Ris og Ros

Kristine Vinjor:
Dette prosjektet er bra for lese interesserte ungdomar. Det var passeleg med tekstutdrag, men nokre av utdraga hadde litt for mange sider. Txt var delvis spennandes, men nokre var ganske tunge og kjedelige å lesa. Håpar det blir mindre utdrag neste år, meir komedie og kjærleiksdrama. Min favoritt tekst var Yatzy. Me i klassen gjekk grupper og skulle dramatisera eitt av utdraga. Det var enkelt, fordi det var skrevet som ein dialog. Eg hadde ”Bare en siste gang” av Thorvald Steen. Framsida var ikkje noko spesielt spennande, den fekk meg til å grua meg til å begynna å lesa.

Sigrid Marie Førsund:
Prosjektet kan vere ein god måte å få ungdom til å lese, og passar fint for både dei som likar å lese, og dei som ikkje likar det så godt. Det var mykje godt lesestoff og noko som var mindre bra. Litt for ein kvar smak. Bra! Det er bra at det blir kopla opp mot internett sider og oppgåver, så det ikkje berre er lesing. Nokon av utdraga var for lange, og det var litt mange.Oppgavene var litt vanskelege, etter å ha lese så mange stykke. Designet på boka var ok, det passa med ungdommar og bøker, men kunne ha vore utforma på ein litt betre måte.

Cathrine:
Årets leseaksjon var grei nok den. Ikkje alle utdraga var så moro å lese, for nokre av dei vart litt for lange og kjedelege slik som Ambulanse og Berlinerpoplene. Persepolis, Lodger og Fokus på ku hadde ikkje eingong trengt å vore i boka. Teikneseriar er ikkje moro å lese i det heile teke. Men det utdraget eg likte best var Kunsten å vere neger, den var litt morosam å lese. Men ellers so var det ganske greitt eigentleg.Kanskje det kan vere litt meir morosame og litt kortare utdrag neste gong, og kanskje kutte ut teikneseriane!

Malin Moen:
Prosjektet var eigentleg ganske morosamt. Det passa vel best for lese-hestar, men utdraga var ganske ok. Nokre av utdraga var korte, morosame og interesanne, medan andre utdrag var lange og kjedlege. Det var stor variasjon mellom utdraga… Nokre var for korte og nokre var for lange. Eg likte spesielt ”kunsten å vere neger”, den var det masse humor og artige utsagn i. Nokre av utdraga var ganske stive og egna seg lite for ungdommar. ”Fokus på ku” var veldig kort, og hadde lite meining. Boka inneholdt også eit par teikneseriar. Det var godt med litt variasjon mellom rein tekst og teikneseriar. Håpar aksjonen held humoren oppe, og er lika ok neste år.

Karina:
I årets utgåve av rein tekst var det nokre utdrag som var moro å lese, og som var greie å lese. Sjølvsagt likte eg ikkje alle utdraga i boka. Nokre av utdraga var rett og slett kjedelige å lese og eit ork å komme seg i gjennom. Sakna utdrag som har eit verkeleg ungdoms tema, som forhold mellom venner, foreldre og kjærestar. Kunne også vert noko med krim eller grøssar. Etter å ha lest boka må eg innrømme at eg ikkje har så veldig lyst til å lese ei bok etter eg har lese utdrag frå den. Utsjånaden på boka var heller ikkje noko særleg.

Alexander Teig Øren:
Prosjektet var ikkje så gale. Det var mange varierande tekstar. Nokre tekstar var dårlege, mens andre var veldig bra. Dette var veldig enn annleis enn det me pleier å ha i norsk timane. Denne måten å jobba på er mykje meir interessant enn den vanlege tavle undervisninga. Favoritt tekstane mine var Fokus på ku, kunsten på vere neger, et øye rødt og Persepolis. Me laga eit skodespel om stykket Yatzy. Det var ikkje lett å setta stykket om til å få ei normal stemning. Neste år håpar eg og att det blir txt-prosjekt berre med litt fleire humoristiske stykke.

