Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida

FØR:

Sjå på framsida og ingress.
– Korleis forstår de tittelen, Eg snakkar om det heila tida?
– Kva trur de det er ho snakkar om?

Teksten er omtalt som pamflett.
Kva legg de i dette ordet?

Jamfør ev. med dei andre teksttypane som er nemnde i ingressen: vitnemål, appell og sjølvransaking.
– Kva slags likskapar og skilnader finn de mellom desse teksttypane?

 

UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord i ein leselogg medan dei les. Det kan vere:

– Noko dei synest er overraskande
– Noko som gjer inntrykk på dei

 

ETTER:

1. Førebels reaksjon på utdraget
Klassesamtale

Snakk først litt om kva som overraska dei og kva som gjorde inntrykk på dei i utdraget frå Eg snakkar om det heile tida.

Be også elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ein førebels forståing av kva teksten handlar om.

2. «Stille lesesirkel»*
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3-4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1-2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sitt der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1-2 minutt til å reagere på naboens tekst: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – ho som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan nå få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunktane ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eit eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva er det de snakkar om heile tida?
– Kva tyder hudfarge for dykk?
– Kvifor trur de dei eldgamle damene reagerer slik dei gjer?
– Kva synest de om at forteljaren gjer om på historia ved å legge inn mormora si?
– Kvifor trur de at ho gjer det?
– Kvifor trur de at det «boblar under tunga» på forteljaren når den gamle dama går av bussen og takkar ho for å ha levert tilbake månadskortet?
– Kva trur de ho meiner når ho seier at ho er «eit lam i ulveklede»?
– Veit de kva «quid pro quo» tyder? Klarar de å finne det ut?
– Kvifor trur de ho lèt vere å svinge inn i Schultz’ gate og heller held fram til Majorstukrysset?
– Kvifor trur de ho reagerer så sterkt når ho blir merksam på korleis ho står når ho låser sykkelen?
– Har de høyrt om Pavlovs eksperiment med hundar? Kva klarar de å finne ut?
– Kvifor trur de at ho viser til dette eksperimentet? I kva grad er det relevant for situasjonen med sykkelen?
– Kva trur de er årsaka til at forteljaren ransakar minna sine?
– Kva fortel minna våre om kven vi er?
– I kva grad kan vi styre minna våre?

Til slutt blir elevane oppfordra til å gi uttrykk for om dei likte boka. Kvifor/kvifor ikkje?

 

* Idéen til denne fremgangsmåten er hentet fra:

Daniels, Harvey A. og Elaine Daniels (2013). The Best-Kept Teaching Secret, Corwin

 

Denne oppgåva dekker fleire kompetansemål, mellom anna desse:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)