Poesislam på Kuiper-lansering

Då Kuiper lanserte sitt nyaste nummer (som både er eit tidsskrift og ein roman!), nytta ein også høvet til å organisere ein slam.

Skrevet august 25, 2010 i Poesislam Legg inn kommentar

Vann: Hans Christian Van Nijkerk vann slammen under Kuiper-lanseringa på Verdsteatret i Tromsø.

Vinnaren blei Hans Christian Van Nijkerk, student ved Kunstakademiet i Tromsø.

Kafeen på Verdsteatret i Tromsø var stappfull lenge før slammen starta, som fem staute deltakarar hadde meldt seg på. Dei tre beste frå runde to gjekk vidare til runde 3.

Vinnar Christan Van Nijkerk vann eit festivalpass til Ordkalotten, Kuipers siste nummer/roman «La Blærekongen friste Dem til sengs og klype Dem kåt» og ei flaske cava frå baren. Det var god stemning og intense og varierte slammarar. Arrangørane håpar at deltakarar og publikummarar blei frista til å stille på delfinalen i NM i poesislam fredag 8. oktober på Cafè Sånn under Ordkalotten.

Dei andre deltakarane var:
Susanne Amalie Andersen (gjekk vidare til runde 3)
Liv Hanne Haugen (gjekk vidare til runde 3)
Veronika Erstad
Wibege Bruland

Therese Bakkevoll var konfransier og Ron-Harry Røstad kalibrerar.

Tid: Torsdag 19. august kl 19:00 2010
Sted: Verdsteatret kafè, Tromsø