Bokmelding: Eit friskt vindpust over krigsromanane

Skuleelev Kristine Bastlien i klasse 2STB ved Ølen vidaregåande skule har skrivne ein omtale av eit utdrag frå Ida Jacksons bok, "Morfar, Hitler og jeg".

I denne teksten vil eg vurdere og informere om eit utdrag frå romanen «Morfar, Hitler og eg» av Ida Jackson som er å finne i «Rein tekst» av Foreininga !les. Sjølve romanen er gitt ut av forlaget Aschehoug i 2014.

Dette er ei bok som gir uttrykk for Ida sine opplevingar rundt oppdaginga av at hennar morfar var SS soldat og redaktør for «Germaneren», den norske SS-avdelinga sitt ideologiske tidsskrift. Dermed kan ein seie at det er ein biografi som både handlar om morfaren til Jackson, Per Pedersen Tjøstland, og forfattaren sine tankar og refleksjonar rundt dette.

Dette er eit verk som skil seg tydeleg ut frå andre biografiar og romanar om andre verdskrig, og som dermed blir interessant på ein heilt annan måte. Ida Jackson inviterer oss med på ei reise inn i ho sjølv der ho slit med å foreine den gode, trygge morfaren sin og denne SS-soldaten ho gir det meir distanserte namnet Per Pedersen. Ho tek oss med frå starten då ho kom over ein Wikipedia-artikkel om morfaren som avslørte noko ho nærmast aldri hadde høyrt om før.

Det er modig å tørre å dele familiehistoria på den måten ho gjer. Ikkje berre må ho kjempe mot familiemedlemmer som ikkje ønskjer at dette kjem fram, ho er og inne i ein sorgprosess over tapet av morfaren og legg ut om seg sjølv på ein måte mange andre ikkje ville våge, både draumar og tankar vert detaljert skildra.

Eg synest spesielt desse innslaga av draumane hennar gir teksten ein heilt ny dimensjon og får den til å verke langt meir interessant og spennande enn den elles ville vore. For all del, mykje av det andre stoffet er og godt, men det kan i lengda bli tungt å ta inn all informasjonen om SS og krigen. Dette er ei bok som og gir ein pusterom og som eg meiner kan vere aktuell for mange av dei (inkludert meg) som tykkjer at krigsromanar ofte blir svært tunge til trass for interesse for temaet.

Forfattaren formulerer seg på ein jordnær og lett måte som og gjer det lettare å kome seg gjennom stoffet, og draumane er med på å skape nysgjerrigheit og spenning rundt kva svar ho i ettertid har funne. Dei er og med på å dra lesaren inn i nettet av kjensler og forvirringar som forfattaren opplever: «Morfar har brun skjorte og jernkors i knapphullet. Han har skitten hjelm og sølete støvler. Han klemmer meg slik han pleide å klemme meg – altfor hardt. Jeg vet jeg må spørre ham om krigen, men jeg greier det ikke. Jeg er glad for å se ham. Jeg gråter mot SS-uniformen hans.»

Alt i alt kan eg ut frå utdraget eg har lese konkludere med at dette er ei bok eg gjerne kunne tenke meg å lese. Dette er mest av alt grunna det interessante nye konseptet der vinkelen er ein helt annan enn hos andre bøker om same tema, og det faktum at den og er forholdsvis lettlest.

Morfar,-Hitler-og-jeg