Tid for ti kjem til eit bibliotek nær deg

Neste veke besøkjer Foreningen !les og forfattar Anders Totland ni bibliotek i Sogn og Fjordane.

Skrevet mars 3, 2017 i Barneskole, Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Forfattar: Anders Totland er med i den nynorske leseaksjonen Tid for ti med boka «Engel i snøen». Her ifrå lanseringa på Gloppen folkebibliotek i januar. Foto: Nynorsksenteret.

Pressemelding frå Foreningen !les, torsdag 2. mars 2017

Turneen er eit samarbeid med Fylkesbibliotek i Sogn og Fjordane og Foreningen !les sin leseaksjon Tid for ti. Til biblioteka er klassar på 7. trinn som er med i aksjonen invitert. Dei vil få møte forfattar Anders Totland. Han har skrive boka Engel i snøen som er med i Tid for ti.

– Tid for ti er ein nynorsk leseaksjon som involverer skuler i heile Noreg. 15 000 elevar på 7. trinn deltek og samlege får ein antologi med utdrag frå nynorske ungdomsbøker. Målet er å vise fram breidda av nynorsk litteratur for målgruppa og inspirere dei til å lese meir. Dette er andre året aksjonen er ute i skulane og tilbakemeldingane er gode, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

– Det blir interessant å reise rundt i Sogn og Fjordane saman med forfattar Anders Totland og møte lesarane direkte. Det gjer ei spesiell oppleving og Totland er ein forrykande formidlar, legg Storø til.

Fylkesbiblioteket ynskjer å støtte opp om skulane og biblioteka som melder seg på Tid for ti.

– Med denne turnéen vil vi motivere til endå meir lesing av nynorsk litteratur. Vi har tru på at Tid for ti vil få ringverknader utover klassane som er med. Aksjonen inspirerer skular og bibliotek til å satse vidare på litteraturformidling for barn og unge, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

Totland og Storø vil saman med Fylkesbibliotek besøkje følgjande bibliotek:

Måndag 6. mars:
Eid bibliotek kl 9-10
Stryn bibliotek kl 12-13

Tysdag 7. mars:
Vågsøy folkebibliotek kl 9-10
Selje bibliotek, Flatraket filia kl 1030-1130
Selje folkeboksamling kl 13-14

Onsdag 8. mars:
Naustdal bibliotek kl 9-10
Jølster bibliotek, Vassenden filial kl 12-13

Torsdag 9. mars:
Leikanger bibliotek kl 9-10
Lærdal bibliotek kl 1230-1330

Foto av Anders Totland under lanseringa av Tid for ti på Gloppen folkebibliotek. Foto av Nynorsksenteret.

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Prosjektleiar Tid for ti
Foreningen !les
E-post: ole@foreningenles.no
Tlf.: 480 03 448

Om Foreningen !les
Foreningen !les er ein ideell medlemsorgansisasjon og blant Noregs fremste formidlarar av litteratur til barn, ungdom og vaksne. Les meir på www.foreningenles.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *