Oskar og eg

I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar.

Maria Parr & Åshild Irgens(ill), Samlaget 2023.

Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.

Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.

Aktiviteter

Klikk på bildene under og kom til aktivitet

Om forfatteren og illustratør

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho Brageprisen for Oskar og eg. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Julia Marie Naglestad

Åshild Irgens

Åshild Irgens (f. 1976) er illustratør. Hun har hovedfag fra Kunsthøgskolen i Oslo og har illustrert en rekke barnebøker for flere forlag. Irgens var i mange år fast illustratør for Aftenpostens samlivsspalte. Hun har blant annet illustrert Mina Lystads Alfred må lese høyt (2015) og Helmer og Matilda (2016) og fire bøker om Lukas av Johan B. Mjønes. Lukas får en overraskelse (2020) er hennes femte samarbeid med Mjønes.

Foto: Samlaget