Drakeguten

Av: Asbjørn Rydland i Uprisen 5 anmeldelser

Den tretten år gamle stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og ha fridom til å gjera som han sjølv vil, men han er puslete og har ein lang veg å gå før han kan slå fra seg. Den langvegsfarande Eran kan gjera Koll til sjølvstendig mann og krigar, og saman finn dei ei drakehole som vil gi både dei og landsbyen stor rikdom. Men Koll må etter kvart velja kven han skal stola på : Eran, far sin eller den underlege stemma han høyrer i Nordavinden?

Forlag: Samlaget

5 anmeldelser av “Drakeguten

  1. marie

    Drakeguten

    Drakeguten handler om koll som arbeider som stallgutt i stallen til faren. Koll er ikke en av de største eller sterkeste guttene, men han vil allikevel prøve å bli med i militsen, men greier ikke å kvalifisere seg.

    Noen dager etter at koll ikke greide å komme med i militsen, møter han Eran som lærer han å sloss på en måte som han aldri har sloss mer.

    Han møter også Mirimani som han blir med på en ekspedisjon hvor han skal prøve å finne drageegg- skall som de skal bruke for å lage utrustninger av

    Bokas moral er at selv om man ikke er størst eller sterkest, så kan man allikevel utrette store ting

    Av Alevolde

  2. marie

    Drakeguten

    Drakeguten er fyrste boka til Asbjørn Rydland. Det er ein fantasyroman.
    Boka kan knyttas til det å veksa opp, ta ansvar og å gjera det rette.

    Boka handlar om 13 år gamle Koll, ein tøff og modig gut som torer å utfordra seg sjølv. Han er ein stallgut som drøymer om å vera med i militsen og kjempa. Men far hans støttar han ikkje. Han meinar Koll høyrer til i stallen. Koll bur i landsbyen Kervad saman med far sin og Mirimani. Mirimani er kesher, smed og ho likar å oppdaga og skapa nye ting.

    Ein dag fører nordavinden Koll til mannen Eran, som er lovlaus. Eran skal læra Koll å sloss og å bruka vinden i bevegelsane sine. Koll merkar raskt at magi og drakar følgjer vinden.
    Apropos dragar, Mirimani har funne ein bit av eit drageskjell.

    Det er ein konflikt som herjar landsbyen. Det er mange som skuldar pengar og slit med å betala dei tilbake. Koll, Eran og Mirimani drar ut for å finna drakehola der Mirimani har funne eit drakeegg tidlegare. Dei tenkjer det kjem til å løysa pengeproblema i landsbyen. Dei finn hola. Og med den kjem skattar, berømmelse og, ikkje minst, problem. Klarer Koll bli ein god kjempar, få hjelp av nordavinden og gjera det rette?

    Eg tykkjer boka var lett å lesa! Byrjinga var litt lang. Det tok litt tid å komma heilt inn i kva som skjedde, men mot slutten vart ho meir spanande og overaskande. Heile boka foregår gjennom Kolls augo og tankar. Eg likte at det var så mange språklege skildringar i boka. Kampar, personar og situasjonar blir godt skildra. Dette er ei bok ein kan lesa og verkeleg setja seg inn i og sjå for seg.

    Boka er tilpassa alle aldrar, men eg tykkjer ho verka meir som ei barnebok. Nettopp fordi boka ikkje tar opp noko ungdommelege tema. Viss du er ein fantasyelsker, så kan denne boka vera noko for deg.

    Av Martine

  3. marie

    Drakeguten: umulig å legge fra seg!

    Dette er ein spennande bok som passer for folk som liker action. Temaet i denne boken er far-son forhold og om kven man kan stole på. Forfattaren Asbjørn Rydland beskriver bra personane i boken. Handlinga føregår rundt 1600-1700 talet. Boken handlar om Koll som ønskjer å bli med i kavaleriet eller militæret som vi kallar det. Vegen til militæret er både tøff og vanskelig. Men hvordan det går til slutt røper eg ikkje…

    Sjølve boken er på nynorsk. Språket er ikkje spesielt vankelig og når man først begynt å lese vil man ikkje legge den frå seg.
    Det skjer ting nesten hele tida, og på slutten leste eg i friminutt også! Denne er VELDIG spennande og eg anbefaler den sterkt.

    Av Havhau3

  4. marie

    Drakeguten – Vinden’s stemme!

