Utlysing: Juryklasse Ungdommens kritikarpris

Ungdommens kritikarpris søkjer ni klassar i vidaregåande skole til å velje ut den beste boka frå 2013.

Skrevet april 11, 2013 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Ungdommens kritikerpris, Videregående Legg inn kommentar

Ungdommens kritikarpris er Noregs einaste pris for norsk voksen skjønnlitteratur delt ut av ungdom. Ni klassar frå heile landet skal saman vere juryen for Ungdommens kritikarpris 2013/14. Vi vil ha ein jury som representerar breidda i den norske skolen, og ønskjer oss derfor søknadar frå både allmenn- og yrkesfaglege studieretningar. Vi oppmodar yrkesfaglege linjer til å søkje. Geografisk spreiing er eit mål for oss.

Dei ni utvalte klassane skal lese dei åtte beste bøkene frå 2013. Klassane skal kåre den beste boka, og dele ut prisen til vinnaren på Litteraturhuset i mars 2014.

Vi tilbyr
– Eit eineståande og intensivt møte med norsk samtidslitteratur
– Eit opplegg som gir mykje merksemd rundt skolen og deltakarklassen
– Skoleringsseminar for lærarane
– Leseeksemplar av alle dei nominerte bøkene
– Ein litteraturkritikar som fungerer som fadder for klassen
– En høgtideleg prisutdeling i Oslo med forfattarmøte der elevane får møte dei nominerte forfattarane

Vi er ute etter
– Motiverte lærarar og klasser
– Skoler som er villige til å sette av lærarressursar

Ønskjer din klasse å vere juryklasse for Ungdommens kritikarpris? Send ein søknad der du grunngir kvifor din klasse bør sitte i juryen. Søknadsfrist 10. juni 2013.

Når du skriv søknaden:
– Skriv om kvifor din klassen skal få vere med
– Legg gjerne ved ei side der elevane sjølv skriv at dei vil vere med på prosjektet
– Skriv gjerne om korleis du har tenkt å gi elevane tid til å lese dei nominerte bøkene
– Viss mulig, kan det vere smart å skrive korleis du vil legge opp undervisninga i samband med prosjektet.
– Stiller skolen seg bak søknaden? Å vere med krev ressursar.
– Blir skolen og skolebiblioteket involvert på nokon måte?

Send søknaden til:

e-post: lars.petter@foreningenles.no

Post:
Foreininga !les
Øvre Vollgate 15
0158 Oslo

e-post: lars.petter@foreningenles.no

Les meir om Ungdommens kritikarpris her.

Har du spørsmål om det å søkje om å vere med som juryklasse til Ungdommens kritikarpris, kontakt Foreininga !les:

Lars.petter@foreningenles.no                 Tlf: 94129000

Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Foreininga !les, Norsk kritikarlag, Utdanningsforbundet og Den norske Forleggerforening.