Ola Formoe Kihle:

Eg synest det var kjekt med detta leseprosjektet i år, og eg manglar berre 80 ord etter denna setninga her. Heilt seriøst, eg tykte det var eit bra prosjekt. Gruppa vår brukte tid på å sette rette ord til rett tekst i boka, men når me fann det ut var det berre moro. Om det er noko eg vil ha annleis med prosjektet til neste år er det at det hadde vore betre med meir spanandes tekstar, og kanskje litt lengre tekstar. Eg skulle gjerne hatt utdrag frå fleire humoristiske tekstar. Då hadde txt.no leseprosjektet vore mykje betre enn det førre.

Christian S:
Eg synest det var kjekt med txt prosjektet i år. Men det er alltid noko negativt å finne, også når det gjeld leseprosjektet. Dei fleste tekstane er bra, spesielt likte eg utdraga frå Berg, Da Vinci Koden og Kunsten å vere neger. Det eg saknar er litt lengre tekstar og tekstar som er meir spanande. Oppgåvene som var laga til i samband med prosjektet var gode og gav utfordringar som vart godt mottekne. Når me fekk det til vart det kjempestemning! Eit tips vil vere å lage enda fleire oppgåver av same type neste år. Med små endringar blir det enda betre til neste år!

Thomas H:
Eg synest det er kjekt med eit leseprosjekt. Det som overraska meg med detta prosjektet var at det faktisk var morosamt å lesa desse tekstane. Tekstane var ungdommelege og det er viktig når det er for ungdom. Tekstane hadde forskjellig tema og det likte eg. Nokre var triste, nokre alvorlege og nokre var morosame. Gjennom dette prosjektet vart eg kjend med nokre norske forfattarar som eg kanskje kunne tenkje meg å lese fleire bøker av. Eg fekk i vertfall lyst til å lese ferdig bøkene som det var utdrag frå. Prosjektet var ganske bra organisert og eg håpar at det forsett til neste år!

Julian Brons:
Eg synest prosjektet var bra! Fordi det var mange små tekstar som ikkje var så tunge å lesa. Dei to tekstane som skilte seg ut for meg var ”Kunsten å være neger” og ”Berg”. Eg likte spesielt temaet i ”Berg”, nemleg fotball! Det var mange gode spørsmål som klassen fekk svara på. Til dømes veke-quizen. Det eg la spesielt merke til var dei varierande emna og språket som var i dei forskjellige tekstane. Det var morosamt at me fekk premie i konkurransen. Tekstane passar spesielt bra for ungdom. Det fekk oss til å forsette å lesa å ikkje legga frå oss bøkene!

Ida A.G.:
Etter att eg har lese txt boka, sit eg igjen med ein del meiningar om dei ulike utdraga. Mange var gode, mens andre ikkje fult så gode. Eg syntest at spesielt eit av utdraga var heilt meiningslaust. Som utdraget ‘Fokus på ku’. Den hadde absolutt ingen meining og eg sjønna ikkje kvifor den var ein av tekstane i boka. Bortsett fra det var det mange gode tekstar. Att det var teikneseriar med i boka, syntest eg var bra. Da var det ikkje berre rein tekst. Me hadde og ein klassekonkurranse, der me lagde eit lite skodespel ut i fra dei ulike tekstane. Det gjorde det meir spennande.

Karina H.Ø.:
Eg tykte at årets aksjon var moro og litt spennande. Me hadde skodespel og lesing frå forskjellige historiar i boka. Det var ganske artig. Me hadde også konkurransar i klassen, det var spennandes. I sjølve boka var det mange tekstar eg ikkje likte i det heile tatt, men det var også tekstar eg likte. Neste år kan di kanskje ha litt meir bilete med fargar i boka. Boka i seg sjølv var eigentleg ganske god. Eg likte konkurransane. Dei var fint sett opp, fordi du måtte arbeide deg fram til svara. Og sidan eg vann den eine konkurransen vart det ekstra moro.

