Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Guds barn

Handlinga i «Guds barn» er lagt til Palestina på Jesu tid. I romanen møter vi røvarar, soldatar, profetar, barn, sjuke og mange andre. Nokre skikkelsar er kjend frå «Bibelen», men dei fleste er oppdikta. I dette utdraget møter vi soldatar som Herodes har sendt ut for å drepe alle gutebarn under to år. Historia er fortalt i «Bibelen», men i «Guds barn» er det offiseraren Capito som fortel si versjon.

Lars Petter Sveen Aschehoug 2015 1 anmeldelse

 

1. Små barn

DET VAR I KONG HERODES den stores dagar, i Betlehem, vi var på jakt etter ein liten jødekonge som var blitt født. Stjernene var oppe, vi var komne for å drepe han.

Tuscus brasa gjennom døra og viste veg for Cato, som tok leiinga med sverdet i handa mens eg følgde etter. Longus vart igjen på utsida. Eit gammalt ektepar sat på kne i det vesle rommet. Ei skrøpeleg oljelampe skein og kasta eit flakkande lys over dei gamle. Cato peikte på dei med sverdet, han hadde kommandoen, han var leiaren vår. Han opna munnen, men i staden for å seie noko, brekte han seg. Han bøygde seg og kasta opp på golvet. Tuscus trekte seg unna.

Cato, sa eg, men han ensa meg ikkje. Dei gamle stirde på Cato og alt som kom veltande ut av han. Eg gjekk fram og bort til dei med handa kvilande på skjeftet. Om noko skulle skje, var det eg som skulle ta over, vi hadde øvd på dette. Det som høyrdest ut som ein hund, ulte frå utsida. Min eigen pust lukta ròte. Cato vrengde seg enda ein gong. Sverdet laga ein jamrande lyd da han lét det skrape bortetter golvet. Det var blitt for mykje for han, alle dei små. Kor mange gutebarn hadde vi drepe for å råke eitt lite eit?

Eg såg på dei gamle, eg såg omkring på det vesle dei eigde.

Er det barn her, spurde eg.

Den gamle mannen rista på hovudet, sa nei, nei, ingen barn, og kona begynte å gråte.

Longus, ropte eg, og Longus kom til syne i døropninga.

Vi kjem ut, sa eg, vi er ferdige her. Longus såg mot Cato, nikka og forsvann tilbake til stillinga på utsida. Tuscus vende om, tok borti restane av døra han hadde rive sund, og mumla noko. Eg gjekk bort til Cato og hjelpte han opp. Cato såg på meg. Auga var raude, det hang sikl frå munnopninga.

Eg beklagar, Capito, sa han, de skal ikkje sjå meg slik, og han reiste seg, sette sverdet i slira og spytta på golvet.

Kom, sa han, og vi gjekk ut derifrå.

Vi heldt ikkje formasjonen. Eg og Cato gjekk fremst, Tuscus og Longus var rett bak. Dei store hendene til Tuscus vogga fram og tilbake i ei merkeleg takt. Longus, med det lyse håret som skein i natta, som om støv frå den klare stjerna hadde dryssa ned over han.

Longus stod berre på utsida av alle dørene og lytta og skubba inn igjen dei som prøvde å komme seg ut. Longus, du Longus, sa Cato på eit tidspunkt da auga hans var klare og det strålte ein underleg varme frå han. Du er den som held oss fast i denne verda, Longus. Og Tuscus la til: Det einaste han held fast i der ute, er pikken sin. Det er vi som må gjere dritjobben.

