Tore Renberg: Du er så lys

FØR:

Sjå på omslag, tittel, sjanger og les ingressen.
Snakk om forventningar til teksten. Ta ev. utgangspunkt i spørsmål som:

– Kjenner de forfattaren? Kva veit de om han?
– Kva slags forventningar har de til ein tekst som deltek i sjangeren psykologisk realisme?
– Kjenner de til andre bøker innan denne sjangeren?

– Kva ser de på framsida?
– Kva slags inntrykk får de av personen på framsida?
– Kven trur de det er?
– Kva synest de om framsida?

– Korleis forstår de tittelen på boka, Du er så lys?
– Kva slags samanheng ser de mellom framsida, tema og ingress?
– Kva trur de teksten handlar om?
– Kva trur de at de kjem til å like/ikkje like?

 

UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes midt på s. 124 (etter «Det var ein kniv») eller etter nokre minutt.

La dei deretter skrive nokre spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Det kan vere spørsmål som utdraget gjer svar på, antydar svar på eller berre ting de lurer på.

Her er nokre spørsmål som kan brukast som døme:

– Kvifor blir Vibeke omtalt som politisk ukorrekt?
– Kvifor samanliknar Jørgen ryggsøyla til Vibeke med ein slange?
– Kor lang tid går det frå at Jørgen tar Vibeke bakfrå til Steinar dukkar opp?
– Kvifor er Jørgen så opptatt av Steinar?
– Kvifor bruker Jørgen uttrykket «sirkusnummer» om det som skjer?
– Kvifor gjer Steinar ein kniv til Vidar?
– Blir Vidar glad?
– Kva kjem til å skje med kniven?

Alternativt kan de bruke nokre minutt på å skrive kva de trur vil skje vidare. Deretter fortset de å lese resten av utdraget.

 

ETTER:

1. Lage spørsmål
Gruppearbeid

Når elevane har lese utdraget, skal de lage spørsmål i grupper.
La de sitte saman og finne på spørsmål i lag.
Førebu ev. aktiviteten gjennom å snakke kort med elevane om korleis ulike typar spørsmål legg opp til ulike typar svar. Eit enkelt skilje mellom spørsmål med og utan ein eintydig fasit kan vere nok, saman med ei oppmoding til å stille flest av dei siste.
Alternativt kan ein bruke eit skilje mellom spørsmål som fører til korte eller lange svar eller mellom enfingerspørsmål, flerfingerspørsmål og ut-av-teksten-spørsmål slik Kverndokken foreslår i 101 måter å lese leseleksa på (Kverndokken 2012).

Be elevane om å velje ut dei spørsmåla – til dømes tre eller fem per gruppe – som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner at akkurat desse spørsmåla er gode spørsmål til utdraget frå Du er så lys.

 

2. Diskusjon og avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget. Dersom de snakket om ulike typar spørsmål under punkt 2 kan det dessutan vere lurt å ta opp dette på nytt og å bestemme dei ulike spørsmåla i lys av den enkle typologien.

La deretter samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg til spørsmåla som elevane har laga, kan de vurdere å bruke spørsmål som desse:

– Kven er Steinar?
– Kva synest de om han?
– Kva slags inntrykk får de av eg-forteljaren, Jørgen?
– Korleis framstiller han seg sjølv? Og kvifor meiner han at han er slik han er?
– Kva synest de om han?
– Kva slags jobb trur de han har?
– Korleis synest de at familien er beskrive? Samanlikn ev. med familierelasjonen i utdraget frå Nei og atter nei av Nina Lykke og Kan jeg bli med deg hjem av Marie Aubert.
– Kva har det å si for framstillinga av familierelasjonane kven som fortel?
– Korleis trivst Ingrid, eg-forteljaren i Nei og atter nei i familierollen?
– Korleis trur de at forteljaren kjenner seg heime i familien i Marie Aubert?
– Og korleis tenker de at Jørgen trivst som familiefar?
– Kva trur de Jørgen synest om Steinar, naboen? Grunngi svaret.
– Blir inntrykket av Steinar påverka av korleis Jørgen framstiller han?
– Kva trur de katastrofen er for noko?
– Korleis forstår de tittelen?

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassa. Klarar de å bli samd om ei felles vurdering?

– Liker de utdraget frå Du er så lys? Kvifor/kvifor ikkje?

 

Ekstraoppgåve:

Finn ut meir om forfattaren. Skriv deretter eit fiktivt intervju eller hald eit føredrag for klassa di.
Her er nokre tips til nettstader der du finn informasjon om Tore Renberg:
https://snl.no/Tore_Renberg
http://www.inmagasinet.no/tore-renberg-paa-sporet-av-tore.5913095.html
http://www.tv2.no/v/1070187/
https://www.facebook.com/torerenberg/
https://radio.nrk.no/serie/sommer-i-p2/mkrv14002017/08-07-2017

Du kan òg sjå Tore Renberg snakke om realistisk litteratur her

Denne oppgaven dekker fleire kompetansemål, blant anna desse: 

– Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål (VG1)

– Skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål (VG2)

– Skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster (VG3)


Anvendt litteratur:

Kverndokken, Kåre (2012). 101 måter å lese leseleksa på. Om lesing, lesebestillinger og tekstvalg. Fagbokforlaget.