tXt-aksjonen: Frå utdrag til bøker

tXt-aksjonen i regi av Foreningen !les har i snart 20 år inspirert ungdomsskuleelevar til å lese ny norsk og omsett ungdomslitteratur.

Skrevet mars 28, 2017 i Meninger, Nyheter, ungdom Legg inn kommentar

Panser: Dette er bøkene tXt-aksjonen 2016/17 henta utdrag frå. (Ill.: Vibeke Røgler/Foreningen !les).

Foreningen !les har sidan 1997 jobba for å auke engasjementet for lesing og interessa for litteratur blant barn, ungdom og vaksne. I alle desse åra har vi hatt ei særleg satsing på ungdom som lesarar, og tXt har vore eit viktig tiltak i denne satsinga. Aksjonen tek samtidslitteraturen seriøst og løftar fram aktuelle utgjevingar for ungdom. I tXt-historia til no har mange bøker og nye og etablerte forfattarskap funnet vegen til unge lesarar – og vaksne formidlarar.

Aksjonen er gratis for ungdomsskular å delta på, og påmeldingstalet er årleg på over 120 000 elevar. Eit så høgt og stabilt påmeldingstal vitnar om ein aksjon som er godt etablert i skulen, og som motiverer elevar til å lese både tekstutdrag og heile bøker. Alle som deltek får ein antologi med utdrag frå nyare norske og omsette ungdomsbøker. Tidlegare inkluderte antologien både skjønnlitteratur og sakprosa. Etter at Foreningen !les starta sakprosamagasinet Faktafyk i ungdomsskulen i 2012, har tXt i all hovudsak formidla skjønnlitteratur. Til aksjonen følgjer ei eiga nettside, txt.no. Her finns tekstutdrag, lydfiler, konkurransar, aktivitetar, bonusmateriell og lærarressursar. Vi får mange gode tilbakemeldingar på at lydfiler til tekstane er tilgjengeleg. Det bidreg blant anna til at lesevake elevar får med seg tekstane og kan delta i litterære samtaler saman med dei andre elevane.

I tXt-aksjonen får elevane smakebitar frå eit breitt utval av bøker innan ulike sjangrar. Det er viktig at elevane opplever tekstane som relevant og at dei sjølv kan påverke kva dei les. Mange av utdraga i tXt tek derfor utgangspunkt i nominasjonar til Uprisen – årets ungdomsbok og bøker som elles er godt likt av ungdom på uprisen.no. Samstundes har Foreningen !les ei ressursgruppe med ungdom som les og vurderer aktuelle bøker. Smakebitane er meint å inspirere elevar til å lese heile bøkene som utdraga er henta ifrå. Erfaringane tydar på at utdraga fører til meir djupnelesing ved at elevane blir nysgjerrige og vil lese heile boka. Ved å presentere ei breidde, er målet at alle skal finne tekstutdrag dei likar. Samstundes opplever vi ofte at mange elevar oppdagar bøker dei på førehand ikkje trudde dei ville like. Stor variasjon gjer elevane fleire valmoglegheiter, og med fleire valmoglegheiter aukar sjansen for at dei finn litteratur som kan engasjere dei og gje dei lyst til å lese meir.

Aksjonen oppdaterer lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre formidlarar på ny litteratur for unge lesarar. Lærarar får tilgang på ei omfattande rettleiing med nyttige oppgåver og tips til korleis jobbe med samtidslitteraturen i møte med elevane. Ved å bruke undervisningsopplegga som følgjer med aksjonen, er det ei god anledning for lærarar til å jobbe meir aktivt med felles tekstar. Læraren kan til dømes modellere lesinga og forståinga, og gje støtte til elevar som treng det. I og med at tXt inneheld utdrag frå bøker som har vise seg å vere populære blant norsk ungdom, er antologien ei god hjelp til å finne og til å velje ut bøker som kan gje gode leseopplevingar.

I ei spørjeundersøking om tXt-aksjonen 2016/17, Panser, svarar over 60 prosent av lærarane at antologien i stor grad gjer elevane lyst til å lese meir. 14 prosent svarar i liten og svært liten grad, medan 24 prosent svarar veit ikkje. I kommentarfeltet skriv mange lærarar at elevane blei nysgjerrige på tekstutdraga og at fleire oppsøkte biblioteket for å låne bøkene. Elevane likte at det var så varierte utdrag, og mange av utdraga skapte gode diskusjonar og samtalar i klasseromma. Enkelte påpeikar at elevane deira allereie er glade i å lese, men at antologien er eit godt tilskot til enda større leselyst. Nokon skriv at antologien inspirerte elevar til å bruke bøker i fordjupingsoppgåver og særemne, medan andre innrømmer at dei fekk for dårleg tid til å bruke antologien noko særleg. Fleire bibliotekarar fortel at dei har kjøpt inn bøker frå antologien og laga utstillingar i biblioteka. Dei oppleve auka interesse for, og utlån av, bøkene i antologien under aksjonsperioda.

Blant lærarane som svarar at antologien i liten og svært liten grad har ført til at elevane les meir, skriv enkelte i kommentarfeltet at dei ikkje synest tekstutvalet er godt nok til å oppnå eit slikt mål. Nokon meiner tekstane er for vanskelege, medan andre saknar meir spenning og utdrag frå fleire nynorske bøker. Eit par lærarar reagerer på innhaldet og meiner fleire av tekstane er for valdelege, har for mykje sex og tek opp tema som unge lesarar enten ikkje er opptekne av eller for unge til vere opptekne av.

tXt-aksjonen engasjerer og provoserer. Det er bra og slik har det meir eller mindre vore i 20 år. Tilbakemeldingane frå lærarar og bibliotekarar er konstruktive og viktige bidrag i utviklinga av aksjonen. Samstundes tydar mykje på at aksjonen for dei aller fleste som deltek verkar etter hensikta. Den aukar engasjementet for litteratur og gjer elevar lyst til å lese heile bøkene etter at dei har lese utdrag. Den har funne ei form som mange likar, men Foreningen !les skal bruke dei neste 20 åra på å gjere tXt-aksjonen enda betre. Allereie frå hausten av kjem ein ny aksjon til ein skule og eit bibliotek nær deg. Påmeldingsskjema blir tilgjengeleg på foreningenles.no i løpet av våren. Hald utsikt!


Av Ole I.B. Storø
ole@foreningenles.no
NB! Denne teksten stod på trykk i Norsklæraren nr. 1/2017 Jubileumsutgåve.