Ole Jørgen Smedegård:
Eg synes at txt-aksjonen virkar som ei fin og gjennomført aksjon for å få ungdommar i den videregåande skulen til å lesa meir. Tekstane er ofte morosame, spanande eller interresante. Dette kan fenge mange lesarar, og det gjer at nesten alle vil finne ei novelle som dei likar. Eg synes og at ein kan lettare få med seg ungdommane til å lese meir via desse konkurransane, og få dei engansjerte til å finne ut om desse stikkorda. Men ei negativ side er vell kanskje at mange synest det blir kjedlig å lese, derfor bryr dei seg ikkje om å gjere noko i dei såkalla lesetimane og berre sløvar. Mange brukar desse som slappe av time og gjer ingenting.

Jannicke Vikdahl:
Hei! Rein tekst aksjonen 2005 var ganske kjedleg. For utdraga som var i boka, var så lite futt i. Utdraga burde ha vore litt meir spanande. Når du hadde lese eit par linjer av eit utdrag, så ville du ikkje forsette å lese for dei fleste av tekstane var så kjedlege. Men selfølgeleg var nokon av utdraga bra som, ‘Kunsten av å vere neger’. Den var ganske bra og hadde ein del humor, slik at du fekk lyst til å lese vidare. Boka skulle ha vore meir eigna for ungdommar, det vart litt for ‘stive’ for oss ungdommane. Håper rein tekst aksjonen blir betre til neste år.

Merete S:
Txt boka var ganske god, den hadde mange intersanne noveller, men det var og nokre kjedelige. Det var bra utval av noveller. Oppgåvene var ganske ok, vart morsommare når me måtte gjere oppgåver etterpå. Me i klassen vår fekk oppgåve om å framføra eit utdrag av ei novelle, me kunne lage skodespel, eller berre lese høgt. Me vart delte opp i grupper. Dette gjorde det heile meir spennande. Nokre av novellene i boka var ganske tunge og lese, og nokre veldig lette, slik som ” fokus på ku”. Men elles var boka overraskande god.

Stine Moen:
Rein tekst (.txt) 2005 tykkte eg var ein og er ein bra aksjon. Det positive eg har å seie er at det blir utdelt premiar. -Ordentlege premiar, i staden for berre krus og t-skjorter! Dette motiverar elevane til å lese og å gjere ein innsats. Mange av elevutdraga var heller ikkje så keisame, som eg eigentleg hadde forventa.. –Og så var det ei bok som ikkje var så lang, og det hjelper jo.
Eg har ikkje så mykje dårleg kritikk å komme med. Det einaste er at det blir kanskje litt for langt likevel, sidan det er mange som ikkje liker eller er vande med å lese. Då kan det fort bli for keisamt, og ein blir ikkje lenger motivert til å gjere sitt beste.

Cecilie:
Denne leseaksjonen har ikkje vært fullt så innteressangt. Eg las tekstene, dei var nokså bra, men eg fikk ikkje akkurat sånn lyst til å lese meir om dei fleste bøkene etter eg las dei. Når det kjem på rosen, so var det bra ordna på ein måte. Me fekk ha konkurransane om dei tre stikkorda til stykket, som var slik at me skulle finne ut kva slagt stikkord eller forfatter stikkorda gjaldt. Det som var bra med det var at det ikkje var så lette ord, me måtte leite på internett om forfatterne sin bakgrunn, osv. Når det kjem til dei forskjellige forfattere så var det vel eit bra utvalg. Utsjånaden av boka, var ganske teit egentlig. Den var ikkje så veldig innbydande eller ‘synleg’.

Gøran Moheim:
Rein tekst boka var ganske morosam å lesa. Nokre av historiane var veldig bra medan nokre av dei var litt tunge å lesa. Sjølv likte eg ”Berg” og ” Kunsten og være neger” best. Me har jobba ganske mykje på skulen med denne boka. Me har hatt konkurransar i klassen om korleis gruppe som klarte og finne ut korleis forfattar som hadde skreve kva. Me har hatt skodespel om ein av historiane òg. Berre for og nemna det, så fekk gruppa mi første premien i begge dei konkurransane. Det gjorde boka mykje morosamare når me gjorde det på den måten.

