Nominerte 2014/15

Nominasjonane til Ungdommens kritikarpris 2014/15

I samråd med Kritikarlaget, er desse tre kritikarane valt ut til å sitte i nominasjonsjuryen til Ungdommens kritikarpris 2014/15:

– Espen Grønlie. kritikar i Morgenbladet
– Ingvild Bræin, kritikar i Klassekampen
– Erik Engblad, kritikar i Klassekampen

Nominasjonsjuryens mandat er å nominere dei 8 beste norske skjønnlitterære bøkene frå 2014. Det er desse 8 bøkene juryklassene skal lese, og det er ein av desse bøkene som skal vinne Ungdommens kritikarpris neste år. Nominasjonane er klare 10. november 2014.