Ruth Lillegraven: Dette er andre dagar

 

FØR:

Diskuter med klassen:

– Kva slags forventningar har de til dikt? Ser eller høyrest dei ut på ein spesiell måte?
– Kva kan dikt handle om? Handlar dikt om andre ting enn annan litteratur?
– I kva grad går det an å skrive dikt om epidemiar og kriser?

– Kva vil de seie kjenneteiknar språket i dikt?
– Kva slags dikt har gjort inntrykk på dykk?
– I kva grad kan dikt noko anna enn til dømes romanar og dramatikk?
– Kva har det å seie for lesinga av eit dikt at det er på vers?

UNDERVEGS:

Be elevane om å lese diktet tre gongar.
Be dei dessutan om å gjere følgande, i forbindelse med kvar gjennomlesing:

– legge merke til kva de legg merke til medan dei les
– vurdere kor bra dei sjølv synest dei forstår diktet på ein skala ifrå 1 til 10

Når diktet er lese tre gongar, skal dei dessutan notere utviklinga i forståinga samt skrive ned dei spørsmåla dei har til diktet. *

ETTER:
Klassesamtale

Ta utgangspunkt i leseopplevinga til elevane og snakk om diktet.
De kan t.d. bruke desse spørsmåla som utgangspunkt:

– Kva la de merke til?
– Kva var lett å forstå og kva var meir vanskeleg?
– Var det noko som overraska dykk?
– Kvifor er dette eit dikt?
– Kva slags spørsmål har de til diktet?
– Kva dreier dette diktet seg om, ifølgje dykk?
– Kva slags kriser tar diktet opp?
– Kva slags likskapar og skilnader er det mellom desse krisene?
– Kva slags inntrykk får de av den som fortel?

– Kva har det å seie for forteljaren at vedkommande står midt oppi ei krise?
– Kvifor trur de Ruth Lillegraven vel å skrive vi? Kjenner de dykk inkludert i det vi-et?

– Kva tenkjer de om dette sitatet:
«på førehand svarar ti av ti at dei vil reagere rasjonelt om ei krise oppstår, men når jordskjelvet lavaen orkanen kjem, er det berre ein til to som gjer det, ein til to spring undt i panikk, dei fleste gjer ingen av delane, sju av ti står eller sit heilt roleg»

– Har de opplevd ei krise?
– Korleis reagerer de i ein krisesituasjon?
– I kva grad trur de ein kan føreseie korleis ein vil reagere?
– Finnest det ein «riktig» måte å reagere på? Grunngi svaret.
– Kva er skilnaden mellom å oppleve ei nasjonal krise og ei personleg krise?
– I kva grad klarer vi å handle når vi alle er i ei krise?
– Kven synest de skal bestemme korleis vi skal handle i en krise?

– Kva trur de ei svart svane betyr i denne setninga:
«me flyg det inn frå kina nord-italia austerrike solgården gjennom flyplassar flytog baner bussar dette er ikkje ei svart svane dette burde me sett kome»

Til slutt kan de vurdere utdraget frå Dette er andre dagar:
– Liker de diktet? Kvifor/kvifor ikkje?

Aktuelle kompetansemål: 

– lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk (VG1)

– bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheter i norskfaglige diskusjoner og presentasjoner (VG2)

– bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskende samtaler, diskusjoner og muntlige presentasjoner om norskfaglige emner (VG3)

* Spørsmåla i denne delen er inspirert av boka Samtidslyrikk i klasserommet av Kjersti Rognes Solbu og Jon Opedal Hove (Fagbokforlaget 2017)