Olaug Nilssen: Tung tids tale

FØR:

Snakk om framsida, tittel og ingress.

Tung tids tale er ein roman fortald av Olaug, mora til ein gut som har utvikla autisme.
– Kva veit de om autisme?
– Korleis trur de det er å ha ein gut, ei dotter eller eit søsken med autistiske trekk?

Tung tids tale er kategorisert som «verkelegheitslitteratur».
– Kva veit de om denne sjangeren?
– Kan ein roman fortelje ei verkeleg/sann historie? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva er forskjellen på å fortelje ei verkeleg historie i sakprosa og i ein roman?
– Kvifor trur de at forfattaren har vald å skrive dette som ein roman?
– Korleis forstår de tittelen?
– Kva slags samanhengar ser de mellom tittel, tema og sjanger?

For å førebu lesinga kan det òg vere lurt å snakke om ord som: 48-timarsregelen, augneblink, bosspann og sakshandsamarar. Det kan òg vere lurt å snakke om den musikken som vert nemnd i utdraget: Phantom of the Opera og Kvelertak. Kva slags musikk er det?

Gå deretter inn på nettsidene til Rein tekst og klikk på framsida til Tung tids tale. Gjer klar til å spele av lydfila til utdraget som ligg i høyremargen. Fortel elevane at dei skal ta notat mens dei lyttar slik at dei etterpå kan skrive eit samandrag av teksten.

 

UNDERVEGS:

Ta notat til teksten mens de lyttar til lydfila. Spel gjerne av lydfila to gongar.

 

ETTER:

Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Samanlikn samandraga
Grupper på to-tre elevar

Når alle har skrive eit samandrag, samanliknar elevane det de har skrive i grupper på to-tre elevar:
– Kva er likt, og kva er ulikt?
– Korleis er det å skrive samandrag av ein tekst utan å ha lese han – berre å ha lytta?

3. Diskusjon
Klassesamtale

Del først erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse.

Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og følg opp med spørsmål som bygg vidare på svara til elevane. Følgande spørsmål kan ev. inngå i diskusjonen:

– Kva slags inntrykk får de av Daniel?
– Forteljaren bruker uttrykket «ordlaus kommunikasjon».
– I kva grad trur de at Daniel klarer å uttrykke seg ved hjelp av slik «ordlaus kommunikasjon»?
– Kva slags inntrykk får de av mora som fortel?
– Korleis trur de det er å ha eit barn med autisme?
– Kva slags eigenskapar trengs?
– Kva trur de ho meiner når ho seier: «Vi to. Autistane»?
– Korleis trur de det er å ha eit barn med autisme?

– Korleis trur de det er å vere søsken?
– Korleis kjem kjærleiken til mora til uttrykk i utdraget?
– Kva slags rolle har musikken i utdraget?

Tung tids tale vann Brageprisen 2017. I grunngjevinga til juryen står det mellom anna at:
«Tung tids tale er eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati. … Tung tids tale er ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi.»

– Er de einige i at teksten kan omtalast som eit «kampskrift»?
– Kva trur de forteljaren meiner om tilbodet for familiar med autistiske barn?
– Kva slags teikn på takksemd og kritikk finn de i teksten?
– Korleis forstår de dei korte avsnitta på s.94 og s.97? Kva gjer det med leseopplevinga?

Forfattaren kallar Tung tids tale ein roman.
– Er de einige?
– Korleis hadde det vore viss boka hadde vore presentert som sakprosa?
– Kva tenker de om at ei mamma skriv om ein son som ikkje kan komme med sin versjon?

Tittelen, Tung tids tale, viser til eit dikt av Halldis Moren Vesaas som ble gitt ut i 1945, rett etter krigen.

Les det korte diktet her.

Samanlikn utdrag og dikt.
– Ser de nokre likskapar?

De kan òg samanlikne med utdraget frå Går du nå, er du ikke lenger min datter av Anne Bitsch (sjå Rein tekst-antologien s. 57-66).

 

Forslag til kompetansemål:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)