Forteljargymnastikk

EG TRUR AT NOKO AV DET FØRSTE SOM KOM TIL VERDA VAR FORTELJINGANE. LENGE ETTERPÅ KOM DET NOKON SOM SA KORLEIS FORTELJINGANE BURDE VERA.

Av Rune Belsvik

Har du lyst til å skriva ei forteljing?
Her kjem 10 råd!

Alle som kan snakka fortel noko kvar dag. Noko er sant. Noko er mest ikkje sant i det heile tatt. Den vanlegaste og kortaste forteljinga i landet vårt er på 3 bokstavar, og den er slik:
prat_bra.gif

Det er det dei fleste svarar, når nokon spør korleis dei har det. Det er heile forteljinga om korleis det er med dei. Det er ei svært kort forteljing om ein person, og ofte er den ikkje sann heller. Skal du verkeleg fortelja nokon korleis du har det, gjeld det å legga ut slik at dei ikkje går sin veg før du er ferdig. (Det gjeld sjølvsagt berre dei du ikkje vil bli kvitt.) Kanskje må du overdriva for å gjera det spennande. Kanskje må du trekka frå for ikkje å få dei til å raudna. Kanskje må du ha med litt humor for at dei skal le og kosa seg. Det er mange mulegheiter.