    Boka Drakeguten handlar om Koll, ein gut på tretten år som bur i landsbyen Kerving. Han høyrer stemmer inni hovudet sitt, og tenker at det bare er innbilling. Han bur med faren sin, fordi mora og dei to søstrene hans døde i ein brann.
    Ein dag får ikkje Koll sove, og han går ut for å trekkje litt frisk luft. Når han kjem ut, vil han gå mot skogen, men han veit ikkje kvifor. Det er instinkta hans som seier at han må gå inn i skogen. I skogen møter han Eran Eransson. Eran vil lære Koll å kjempe, betre en nokon andre. Koll skjønar ikkje kvifor, men han godtar det, for han vil så gjerne lære å kjempe.

    Slik startar boka Drakeguten. Boka er skrive av Asbjørn Rydland, og den blei utgitt i 2010. Hovudpersonen heiter Koll, han er 13 år. Far hans har ein stall som gjennomreisande gjerne tar seg bruk av mot litt pengar. Koll hjelper ofte faren i stallen, og han er ikkje redd for å ta i eit tak og arbeide hardt. Etter at faren døyr skal Koll ta over stallen, men det vil ikkje Koll. Han har lyst til å bli krigar. Han vil bli med i militsen (’’Hæren’’ til landsbyen hans) og kjempe mot landerøvarar.

    Boka er på nynorsk, og mange synst kanskje det er dumt, men når du begynner å lese er ikkje det noko problem. Du lever deg så utruleg inn i boka at det ikkje gjer noko. Boka sug deg inn i handlinga, og slepper deg ikkje før du har lest ut den aller siste sida. Eg synst boka var veldig god! Den var godt skriven. Naturen og landsbyen er veldig godt skildra, og eg følte eg ’’blei kjend med» alle personane frå boka. Det er spenning blanda med ein forteljing om god moral, og forfattaren har lukkast godt med boka si.

    Drakeguten minner meg om ”Skammar serien”. Det einaste eg syns var litt negativt med boka var at forfattaren ikkje hadde skildra personane så mykje. Eg ville gjerne at han skulle forklart litt meir korleis personane såg ut, fordi då hadde det vore lettare å leve seg inn i karakterane i tillegg til innhaldet i boka.

    Eg anbefaler boka for både gutar og jenter. Ein bør kanskje like og lese for å lese denne boka, fordi du er nøydt til å følgje med på kva du les, for å kunne vite kva som skjer på slutten.

    Alt i alt syns eg Drakeguten var ein god bok. Eg gir boka terningkast 4, fordi boka var bra skrive og morosam. Men ho var ikkje fantastisk, så derfor får ho ein firar i staden for ein femmar eller seksar.

    Av Live

  5. marie

    Drakeguten – kven kan du stola på?

    Drakeguten er en nynorsk bok, skrevet av Asbjørn Rydland. Dette er debutantboken hans, og jeg må si, den er overraskende bra. Historien ble til ved hjelp av rollespill i femten år, og det har nok hjulpet Rydland at han kunne «oppleve» hele boken.

    Drakeguten handler om Koll, en tretten år gammel stallgutt fra Kervad. Han drømmer om å bli en stor kriger, og å bli med i «militsen», en slags forsvarshær i Kervad. Problemet er at han rett og slett ikke kan slåss bra nok. Da han møter Eran, som sier han kan lære Koll å slåss bedre enn alle i hele landsbyen, nøler han naturligvis ikke. Han lærer om kamp, forretninger, drager, og om Nordavinden som lever i han. Og alt snakket til Eran om frihet til å gjøre hva du vil virker så fristende. Men er Eran virkelig den han sier han er? Vet han alt om faren hans, som er så imot slåssing? Og bør han virkelig høre på stemmen han kan høre i Nordavinden?

    Jeg liker virkelig denne boken. Den fengslet meg allerede ved starten. Asbjørn Rydland har klart å få til mange overraskende vendinger i boken, hvor han på et par setningen snur opp ned på ditt bilde av personene, og hva som skjer. Drakeguten er ikke så forutsigbar som jeg trodde. Den er spennende, og får meg til å ville lese videre. Karakterene har ukjente trekk ved seg, som du får vite om i løpet av boken, så det er som om ingenting er som du trodde. Men det er noen deler jeg synes han kunne forklart bedre, så vi lesere skjønner sammenhengen lettere. Allikevel velger jeg å gi boken en sekser, fordi jeg elsker uforutsigbarheten og at boken er enkel å lese og sette seg inn i.

    Av Karoye

Anmeld denne boka

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*