Sommer!les: Asbjørn Rydland

Kva skal du lese i sommar? Vi har spurt forskjellege personar og vil i løpet av sommarvekene prestentere deira lesetips og leseopplevingar. I dag: Asbjørn Rydland.

Skrevet august 14, 2017 i Formidling, Nyheter Legg inn kommentar

Navn: Asbjørn Rydland (Foto: Tove K. Breistein)
Alder: 41
Stilling: Forfattar

Hva skal du lese i sommer?
I sommar skal eg plukka opp eit par bøker eg har hatt liggjande og ikkje heilt blitt ferdig med. Sommar og ferietid er dei periodane eg les mest i løpet av året, så eg har litt å ta igjen. Akkurat no går det i utanlandsk fantasy: Eg har nettopp begynt på Mistbornserien til Brandon Sanderson, ein forfattar eg oppdaga tidlegare i år, og så langt ser det veldig bra ut.

Hva er ditt beste sommerleseminne?
– Eg er forferdeleg dårleg til å hugsa sånt. Alle sommardagane på strender, i hengekøyer og solvarme hagar glir på ein måte over i kvarandre så eg ikkje greier å skilja dei. Stort sett har sommarlesinga mi vore lange dagar utan anna å gjera enn å av og til henta nye isbitar, men det finst unntak: Som tenåring brukte eg mykje tid på å hjelpa bestefar min i slåtten, og då hadde eg som regel med meg ei bok. Ein kan pressa inn ein god del sider mellom kvart lass med gras som skal spreiast ut i siloen, om ein er effektiv. På den tida gjekk det mykje i masseprodusert amerikansk fantasy basert på ulike rollespel, så det var nok ganske lettlest og ikkje spesielt bra, men det passa perfekt akkurat då.

Hvilken bok er den beste du har lest hittil i år?
Steelheart, av tidlegare nemnde Sanderson. Det er ei spennande, brutal og morosam historie om ei verd styrt av tyranniske supermenneske, og ei lita gruppe motstandsfolk som prøver å kjempa mot dei.

Boka du aldri glemmer?
– Sanninga er at det er mange bøker eg aldri kjem til å gløyma. Altfor mange til å nemna, men eg trekker ofte fram Trollmannen fra Jordsjø av Ursula le Guin når folk spør meg om sånt, av fleire grunnar: Det er den første boka eg hugsar at eg plukka ut sjølv ein gong eg var i bokhandelen med mor mi, og bortsett frå Astrid Lindgren sine bøker var det den første fantasyboka eg leste. Eg var kanskje ni år gamal eller noko sånt, og historia var kjempeskummel og fantastisk. Det var den boka som verkeleg vekka interessa for fantasysjangeren i meg.

Beste barneboka du har lest?
– Nok eit forferdeleg vanskeleg spørsmål, men eg trur eg må tilbake til klassikarane her: Mio, min Mio av Astrid Lindgren blei lest fleire gonger, både høgt og stille, og var like spennande kvar gong.