Besøk av omsetjar

rein tekst 2012/2013 har fokus på oversett litteratur. Din klasse kan få ein omsetjar levert på klasseromsdøra - heilt gratis!

I samarbeid med Norsk Oversetterforening kan me i år tilby gratis klassebesøk av ein skjønnlitterær omsetjar som er brukt i antologien. Det gjeld desse tre omsetjarane: Silje Beite Løken, Alexander Leborg og Hedda Vormeland. Tema og opplegg kjem sjølvsagt til i samråd med læraren, men omsetjarane har sjølve føreslått nokre tema (sjå under). Ikkje tru at omsetjarar berre kan snakke om språkrelaterte tema! Utman dei til dømes på sjangerforståing og kunnskap om forfattarskapet til forfattaren det gjeld.

Samarbeid gjerne med andre lærarar på skulen din eller naboskulen. Me vil forsøkje å leggje opp til turnear heller enn enkeltbesøk sånn at omsetjarane ikkje brukar meir tid på reising enn på å møte elevar. Dei lærarane som koordinerer fleire besøk på same skule eller naboskule, får derfor forrang. Det vil også skulane i nærleiken av bustaden til omsetjaren det gjeld (står i parentes etter namnet).

Send ein epost til prosjektleiar Kristine Isaksen, kristine@foreningenles.no, der du skriv kva omsetjar du ønskjer deg, opplegg og aktuelle datoar for besøket. Det er snakk om 10-12 klassebesøk, så ver rask på labben.

MEIR OM DEI 3 OMSETJARANE SOM SKAL UT I KLASSANE:

SILJE BEITE LØKEN (bustad: Stavanger) OBS Berre våren 2013
Omsett frå amerikansk: Mørkets engel. Ønskemesterens datter

Silje Beite Løken (39 år), er omsetjar på fulltid. Ho set om bøker frå islandsk, svensk, dansk og engelsk til bokmål. Mellom anna har ho sett om fleire bøker av den kjende islandske krimforfattaren Arnaldur Indridason.

Ho snakkar gjerne om:

  • Utmaningar og val i omsetjinga av Mørk engel
  • Kva gjer ein fantasyroman god?
  • Korfor setje om bøker – kan me ikkje berre lese dei på originalspråket? Eller sjå filmen?

ALEXANDER LEBORG (bustad: Oslo)
Omsett frå fransk: Aya fra Yopougon

Alexander Leborg (39 år), er omsetjar, og redaktør og forleggjar i forlaget Minuskel. Dette forlaget har spesialisert seg på omsett skjønnlitteratur og særleg teikneserieromanar. Han set om bøker frå fransk til bokmål.

Han snakkar gjerne om:

  • Teikneseriesjangeren
  • Franskspråkleg litteratur
  • Korleis jobbar ein omsetjar/forleggjar?
  • Frå fransk til norsk – kva endrar seg?

HEDDA VORMELAND (bustad: Trondheim)
Omsett frå nederlandsk: Alle tings bedrøvelighet

Hedda Vormeland (35 år), er omsetjar, korrekturlesar og språkvaskar. Ho set om bøker frå nederlandsk og engelsk til bokmål.

Ho snakkar gjerne om:

  • Særlege utmaningar ved å setje om Alle tings bedrøvelighet
  • Dialekt/slang
  • Sjølvbiografisk skjønnlitteratur og kva som skjer når den krysser landegrenser
  • Nederlandsk i Nederland versus nederlandsk i Belgia

Ta godt imot rein tekst-omsetjarane! Hugs at dei ikkje er lærarutdanna eller særleg vane med elevkontakt. Derfor er det alltid lurt å snakke i lag før besøket: Kva forventningar har læraren til besøket? Kva forventningar har omsetjaren? Kor mykje stoff må omsetjaren førebu? Bør læraren og klassen førebu seg på noko spesielt før besøket – i tillegg til å lese utdraget i rein tekst?