!les20: – Når er eit egg klart?

Foreningen !les feirer 20 år i 2017. I forbindelse med jubileet vil vi publisere tekster og hilsninger fra ulike aktører som har bidratt i foreningens arbeid med å fremme leselyst blant barn, ungdom og voksne.

Skrevet februar 27, 2017 i Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er en medlemsorganisasjon som ble etablert i 1997 som Aksjon Leselyst. Det var bokbransjen som tok initiativ til aksjonen på bakgrunn av manglende leselyst og dårlige lesevaner blant barn og ungdom. Siden starten har Foreningen !les utviklet seg til å bli blant Norges fremste formidler av litteratur for ulike målgrupper. Mange forskjellige aktører har vært viktige i utviklingen av foreningens arbeid. Vi takker alle sammen for det gode samarbeidet så langt og håper på mange fine øyeblikk i fremtiden.


Forrige veke skreiv Lars Petter Sveen om då han mista kontroll på Øystein Runde. I denne vekas tekst fortel Øystein sjølv kva som eigentleg skjedde. Øystein er forfattar, omsettar og teikneserieskapar. Han har blant anne bidrege i sakprosamagasinet Faktafyk, med forelesning under ein Barnebokkonferanse i Bergen og forfattarturné i regi av Foreningen !les.

«Eg les Lars si tekst med stor glede, og vil gjerne fylle ut detaljene i hans historie.

Først og fremst: Eg håper det er løgn at eg brukte similen «som eit egg». Den er upresis, for når er eit egg klart? Er det når ein kylling skal ut, eller er det når det har kokt i ei heilt vilkårleg mengde tid, basert på enkeltindividet sine dumme preferanser, fordi enkeltindividet ikkje veit at det beste er å ete egga rå, all den tid salmonellaverdiane i det gjeldande landet tillater denslags luksus? I så fall er jo egget alltid klart, det kan etast rett frå høneholet eller etter månader med lagring. Det er tøft, eit sånt egg kan eg stå for å vere, men det gjer jo munnhellet “klar som eit egg” veldig uforpliktande. I tillegg, egg har jo også den eigenskapen at dei kan sjå heilt fine ut, men vere råtne inni. Med andre ord er «klar som eit egg» både uoriginalt, uforpliktande og rotete. Eg håper eg ikkje sa det. Eg håper det er den prisvinnande, kritikarroste og internasjonalt bejubla forfattarstjerna Lars som lyg, lyg fordi han ser meg som sin einaste verdige motstandar, og at det ikkje er eg som berre slenger rundt meg med dumme kladeisar av vilkårlege ord.

Det med sokkelesten anar eg ikkje om er sant, eller kvifor det skjedde, men eg trur på det. Det er heldigvis sant at det var eit vellykka foredrag. Om eg hugsar rett, var det mitt overraskande solide «5000 år på 50 minutt, frå kileskrift til webseriar» som gjekk der. Eg starta i Babylon og gjekk inn på hieroglyffane og olmec-språket og aztek-språket. Eg starta med at tekst er fundamentet for mennesket sin kvalmt store suksess på jorda. Det godtok alle. Så brukte eg historiegjennomgangen til å overtale alle om at bilete og bokstavar er same ting. På eitt eller anna tidspunkt fekk eg alle til å gløyme at teikneseriar er barnsleg smell og pang. Dei var hjernevaska til å tru at teikneseriar er det viktigaste i sivilisasjonen. Deretter viste eg berre ruter frå favorittseriane mine, og blanda dei med mine eigne, for å forankre mine arbeid i ein verdshistorisk kontekst, så alle skulle synast eg var ein internasjonal, tidlaus gigant. Eg er usikker på korleis akkurat det virka, men eg fekk Akin Duzakin til å kicke på seriane til Chris Blain, og når du har gitt Akin Duzakin noko å kose seg med, då har du fortent å leve endå ein dag.

Ja, å verte stoppa på flyplassen med pistolen var irriterande. Eg hadde lånt den av ein kompis, Johannes Dag, til ein fotoshoot til steampunk-boka mi, «De Fire Store». På flyplassen viste det seg at pistolen framleis var i sekken min, ein Asperger-ryggsekk som eg har ALT i og nesten aldri er utan. Eg burde sagt «Skallmann-sekk» sidan den er som skalet hans og det er uetisk å slenge rundt diagnose-ord for komisk effekt, men eg går så mykje med den sekken at eg blir genuint bekymra.

Eg ringte Johannes og sa at eg måtte kaste den teite plastrevolveren, høflig og høgverdig som eg er. Den hadde vore i mitt eige i eit år allereie (å få til gode fotoshoots tek tid) så eg tenkte det berre var god stil å ta ein kjapp telefon før pistolen gjekk rett i søpla. Det viste seg då at Johannes hadde spart til den pistolen i eit halvt år, frå han var fire til han var fem, og at eg PÅ INGEN MÅTE kunne kaste pistolen i søpla. Vaktene nekta å ta vare på den, og det var for lang kø til å få postlagt den. Dermed gjekk flyet mitt, slik fly skal, medan eg sto utanfor avgangshallen og prøvde å gøyme Johannes sin barndomspistol i eit tre.

Det var elles ikkje forsinkelsen, og den torturen eg i min empati med Johannes utsette Lars for, som gjorde at Bergens-opphaldet mitt vart RART. Det rare var etter foredraget, då ein relativt liten mann med pirathatt og kjole og gitarkasse på ryggen kom forbi meg på gata og mangla stad å sove. Eg lot han sove på hotellromet mitt, for slikt gjer ein når ein er 80 % sikker på å vinne om det vert fysisk konfrontasjon. Korleis kvinner kan våge å ta med seg menn heim er framleis eit mysterium for meg.

Det RARE er ikkje det, for øvrig. Det RARE er at då han opna gitarkassa på kvelden, var den full av fleire kjolar, to par høghæla sko … og også ein bitte-bitteliten gitar. Det var rart. Og så var han kameramann for ei øko-aktivistgruppe som lagde porno for regnskogen, men det er faktisk ikkje rart, det er det mest fornuftige eg har høyrt nokon gjere.»