Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar

FØR:

Snakk om framsida, tittel og ingress.

– Kva slags forventningar har de til ei novelle?
– Kjenner de til andre eksempel på denne sjangeren?
– Kva kjenneteiknar desse tekstane?
De finn eksempel på sjangeren i bonussporet til dette utdraget og ein definisjon her.

– Kva tenker de om tittelen, Ein gong var dei ulvar?
– Kven trur de det er som ein gong var ulvar?
– Når trur de handlinga finn stad?

– Kva synest de om framsida?

For å førebu lesinga kan det òg vere lurt å snakke om ord som: ròte, annleis, glenne, opake, irisen, turr, setlane, kvesande, vog samt bruken av Sætre/Sætrin

Gå deretter inn på nettsidene til Rein tekst og klikk på framsida til Ein gong var dei ulvar. Gjer klar til å spele av lydfila til utdraget som ligg i høyremargen. Fortel elevane at dei skal ta notat mens dei lyttar slik at dei etterpå kan skrive eit samandrag av teksten.

 

UNDERVEGS:

Ta notat til teksten mens de lyttar til lydfila. Spel gjerne av lydfila to gongar.

 

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Samanlikn samandraga
Grupper på to-tre elevar

Når alle har skrive eit samandrag, samanliknar elevane det de har skrive i grupper på to-tre elevar:

– Kva er likt, og kva er ulikt?

– Korleis er det å skrive samandrag av ein tekst utan å ha lese han – berre å ha lytta?

3. Diskusjon
Klassesamtale

Del først erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse.

Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og følg opp med spørsmål som bygg vidare på svara til elevane. Følgande spørsmål kan ev. inngå i diskusjonen:

– Kva slags inntrykk får de av hovudpersonen, Tor?
– Kvifor dreg han tilbake til garden?
– Kvifor trur de han får ei kjensle av å bli sett av tusen auge?
– Kva trur de har skjedd mellom dei to familiane?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Tor og Sætre?
– Kvifor trur de at Tor vel å ikkje varsle ungane til Sætre?
– Kvifor trur de at Tor vil at Sætre skal døy?
– Kvifor vel Tor slik han gjer?
– Er de einig i dette eller meiner de at han burde handla annleis? Kva meiner de han skulle gjort?
– Kva slags stemning pregar utdraget? Grunngi svaret.
– Synes de utdraget er uhyggeleg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Får de følelsen av unntakstilstand? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva slags konsekvensar trur de det hadde hatt om Noreg hadde blitt ramma av ein stor flaum?
– I kva grad synest de at tittelen passar til utdraget?
– Kva slags teikn finn de på at dette er eit utdrag frå ei novelle?
– Er det forskjell på å lese eit utdrag frå ei novelle og eit utdrag frå ein roman? Grunngi svaret.

Skriveoppgåver:

Skriv scena frå synsvinkelen til Sætre.
Kva tenker han når Tor dukkar opp? Kva ønsker han og kva tenker han om korleis han må gå fram for å få det til? Kva tenker han når Tor dreg på slutten av utdraget?

Skriv vidare på utdraget. Kva gjer Tor? Får han skyldkjensle? Kjem han tilbake til garden til Sætre? Kva gjer han og dottera, Inger-Marie?

 

Denne oppgåva dekker fleire kompetansemål, mellom anna desse: 

– Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål (VG1)

– Skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål (VG2)

– Skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster (VG3)