Rekordopplag for Tid for ti-antologien

Foreningen !les lanserer ein ny Tid for ti-aksjon i januar 2018. Heile 20 000 antologiar blir då sende til påmelde skular og bibliotek i heile Noreg.

Skrevet oktober 23, 2017 i Barneskole, Bibliotek/lærer, Formidling, Presse Legg inn kommentar

Pressemelding frå Foreningen !les 23. oktober 2017
Kontakt: Ole Ivar Burås Storø, tlf.: 480 03 448

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. Aksjonen blei starta i 2015 og er i samarbeid med Nynorsksenteret. Alle påmelde elevar får ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker. Opplaget er på 20 000, ei auking på 5 000 frå tidlegare aksjonar.

– Det er heilt vilt, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole IB Storø.

– Vi har auka opplaget frå 15 000 til 20 000, og aksjonen blei fullteikna tre veker før påmeldingsfristen. Dette er ny rekord, og vi kunne sikkert auka opplaget enda meir. Det er tydeleg ei stor interesse for nynorsk kvalitetslitteratur blant lærarar, elevar og bibliotekarar rundt om i Noreg, legg Storø til.

Foreningen !les opplever eit behov i skulen om eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk.

– Tid for ti har vore ein suksess frå dag ein. Engasjementet er stort. Elevane les, skriv og meiner noko om tekstane. Aksjonen bidreg til auka leselyst, seier Storø.

Den nye Tid for ti-antologien vil innehalde utdrag frå sju bøker utgjevne i 2017. Dei resterande tre er frå 2012, 2014 og 2015.

– Det har vore eit godt år for nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Det er berre Magnhild Bruheims «Motorsykkelmysteriet» som har vore med i tidlegare aksjonar. Elles er det heilt nye bøker i antologien, og ei god breidde i sjangrar og forlag. Alle desse bøkene vil engasjere lesarane.

Følgande bøker er med i Tid for ti 2018:
Villheks – Eldprøva av Lene Kaaberbøl (Samlaget, 2012)
Snillionen av Arnfinn Kolerud (Cappelen Damm, 2017)
Apetryne av Atle Hansen (Samlaget, 2017)
Stamceller av Øystein Runde (Gyldendal, 2017)
Keeperen og havet av Maria Parr (Samlaget, 2017)
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget, 2014)
Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland. Ill. av Sigbjørn Lilleeng (Samlaget, 2017)
Svikta av Bente Bratlund (Mangschou, 2017)
Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin (Samlaget, 2017)
Glimt av Tor Arve Røssland (Samlaget, 2015)

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Foreningen !les
E-post: ole@foreningenles.no
Tlf.: 480 03 448

Les meir: www.tidforti.no

Om Foreningen !les
Foreningen !les er ein ideell organisasjon og blant Noregs fremste formidlarar av litteratur til barn, ungdom og vaksne. Les meir på www.foreningenles.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa, som utviklar og formidlar arbeidsmåtar som skapar språkkompetanse og motivasjon. Les meir på www.nynorsksenteret.no