Gunnhild Øyehaug: Vonde blomar

FØR:

Klassesamtale.

Vonde blomar er ei novellesamling.
– Kva forstår de ved ei novelle?
– Kva slags noveller har de lese? Kva har de likt og kva har de mislikt?
– Kva slags stemning pregar desse novellene? Spennande, dramatisk, morosam osb.
– Har lengda på ein tekst noko å seie for korleis ein leser han?

– Korleis forstår de tittelen på samlinga: Vonde blomar
– Kva slags forventingar har de til ei novelle frå denne samlinga?

Novella heiter «Fuglar».
– Kva slags tankar og assosiasjonar får de når de høyrer denne tittelen?
– Korleis passer han med tittelen på samlinga?


UNDERVEGS:

Lesestopp:

Les dei første 12-13 linjer, fram til setninga «Alt verka å vere på plass.»

– Kva slags type novelle trur de dette er?
– Er ho realistisk, humoristisk osv.?
– Kva er premissen vi må godta som lesarar?
– Kva trur de novella kjem til å handle om?
– Kva trur de kjem til å skje vidare?

 

ETTER:

 

1. Snakk kort om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten


2.
«Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

 

3. Samtale i heil klasse

Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva tenkjer de om den første setninga i novella:
«Då eg sat på doen og menstruerte, fall ein ganske stor bit av hjernen min ned i doskåla».

– Kva synst de om hovudpersonen, Nina?
– Kva kan vere grunnen til at dette skjer?
– Kva synest de om måten hun testar ut om ho framleis fungerer?
– Korleis trur de ho har forandra seg?
– Kvifor trur de at det er akkurat denne forandringa novella handlar om?
– Kva for konsekvensar får denne forandringa?
– Kven er ho når ho ikkje lenger kan alt om fuglar som ho kunne før?
– Og korleis reagerer mannen og barna på dette?
– Korleis forklarer familien dei endringane som skjer med ho?
– Korleis oppfattar ho seg sjølv?
– Kvifor trur de ho ler når ho ser skjæra på rekkverket?
– Kva tenkjer de om at ho ikkje fortel familien sin at ho har mista ein del av hjernen i do?
– Korleis hadde de reagert viss de plutseleg hadde mista deler av hukommelsen?
– Kva slags konsekvensar ville det fått?
– Kva synest de novella handlar om?
– Kvifor trur de ho blir så glad når ho finn ut at ho har sett ein enkeltbekkasin?
– Kva tenkjer de om slutten på novella:

«Kva var det eg kjende, kvifor måtte eg plutseleg gråte, kvifor kjendest det som om eg hadde kjærleikssorg, som jo er ei merkeleg form for sorg sidan det du har mista, framleis finst? Vatnet svarte ikkje, ikkje fjella heller, men lufta rundt meg var heilt tindrande klar.»

– Liker de novella? Kvifor/kvifor ikkje?

 

* Idéen til denne framgangsmåten er henta frå:
Daniels, Harvey A. og Elaine Daniels (2013). The Best-Kept Teaching Secret, Corwin

 

Aktuelle kompetansemål:

– lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk (VG1)

– bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheter i norskfaglige diskusjoner og presentasjoner (VG2?

– bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskende samtaler, diskusjoner og muntlige presentasjoner om norskfaglige emner (VG3)