp-content/uploads/2013/06/Svarte-Mathilda-III-180x300.jpg)
Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde?
Lesaren blir også tatt med til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen.
Her får lesarane som har følgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går den kanskje endå lenger bakover i tid?
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2013