Er det sant at

Kari Stai, Samlaget 2023

Rakel elskar å teikne og gledar seg til teiknetimen på skulen. Men når vikaren fortel at dei skal lage farsdagskort, blir det vondt og vanskeleg. Kva er det eigentleg med faren til Rakel?

I denne bildeboka har Kari Stai teikna alle dei glade fargane i regnbogen, men også regn og mørke skyar som uttrykkar korleis Rakel har det inni seg.

Er det sant at handlar om å halde på ein vond løyndom, men også om kor godt det er å fortelje om det vanskelege til ein ven.

Les og snakk saman om å ha fine og vonde kjensler.

Bla i boka:

Heng opp plakatar:

Aktiviteter

Klikk på bildene under og kom til aktivitet

Bli inspirert

Klikk på bildene under og få mer inspirasjon

Om forfatteren og illustratør

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Aller mest kjend er Stai for bøkene om dei to bestevennene Jakob og Neikob. Dei er omsette til fleire språk og har blitt animasjonsfilm og teater. Stai har også skrive boka Passe happy, ein illustrert roman for barn.

 

Foto: Kari Svanberg