Det var håplause ordrar. Vi var blitt kalla inn frå basen vår i Cæsarea for å tenestegjere i Jerusalem. Og så, ut av det blå, vart vi spurt om å danne ein liten elitetropp, berre reint blod, og reise til Betlehem. Det var snakk om at ein jødekonge var blitt fødd. Kong Herodes uroa seg og ville gjere ein ende på rykta. Han ville hyre oss, mot betaling, for å gjere det han bad om. Vi skulle drepe alle gutebarna i byen som var to år eller yngre. Kong Herodes stolte ikkje på at jødane kunne gjere slikt mot sine eigne. Men sjølv for oss var det vanskeleg. Kor mange budde i denne byen, kven visste kvar dei nyfødde gutebarna var? Vi braut oss inn i hus der folk ikkje skjønte kva vi sa. Når vi fann barn, kven visste kor gamle dei var? Vi spurde mødrene, dei hylte. Vi spurde fedrane, dei nekta å svare. Cato sa vi skulle ta alle vi fann, alt vi kom over, ikkje spør meir, berre bli ferdig med det. Utover natta snakka Cato meir og meir. Stemma hans vart lysare og tynnare. Han lovprisa oss for kvart hus vi kom ut frå, sa vi ville ha gjort general Pompeius stolt.

Dei vil høyre om oss i Rom.

Vi vil få ei eiga avdeling i triumftoget for denne bragden.

Han bar sverdet i handa, tørka ikkje blodet av det. Mennene vi skauv til side, våga ikkje sjå på han, kvinnene stilte seg inntil veggane og klynka namna på barna og guden sin.

Men vi var blitt slitne. I byrjinga talde vi alle dei små, utover natta mista eg teljinga. Det var håplause ordrar, det var ikkje dette vi slost for. Kor mykje hadde vi trent, kor mykje hadde vi øvd med kjeppar, dei forbanna tresverda, brølt til kvarandre. Vi var klar for dei store slaga, vi var klar for den mektige motstanden. I staden vart vi sendt hit, til utkanten av riket. Alt var uoversiktleg her, fiendane stilte seg ikkje opp med hærstyrkar på slagmarkene. Det var ikkje råd å halde orden på alle grupperingane, på alle fraksjonane. Herodes styrte, som visekonge på keisar Augustus’ nåde. Det var dei som støtta og samarbeidde med Herodes, og andre som murra og klaga. Fleire gonger drog vi ut for å reinske bort oppstand, det kunne vere fattigfolk utan våpen eller små bandar som gøymde seg i fjella. Ofte måtte vi hjelpe dei som mislikte oss, vi patruljerte og jaga vekk røvarar, berre for å få vonde blikk og så gi ordre om å rykke inn i dei same områda for å slå ned på opprør blant dei vi hadde hjelpt. Alle desse små landområda var som tørre kvistar som venta på å bli sett i brann.

Det er over for i natt, sa Cato og spytta og bad oss finne vatn. Det lukta av han. Det lukta av oss alle. Stjernene brann på himmelen, ei sterkare enn dei andre, ingen av oss hadde sett noko slikt før.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 5-17.

Les meir om forfattaren her og her.

Boktips:

«En tid for alt» av Karl Ove Knausgård

«Den 13. Disippel» av Tom Egeland

«Goliat» av Tom Gauld

«1. Mosebok» av Robert Crumb

«Om Jesus»  og  «Om Gud» av Jonas Gardell

«Andvake»-trilogien av Jon Fosse

«Fiolinane» av Jan Roar Leikvoll

«Opptegnelser fra Jerusalem» av Guy Delisle

«Palestine» av Joe Sacco

«Jesusevangeliet» av José Saramago

«Barabbas» av Pär Lagerkvist

«Lewis reise» av Per Olov Enquist

«Jesus: A Revolutionary Biography» av John Dominic Crossan

Her og her kan du lese om en nyoversettelse av Bibelen.

Les Bibelen på nett her.

Filmtips:

«Life of Brian» (1979). Se trailer under:

«Jesu siste fristelse». Les mer om filmen her.

«Matteusevangeliet». Les mer om filmen her.

Musikktips:

U2: «Wake up, dead man»

Kanye West: «Jesus Walks»

Sveen ble nylig kåret til en av  de ti beste norske forfatterne under 35 år. Les mer her.

Sagt om boka her.

Les anmeldelsen av «Guds barn» i aftenposten her.

«Ord om ondskap: Lars Petter Sveen utfordrer sine lesere med spørsmålet om Det gode og Det ondes eksistens, og med betydningen av hvert enkelt menneskes moralske og etiske valg.» Les hele anmeldelsen her.

Til toppen