Silje I.:
Eg synest rein tekst har vore eit moro prosjekt. Eg har lest alle tekstutdraga, sjølv om alle ikkje var like spennande å lese. Det utdraget eg likte best var Knutar – noveller av Gunnhild Øyehaug.
Me i klassen min har og hatt ein konkurranse blant oss i klassen. Det var moro og interessant, og alle var like ivrige etter å vinne. Mi gruppa vann, så det gjorde det ekstra moro.
Me har og dramatisert nokre av utdraga, det var kjekt, og me måtte alle tenka oss om kva teksten verkeleg handla om.
Rein tekst er ein aksjon som de burde forsetja med!

Kjersti Asperheim:
hei:)
I den siste tida har eg lese gjennom boka rein tekst (.txt). Dette er fyste gangen eg har vore med på eit slekt prosjekt, og det har vore ein positvi opplevelse.Det var mange bra og morosame historiar og nokre som ikkje var så intresante å lese. som f.eks ‘fokus på ku’ og ‘ambulanse’. ‘Yatzy’ og ‘berlinerpoplene’ var morosamme og kjekke å lese. Designet på boka er heilt OK. Sjølve opplegget har vore bra. Me fekk god tid til å lese ferdig boka, men litt mindre tid til oppgåvene. Det var morro å gå inn på nettsida å løyse rebusar frå boka. alt i alt har det vert morro.

Malin K.Ø.:
Txt har vore litt spennande, eg har vore med på txt før, men me gjorde aldri så mykje ut av det som me har gjort i år. Dette gjorde at det blei meir moro enn eg hadde trudd. Det har også vore utfordrande og vanskeleg, og det er då det blir moro.
Me hadde klassekonkurranse i grupper, og då var det veldig moro når alle prøvde å finne ut av stikkorda.
Nokre av historiane i boka var langdregne og kjedlige, mens andre var gode og ein fekk lyst til å lese meir.

Eg håpar me skal ha dette til neste år også, det har vore moro:)

Trude Klingenberg:
Hallo! Dette er fyste året eg har eit slikt leseprosjekt. Den boka som var i år(2005) var heilt ok.
Nokre tekstar var ganske morsomme slik at eg ville at dei skulle vare lengre, nokre av dei var ganske så spennande,nokre var kjedlige og nokon var interessane. Det var ganske morsomt at me kunne inn å løyse oppgåver som de hadde laga til oss,og at me kunne vinna flotte premiar viss me klarte det. Eg likte yatzy ganske godt. Det var som om eg levde meg inn i teksten for det var så godt skildra.

Marthe:
Rein text prosjektet, der me skulle lesa ulike utdrag frå bøker, syntest eg var eit fint prosjekt. I den boka får me lesa utdrag frå mange ulike bøker med forskjellige sjangrar. det er mange fine skildringar av både personar, stemningar, følelsar, og omgivnader. Når elevane les boka kan dei finne insperasjon til måtar å skrive tekstar på sjølve. Boka gir og elevane høye til å oppdaga den store ‘lese verda’. Dei kan oppdage det stor mangfaldet av ulike spannande og morosame bøker, som dei kan lese og drøyme seg bort i! Det er jo ikkje så mange ungdommar i dag som les bøker, det går mest i data og tv, så det kan hende at nokon av dei elevane som les desse utdraga får lyst til å lese ei av bøkene, og synest det er gøy å lese bøker. Prosjektet har og hatt nokre fine oppgåver på nettet, der dei på ein måte jobbar enda meir med tekstane, slik at alle får moglegheita til å forstå teksten. Det einaste eg syntes var litt dumt var at det var barnebøker i tekstsamlinga. eg synest at tekstane kunne ha vore nokre tekstar som er meir retta til ungdom. Det er ingen av oss som orka å lese boka om ku. Det blir for enkelt og kjedeleg! så bruk tekstar som er meir retta tilø ungdom.