Sommer!les: Øystein Espe Bae

Kva skal du lese i sommar? Vi har spurt forskjellege personar og vil i løpet av sommarvekene prestentere deira lesetips og leseopplevingar. I dag: Øystein Espe Bae.

Skrevet august 5, 2017 i Bibliotek/lærer, Formidling, Nyheter Legg inn kommentar


Navn:
Øystein Espe Bae
Alder: 33
Yrke: Formidlingsrådgjevar ved Norsk barnebokinstitutt

Kva skal du lese i sommar?
– Årets sommar blir heilt lik fjorårets: Eg skal lese alle barne- og ungdomsbøkene som er meldt på Brageprisen for barn og unge. Meir vert det dessverre ikkje tid til. Eg håper det kjem ut enno fleire gode lyrikkbøker for barn og unge i år.

Kva er ditt beste sommerleseminne?
– Det første eg tenker på er lesing av gamle Donald-blad i sommarferiane på seint 80-tal, i baksetet på ein ganske varm Volkswagen Caravelle frå 1978 med kolsvarte skinnseter. Systra mi las hesteblad i den perioda, og broren min haldt berre på med lego og leikebilar, så eg fekk ha blada for meg sjølv. Det var i seg sjølv ein positiv ting på den tida.

Kva er den beste boka du har lese til no i år?
– Therese Tungens novellesamling Ein gong var dei ulvar er ein skakande god debut frå i år som er verd å trekke fram. Vonar det kjem meir frå den kanten!

Boka du aldri gløymar?
– Jean De Brunhoffs Kong babar, omdikta av Jón Sveinbjørn Jónsson. Den franske førsteutgåva kom vel ut i 1933, og boka er framleis interessant og morosam spør du meg, med sitt parodierande og framandgjerande blikk på krig og fransk imperialisme. Eg las den då eg nett hadde lært å lese, og eg hugsar eg synest det var utruleg fascinerande at elefantane var menneskeleggjorte, og at bileta var så vakre. Eit tips til sommarlesnad i den samanhengen er ein lærerik artikkel av Adam Gopniki i The New Yorker frå 2008, om De Brunhoffs forfattarskap, med utgangspunkt i om det bør kritiserast med ei postkolonialistisk vinkling.

Beste barneboka du har lese?
– Vanskeleg spørsmål. Den første eg kom på var faktisk danske Janne Tellers Ingenting (oversatt av Kirsti Øvergaard), som kom ut i 2000. Den kan eg lese om att og om att, og eg blir alltid like nedstemt – på den fine måten.