Faktafyk og Tid for ti i trykken

Sakprosamagasinet Faktafyk og Nynorskantologien Tid for ti er no i trykken. Materiellet blir sendt til påmeldte skuler i januar 2016.

Skrevet desember 10, 2015 i Nyheter Legg inn kommentar

Faktafyk-OMSLAG-1
FAKTAFYK

Faktafyk er eit gratis sakprosamagasin i ungdomsskulen. Det kjem ut med eitt nummer i året. I 2016 kjem 4. årgang. Med Faktafyk vil vi øke interessa for sakprosa blant ungdom. Målet er ikkje at alle skal like alt, men at alle skal finne noko dei likar, og bli inspirert til å lese meir. Vi vil at elevane skal oppdage at sakprosa er eit vidt begrep som rommar ulike typar tekstar og som kan handla om heilt forskjellege ting. Faktafyk inneheld difor tekstar som spennar vidt når det gjeld både tema og form. Tidlegare har opplaget vore på 125 000, men på grunn av færre midlar til rådigheit blir opplaget denne gongen på 70 000. Vi har framleis nokon utgåvar igjen, så bestill gjerne til elevane.

Påmeldingsskjema her.

Les meir om Faktafyk her.

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les


TID FOR TI

Tid for ti er ein ny nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn i regi av Foreningen !les saman med Nynorsksenteret. Den inneheld ein antologi med tekstutdrag frå gode bøker på nynorsk tilpassa målgruppa. Tid for ti rettar seg både mot dei elevane som har nynorsk som hovudmål og elevar som skal ha nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. På nettsida til aksjonen er tekstane frå antologien, lydfiler av utdraga, bonusmateriell, aktivitetar og lærarrettleiing. Heile 12 000 elevar er i skrivande stund påmeldt. Me tar i mot nokon etterbestillingar, men då må du vere rask.

Les meir om Tid for ti her.