PM: 15 000 elevar vil ha nynorsk litteratur

15 000 elevar på 7. trinn er klare til å lese nynorsk kvalitetslitteratur. Foreningen !les lanserer Tid for ti på Gloppen bibliotek onsdag 25. januar kl. 1200.

Skrevet januar 20, 2017 i Nyheter, Presse Legg inn kommentar

LOGO Tid for ti_2017_NETT_storPressemelding frå Foreningen !les måndag 23. januar 2017
Kontakt: Ole Ivar Burås Storø, tlf.: 480 03 448

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. Påmeldte elevar får ein antologi med utdrag frå ti nynorske ungdomsbøker. Opplaget er på 15 000 og aksjonen blei fullteikna ei veke før fristen.

– Interessen for Tid for ti tydar på at det er eit behov og eit ønskje frå skular i heile Noreg om meir nynorsk litteratur og eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Aksjonen blei starta i 2015 og er eit samarbeid med Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Så langt har den vore ein suksess.

– Foreningen !les har lang røynsle med nasjonale leseaksjonar, og saman med dei har Nynorsksenteret dei to siste åra nådd ut til 15 000 sjuandeklassingar over heile landet med gode ungdomsbøker på nynorsk. Tilbakemeldingane tyder på at prosjektet har gitt meir språkleg sjølvtillit til nynorskelevane, mindre fordommar mot sidemålet for bokmålselevane – og meir leselyst til alle, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Torgeir Dimmen.

I etterkant av lanseringa skal Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og lesegledarar reise rundt i fylket for å besøke skular saman med Foreningen !les og forfattar av Engel i snøen, Anders Totland. Fylkesbiblioteksjef, Siri Ingvaldsen, meiner folke- og skulebibliotek har ei sentral rolle i utviklinga av leselyst.

– Fritidslesinga har stor effekt på barn og unges lesekompetanse. Difor er det så viktig å innarbeide gode lesevanar tidleg. Folke- og skulebibliotek har utvalet av trykte og digitale tekstar, dei kan samtale med lesaren om det ho eller han har lese, og dei kan arrangere lesegrupper, forfattarmøte og skriveverkstader til dømes, seier ho.

Følgande bøker er med i Tid for ti 2017:
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl (Samlaget)
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget)
Engel i snøen av Anders Totland (Gyldendal)
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland (Samlaget)
Keeper´n til Tunisia av Lars Mæhle (Samlaget)
Rekrutten: grafisk roman av Robert Muchamore (Samlaget)
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund (Mangschou)
Veslebror ser deg av Cory Doctorow (Samlaget)
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo (Cappelen Damm)
Galderstjerna av Asbjørn Rydland (Samlaget)

Kontakt:
Ole I.B. Storø
Foreningen !les
Epost: ole@foreningenles.no
Tlf.: 941 29 000/480 03 448
www.foreningenles.no

Om Foreningen !les
Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som jobbar for å inspirere til meir lesing, og auka leseengasjement og interesse for litteratur blant barn, ungdom og vaksne. www.foreningenles.no

Om Tid for ti
Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. 15 000 elevar mottek ein antologi med utdrag frå tid nynorske bøker tilpassa målgruppa. www.tidforti.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. www.nynorsksenteret.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *