!les20: Tor Arve ser seg tilbake

Foreningen !les er tjue år i år! Forfattar Tor Arve Røssland prøver å hugse første gongen han høyrte om oss.

Skrevet mars 27, 2017 i Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

I jubileumsåret vil vi publisere tekstar og helsingar frå personar som har bidrege i foreningens arbeid med å fremme leselyst blant barn, ungdom og vaksne.


Denne veka kjem 20-årsteksten frå Tor Arve Røssland. Tor Arve er forfattar og har vore nominert til Uprisen fleire gongar. Han har og vore representert i tXt-aksjonen og Tid for ti. Ikkje nok med det, han briljerar og med kunnskap under barne- og ungdomsbokquizen på Lillehammer. (Foto: André Soltvedt).

«Mitt aller første møte med Foreningen !les var då eg såg logoen. Det malplasserte ropeteiknet midt inni namnet. Det var rart, tenkte eg. Eg aner ikkje når dette var, eller kva samanheng det var i. Men foreininga kom til verda i 1997, så det var nok ein eller annan gong dei siste tjue åra. Eller dei siste atten åra, sidan eg debuterte i 1999.

Det første konkrete eg hugsar er Uprisnominasjonen eg fekk i 2011. For boka Svarte-Mathilda. Eg blei nominert saman med folk som Sigbjørn Mostue og Arne Svingen. Det var sterke saker, hugsar eg. Ein pris der ungdommen sjølv hadde bestemt at mi bok var ei av dei fem beste i 2010! Eg var sikker på at eg kom til å vinne.

Dagen før eg skulle til Lillehammer utførte eg eit eller anna stunt på altanen min heime på Os. Eg sklei og ramla og knuste kneet i sengekanten medan eg hoppa inn gjennom altandøra og inn på soverommet. Eg heldt på å svime av frå smertene.

Dagen etter var eg så full av paracet at eg knapt hugsar at eg tok fly og tog. Eg hugsar berre at det var jævlig vondt. Burde sikkert gått til legen. Eg kom fram til Mølla hotell på Lillehammer. Ei lang trapp ned til resepsjonen. Pokker. Trapper var det verste. Då måtte eg bøye kneet. Eg la med ned i senga oppå dyna og berre låg. I nokre timar.

Eg kom meg ut og halta meg gjennom gatene, møtte juryelevane som hadde lese bøkene. Dette gjorde eg saman med Hilde Hagerup. Det var kjekt, men eg kunne berre stå som ein stiv stokk midt på golvet. Etterpå døyva eg smertene med meir paracet og raudvin, sikkert ein heilt idiotisk kombo, men det var i alle fall kjekkare enn å ha det vondt.

Dagen for Uprisutdelinga kom, og eg hadde framleis like vondt. Faktisk meir vondt! Klarte nesten ikkje kle på meg. Vi nominerte forfattarar (og éin illustratør) sat i salen og venta spent. Filmskulen på Lillehammer laga Oscarshow av utdelinga. Det var kult. Alle vi nominerte opp på scenen å bli intervjua av konfransier Vera Micaelsen. Men korleis skulle vi kome oss opp dit? Jo, via ei lita trapp. Herregud! tenkte eg. Korleis skal eg kome meg opp der, med eit snev av verdighet? Eg beit smertene i meg, blei intervjua, halta meg ned igjen. Og heldt på å svime av nok ein gong. Eg sveitta og sveitta.

Når det nærma seg annonsering av vinnaren så tenkte eg berre på trappa.
Eg kjem meg ikkje opp igjen der. Ikkje utan hjelp!
Kva skal eg gjere?
Skal eg berre stå på golvet, og strekke meg opp mot scenen og ta imot prisen på en måten?
Det kjem til å sjå heilt teit ut og tv-produsenten kjem til å rive seg i håret.
«Kom deg inn i bildet!» kjem han til å kviskrerope.
For eg vinn heilt sikkert!
Boka mi er jo heilt konge!

Vinnarene blei Axel Hellstenius og Morten Skårdal med boka Fittekvote. Eg pusta faktisk letta ut.

Men i ettertid så ville eg sjølvsagt ha vunne prisen.
Sjølvsagt.

Etterpå har eg blitt kjend med dei som jobbar i Foreningen !les. Det er rett og slett ein fabelaktig fin gjeng. Eg har blitt nominert til Uprisen heile fire gonger! Utan å vinne. Eg trur faktisk at dersom dei tilsette i !les hadde hatt noko makt over prisen, så hadde dei gitt den til meg i no sist gong. Berre for lang og tru teneste. Så godt trur eg om dei.

Det er ei ære å bli nominert. Eg diggar ungdommen som likar bøkene mine. Eg klarer meg ikkje utan dei. Foreningen !les har gitt meg desse ungdommane.

Eg har fått mykje merksemd gjennom Foreningen !les. Både gjennom tXt-heftene og i nynorsksatsinga Tid for ti. Eit fantastisk tiltak for å spreie nynorsken ut til folket.
Det malplasserte ropeteiknet er ikkje så malplassert lenger. Faktisk vil eg ikkje ha noko av at teiknsetjingsmafiaen prøver å flytte på det. Det ser kult ut. !Basta!

For meg er Foreningen !les ein heilt naturleg del av den norske barne- og ungdomsbokkvardagen.

Ja, eg veit dei putlar på med ting for vaksne lesarar også, men barn og unge er viktigare. Mykje viktigare. Vaksne folk er «set-in-their-ways». Unge er lettare å ha med å gjere, det er lettare å få dei til å tenkje sjølv, og bøker kan vere med på å gjere nettopp dette.

Å gjere bøkene tilgjengelege er halve jobben.

Biblioteka gjer sin jobb, forlaga gjer ein annan jobb, og vi forfattarar gjer vårt.
Foreningen !les gjer alt det andre.»