Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Dommedøgn

Romanen tar for seg ulike personar i bygda Berg. Den lokale fabrikken er nedlagt og ein katastrofe er nær. I dette utdraget møter vi skuleelev Linn og sjukepleiar Cecilie, som begge har sitt å stri med.

Kjersti Wøien Håland Flamme 2015

 

LINN

VI ER PÅ skuletur til eit museum som viser korleis folk budde i vikingtida. Det verkar som om alle trur at om ein lærer nok om historia som var, så kan vi endre historia som blir. Det har aldri vore sant, så vidt eg har erfart, eller lese. Det einaste eg lærar frå historiebøkene, er kor håplaust det er å prøve. Eg har leita og leita etter Fiver, men han er ingen steder, og ingen vil hjelpe meg å leite. Eg trur kanskje han har bestemt seg for å reise frå meg. Men om eg tenker den tanken, er det vanskeleg for meg å puste, fordi han var min favoritt i heile verda.

Lærarane har slutta å spørje meg om ting i timen. Eg veit ikkje kvifor, for eg har alltid svart. No spør dei alle andre i staden, og dei er ikkje like smarte. Eg er ikkje smart heller, men eg er i det minste klar over det, og det får telle for noko. Eg stryk hendene langs treveggane, og prøver å sjå for meg korleis det var å leve i den tida, men eg merkar at eg verkeleg ikkje bryr meg. Det er ei som viser oss rundt, som eg trur har bestemt seg for å snakke til alle som om dei er sju år. Den søte måten å prate på som gjer at ein har lyst til å kaste opp, til og med om ein er sju år. Kvifor kan dei ikkje høyre det?

Eg stirar på dei andre i klassen min. Vi skal visst sjå på ein båt no. Eit langt treskip, med dragehovud.

«… har dei restaurert det originale skipet frå delane dei fann,» seier omvisaren. Eg rekker opp handa. Ho ser forvirra ut, sikkert ikkje vand til spørsmål.

«Kvifor?» spør eg.

Ho ser på meg som eg snakkar eit språk ho ikkje forstår. Det er eit blikk eg byrjar å bli vand med.

«Eg veit ikkje om eg skjønner kva du meiner? Det er restaurert, så vi kan få eit bilete av korleis det eigentleg såg ut.»

«Kva var det dei fann? Dei som fann båten?»

«Det er det som er så fantastisk, det var berre plankar og bitar, men dragehovudet var intakt.»

«Men kvifor skulle dei restaurere det?»

«Det har eg allereie svart på.»

«Linn,» seier læraren.

«Ja?» seier eg, men han har visst ikkje noko meir å seie. Han berre løftar augebryna.

«Kvifor pynte på det? Det var ikkje eit skip lenger. Det var plankar. Kvifor skal ein pynte på historia? Ho er jo ikkje levande. Ho er død.»

Omvisaren forstår ikkje kva eg meiner, og fortset å prate.

«Unnskyld,» seier eg. «Men kan du ikkje svare på noko? Eg lurer på kvifor vi skal lyge om ting som har skjedd.»

«Dei lyg ikkje. Det var sånn skipet såg ut.»

«Ja, sånn såg det kanskje ut ein gong, men så skjedde det noko og så var det berre plankar igjen. Det er òg ei sanning. Ei like stor sanning, er det ikkje?»

«Kvifor skulle vi ha lyst til å sjå på nokre plankar?»

«Så du meiner at vi pyntar på det, så vi skal klare å sjå på det? Er det sånn dei skriv bøkene også?»

«Dette er historie, ikkje filosofi, Linn. Ver stille,» seier læraren.

«Kvifor?» spør eg.

«Ok. Det var dropen.»

Han tar tak i armen min og dyttar meg litt sånn forsiktig ut.

Det er folk som ler bak meg. Eg forstår ikkje kva det er som er så morosamt heile tida.

Ved døra står Kine, Sara og Anne-Marie. Dei slemme jentene, som ikkje er slemme. Som drikk vodka og røyker og ropar og skrik, men som aldri plagar nokon. Kine ler.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 83-90.

Les meir om forfattaren her.

«Dommedøgn» blei nominert til Ungdommens kritikerpris 2014/15. Les nominasjonsjuryens begrunnelse her.

Boktips:

«Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet» av Eivind Hofstad Evjemo

«Få meg på, for faen» av Olaug Nilssen

«Fugletribunalet» av Agnes Ravatn

Filmtips:

Katastrofa inntreff i «Dommedøgn». Her er eit par tips til katastrofefilmar:

«Bølgen» 

«Day after tomorrow»

Andre filmar:

«Få meg på, for faen»

I utdraget er Linn og klassen på museumsbesøk kor de lærar om Vikingtida. Sjå video om Vikingtida her. 

Musikktips:

Bruce Springsteen syng ofte om små steder og menneskane der. Sjekk låta «Freehold» under:

Tønes er ein norsk artist som har fått gode anmeldelsar, spesielt på grunn av tekstane sine. Han syng ofte om menneskar på små plasser. Les ein tekst av han her.

Kva syns du om teksten?

Sjekk ein opptreden under:

Stein Torleif Bjella tar også for seg menneskar på bygda, spesielt tause mannfolk. Sjå Bjella framføre ein av sine låtar under:

Bygd mot by er eit tema som ofte debatteras i norsk offentlegheit. Sjå debatt på VGTV her.

Følg NRK Debatten om temaet her.

Tidleg i 2015 vart nyheitsbilete i Noreg prega av fjellet «Mannen», som ligg i Romsdalen, og som mange frykta skulle velte. Les om «Mannen» her.

Les meir om Vikingtida her.

Ein sentral handling i «Dommedøgn» er også at den lokale fabrikken er nedlagt og at mange av innbyggarane har mista jobben. Dette er eit aktuelt tema i nyheitane. Les om Orkla her og REC her, to selskap som har lagt ned arbeidsplassar i Noreg.

Ein konsekvens av å miste jobben er at mange havnar på NAV. Lurer du på kva NAV er og gjer? Les meir her.

Til toppen